Alex Jeffrey Pretti (37) blei skoten og drepen av føderale agentar i Minneapolis laurdag. Dette var ikkje agentar frå ICE, men betjentar i grensepolitiet.
Om lag to veker tidlegare blei Renee Nicole Good (37) skoten og drepen av ein ICE-agent i Minneapolis.
Begge hendingane har leia til store protestar i USA mot ICE, som på kort tid har deportert nær 600.000 papirlause innvandrarar.
Denne saka tar opp:
- Kva må til for å bli agent for ICE?
- Kva opplæring får ICE-agentar?
- Har ICE-agentar immunitet?
- Skilnaden mellom ICE og andre føderale agentar
Dette har skjedd i Minneapolis
- Hva har skjedd i Minneapolis?
Alex Jeffrey Pretti (37) ble skutt og drept av føderale agenter under en føderal immigrasjonsoperasjon i Minneapolis lørdag 24. januar. Pretti var amerikansk statsborger bosatt i Minneapolis. Han jobbet som intensivsykepleier.
Det er uenighet om hva som skjedde før Pretti ble skutt. Det amerikanske sikkerhetsdepartementet hevder at Pretti var bevæpnet og viste voldelig atferd. De mener at agentene handlet i selvforsvar.
Videoklipp fra tilskuere viser imidlertid at Pretti holdt en mobiltelefon i hånden og ikke et våpen da en maskert Ice-agent skjøt og drepte ham, liggende på bakken. Mobilvideoene viser også at en pistol ble fjernet fra midjen hans før han ble skutt.
To uker tidligere ble trebarnsmor Renee Nicole Good (37) skutt og drept av en ICE-agent i Minneapolis. Good var amerikansk statsborger som observerte ICE. Hun ble skutt gjennom frontruten på bilen hun satt i.
Begge hendelsene har ført til store protester i hele USA. Det holdes også lysmarkeringer for Pretti og Good i flere amerikanske byer.
- Hvorfor er ICE og føderale agenter i Minneapolis?
I USA er makten delt mellom delstatene og føderale myndigheter. Sistnevnte har ansvar for saker som gjelder for hele landet.
ICE er den føderale etaten som håndhever lover om innvandring. Jobben deres er å etterforske, arrestere og deportere ulovlige innvandrere. ICE har eksistert siden 2003, men har blitt mer synlig etter USAs president Donald Trump sin andre presidentperiode. Trump har gitt ICE utvidet mandat og større budsjett.
Det har vært påstander om trygdesvindel i Minnesota. Det er påstander om barnehager driftet av somalisk-amerikanere som skal ha svindlet til seg store midler. Trump-administrasjonen tok grep, og ICE-agenter fikk i oppdrag å finne ut om det handler om ulovlig innvandring.
Samtidig ble rundt 2000 føderale agenter sendt til Minneapolis for å gjennomføre «den største innvandringsaksjonen noensinne», skrev nyhetsbyrået AP. Føderale agenter etterforsker og håndterer nasjonale sikkerhetstrusler.
- Hvorfor er det store protester i USA nå?
Drapet på Alex Jeffrey Pretti har ført til at store protester har blusset opp over hele USA mot immigrasjonspolitiet ICE.
I Minneapolis har demonstranter ropt skjellsord mot agentene, som har svart med tåregass og bruk av batonger. Det er ikke kommet meldinger om voldelige sammenstøt under demonstrasjoner i andre amerikanske byer.
Det var også store protester i hele landet etter at Renee Nicole Good ble skutt og drept.
Kva er krava for å bli ein ICE-agent?
Det siste året har ICE gjennomført ein nasjonal rekrutteringskampanje – noko som har gitt resultat med over 220.000 søkarar ifølgje immigrasjonspolitiet.
ICE har hatt ein historisk auke av nye tilsette på 120 prosent.
Det betyr at ICE tilsette 12.000 nye agentar og offiserar på under eit år, og består no av totalt 22.000 tilsette.
– ICE driv ein aktiv og aggressiv rekruttering for å auke styrken. Dei gjer så å seie ingen bakgrunnssjekk av kandidatar. Tilsettingane går føre seg veldig raskt.
Det seier jusprofessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo (UiO) til NRK.
ICE har fått utvida mandat og større budsjett etter at USAs president Donald Trump byrja sin andre presidentperiode.
Formålet er å masseutvise papirlause innvandrarar.
– Når agentane blir sendt ut på jobb får dei kvotar for kor mange dei må pågripe. Alt dette, saman med ein generelt offensiv og til dels aggressiv korpsånd, legg til rette for desperate tiltak og dårlege avgjerder, legg Graver til.
Mange amerikanarar har tatt til gatene for å vise sin motstand mot ICE.
Foto: SCOTT OLSON / AFP / NTBFor å rekruttere kommande ICE-agentar, har immigrasjonspolitiet freista med gode som:
- Ein signeringsbonus på opptil 50.000 dollar – det tilsvarar i underkant av 500.000 kroner
- Nedbetaling av studielån på opptil 60.000 dollar – det tilsvarar i underkant av 600.000 kroner
- Inntil 25 prosent i lønstillegg
- Ei forsikringspakke for blant anna helse og tannhelse
- Livsforsikring og gode pensjonsordningar
ICE-agentar blir også lova gode løningar, som kan variere frå i underkant av 50.000 dollar til nær 90.000 dollar per år.
Kva opplæring får ICE-agentar?
– Tenestepersonar i ICE er blant dei dyktigaste og mest erfarne politifolka i verda. Dei må gjennom omfattande trening og førebuingar før dei blir sendt ut i felt, skriv USAs tryggingsdepartement på sine nettsider.
Det er lite informasjon om kor omfattande opplæringa av ICE-agentar ved Federal Law Enforcement Training Center (FLETC) er.
Men tryggingsdepartementet opplyser på sine eigne nettsider om at «overflødige element» i treninga har blitt kutta.
Tryggingsminister Kristi Noem på ein pressekonferanse etter skytinga i Minneapolis laurdag.
Foto: AL DRAGO / AFP / NTBDen hurtige tilsettingsprosessen har fått kritikk for å ha mangelfull opplæring, skriv NBC News, The Atlantic og NPR.
Nye ICE-agentar får opplæring i underkant av 50 dagar – noko som tilsvarar litt under halvannan månad.
– Treninga er kort, det vil seie kortare enn nesten alle politiorganisasjonar. Til dømes krev Minnesota dobbel så lang opplæring av sine politifolk, seier Graver.
Ifølgje tryggingsdepartementet inneber treninga til nye ICE-agentar:
- Teknikkar for pågriping
- Defensive taktikkar
- Konflikthandtering
- Omfattande trening med skytevåpen
- Opplæring om maktbruk
Uniforma til ein ICE-agent.
Foto: JIM WATSON / AFP / NTBAgentar under ICE skal følge tryggingsdepartementet sine retningslinjer for bruk av makt – som er forankra i den amerikanske grunnlova.
Hovudregelen er at tenestepersonar berre kan bruke makt dersom «ingen rimelege, effektive og trygge alternativ er mogleg» og i forsvar av seg sjølv og andre.
I ICE sine retningslinjer står det at agentane kan «bruke makt når det er nødvendig».
Dei kan berre ta i bruk dødeleg makt dersom «tenestepersonen har rimeleg grunn til å tru at personen utgjer ein direkte fare for alvorleg personskade eller død mot tenestepersonen eller andre».
– Slik ICE har opptredd under Trump sin andre periode er utan sidestykke i tidlegare praksis. Dei har pågripe og halde folk utan at det finst ei godkjent avgjerd om det, seier jusprofessoren.
Trump-administrasjonen har støtta ICE sine handlingar med bortforklaringar, bagatellisering, sverting av offer og ved å hindre etterforsking, ifølgje Graver.
Følg utviklinga i USA her:
Har ICE-agentar immunitet?
Etter drapet på Good tidlegare i januar, gjekk USAs visepresident J.D. Vance ut og sa at agenten har «full immunitet» for jobben han utførte.
– Eg vil at alle ICE-agentar skal vite at dei har presidenten, visepresidenten og heile administrasjonen si støtte, skrei Vance i eit innlegg på X.
Nyleg gjekk Vance tilbake på si eiga utsegn og understrekar at hendingane blir etterforska.
– Vi etterforskar på ein måte som respekterer folk sine rettar og sikrar at dersom nokon har gjort noko gale, ja, då vil det bli sette i gang disiplinære tiltak, sa han under ein pressekonferanse.
J.D. Vance under ein pressekonferanse etter drapet på Pretti.
Foto: Evelyn Hockstein / Reuters / NTBStemmer det ICE-agentar ikkje kan bli straffa for lovbrot?
Det korte svaret er nei, men det er litt meir komplisert enn det.
Hovudregelen er at føderale agentar ikkje kan bli straffeforfølgt av delstatar for «nødvendige og riktige» handlingar som er del av deira føderale plikter.
– Det er riktig at føderale agentar har vern mot rettsleg forfølging, men det gjeld berre når dei faktisk handlar innanfor si juridiske myndigheit, seier jusprofessoren.
Innramma bilete av Alex Pretti ved staden han blei skoten og drepen av føderale agentar.
Foto: ROBERTO SCHMIDT / AFP / NTBGraver understrekar at delstatar kan etterforske og straffe føderale agentar når dei bryt delstaten sine lover.
– Ein grunn til at det er så viktig for Trump-administrasjonen å hindre dette, er at Trump ikkje har myndigheit til å benåde nokon som er dømt i ein domstol i ein av delstatane, legg Graver til.
Føderale påtalemyndigheiter kan tiltale føderale agentar for dødelege skyteepisodar, men terskelen er høg, skriv Reuters.
Minneapolis-ordførar Jacob Frey har retta krass kritikk mot ICE og Trump-administrasjonen etter hendingane i Minneapolis.
Foto: STEPHEN MATUREN / AFP / NTBTrump-administrasjonen og ICE har fått mykje kritikk for si handtering av hendingane i Minneapolis – både frå demokratar og republikanarar.
Fleire etterspør ei grundig og upartisk etterforsking på delstatleg og føderalt nivå.
Trump hevdar at demokratane som styrer i Minneapolis bør stå til ansvar for at Pretti og Good blei skotne og drepne.
Kva er skilnaden på ICE og grensepolitiet?
Både immigrasjonspolitiet (ICE) og grensepolitiet (U.S Border Patrol) er føderale agentar underlagt tryggingsdepartementet (DHS).
Immigrasjonspolitiet har ansvar for å etterforske, arrestere og deportere ulovlege innvandrarar i USA.
Medan grensepolitiet si hovudoppgåve er å hindre at menneske og varar kjem inn i USA vd landegrensene.
Det kan vere vanskeleg å skilje immigrasjons- og grensepolitiet frå kvarandre. Uniformene er nokså like, men markerer kva avdeling agenten tilhøyrer.
Foto: Ryan Murphy / Reuters / NTB og Stephen Maturen / AFP / NTBDei samarbeider også med immigrasjonspolitiet og er synleg i lokalsamfunn over heile USA.
Immigrasjonspolitiet blei sendt til Minneapolis for å etterforske ulovleg innvandring.
I tillegg blei mellom 2000 og 3000 føderale agentar sendt til byen for å hjelpe ICE.
Motstandarar av ICE forsøker no å stanse budsjettet til immigrasjonspolitiet.
Les meir om det her:
Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin podkast:
Publisert 27.01.2026, kl. 19.36













English (US)