Dette må Trump gjere for å sikre varig fred

3 hours ago 1



Donald Trump er snart på veg til Egypt og Israel. Der skal han følgje opp våpenkvileavtalen mellom Hamas og Israel som står i hans eige namn.

Ifølgje Trump sjølv skal avtalen vere slutten på 3000 år med konflikt og starten på «evigvarande fred» i Midtausten.

Han får applaus for arbeidet så langt. Men ekspertane er einige: mykje arbeid er att.

en person som holder et flagg og et flagg

I Egypt og i hamnebyen Sharm el-Sheikh førebur dei at den amerikanske presidenten skal kome på besøk.

Foto: KHALED DESOUKI / AFP / NTB

– Eg er uroa for at Trump ikkje har respekt for kompleksiteten i oppgåva administrasjonen hans har teke på seg.

Det skriv den amerikanske kommentatoren Thomas L. Friedman i The New York Times denne veka.

– Det er no jobben verkeleg startar. Det «lette» var å bli einige om denne avtalen. Det veldig kompliserte er vegen vidare, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust frå Ap.

  • en mann i dress og slips

Kva må Trump gjere framover for at det skal bli evigvarande fred, slik han har sagt?

– Utruleg

– Det var eit fantastisk stykke diplomati.

Den israelske kommentatoren Tal Schneider i Times of Israel sparar ikkje på rosen når ho snakkar om Trump sitt engasjement for avtalen til NRK.

  • En kvinne smiler mot kamera

    Tal Schneider

    • Politisk og diplomatisk korrespondent i Times of Israel

– Det vi har sett den siste månaden er utruleg, seier ho.

Ho legg til at det hadde vore på sin plass å gje Trump fredsprisen allereie i år.

en mengde mennesker som går

I Israel får Donald Trump takk og applaus for å fått på palss avtalen som sikra dei angjevelege 48 attverande gissela.

Foto: Shir Torem / Reuters / NTB

Den første delen av avtalen mellom Hamas og Israel inneber først og fremst at begge partar skal legge ned våpena, og gislane og fangane skal bli sette fri. I tillegg skal humanitærhjelp bli slept inn i Gaza.

  • Fire ikon av menneske. To og to saman, på høgre og venstre side. To piler mellom gruppene peikar kvar sin veg. Over menneska er det eit palestinsk flagg og eit israelsk flagg.

    Utveksling gissel og fangar

    Hamas skal frigi 20 attlevande gissel. Utvekslinga skal skje innan 72 timar frå avtalen trer i kraft.

    Israel skal frigi 2000 palestinske fangar.

  • Grafikken viser eit kart over Gaza til venstre i bildet. Seks soldatar står ved sida av kartet og ei pil peiker soldatane bort frå Gaza.

    Tilbaketrekking av styrkar

    Det israelske militæret skal gradvis trekkja tilbake styrkane sine.

    Fordrivne palestinarar får venda tilbake til Nord-Gaza og Gaza by.

  • Grafikken viser tre lastebilar som køyrer frå høgre mot venstre.

    Naudhjelp skal inn

    Minst 400 lastebilar med naudhjelp skal sleppe inn i Gaza dei først fem dagane. Etter det skal naudhjelpa auka gradvis, ifølgje Hamas. 

  • Grafikken viser eit raudt ark med nokre kvite striper på. Ein kvit penn signerer nedst på kontrakten.

    Fleire punkt gjenstår

    Både den israelske regjeringa og Hamas har godkjent fredsplanen, men første del inneheld få kjende detaljar. Punkt som avvæpning av Hamas og korleis Gaza skal bli styrt, gjenstår å diskutera.

I fase to av planen skal Israel trekke seg enno lengre ut av Gaza, Hamas skal avvæpnast og ein internasjonal styrke skal vere i Gaza for å sikre at alle held avtalen.

Så skal Gaza byggast opp att.

Den store tryggingsutfordringa

For israelarar er det tryggingsutfordringane med oppbygginga som uroar mest.

– Korleis sikrar vi oss at Hamas ikkje går tilbake til terror?, er eit særleg viktig spørsmål for Schneider.

Under oppbygginga av Gaza vil mykje byggemateriell bli frakta inn på kyststripa.

En jente står ved ruinene av en bygning som ble truffet av Israelske raketter i Rafah, i det som skal være en humanitær "trygg sone" ifølge Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Både menneska og bygningane i Gaza må bli bygde opp att etter to år med krig.

Foto: AFP

– Når ein startar å få inn byggemateriell, er ei stor uro for oss israelarar at terrororganisasjonen kjem til bygge opp att infrastrukturen sin med desse materiala, seier Schneider.

Ho legg vekt på at alle partar har ei rolle i å verne Israel i oppbygginga, men håpar Trump vil spele ei sentral rolle også her.

Det håpar statssekretær i utanriksdepartementet, Andres Kravik frå Arbeidarpartiet også.

  • en mann i dress
    • Statssekretær i utanriksdepartementet (Ap)

– Eg trur det er viktig at Trump engasjerer seg i avtalen også etter at den er signert, seier Kravik.

– For å få varig fred må særleg USA legge press på Israel for at dei ikkje kjem på unnskyldningar for å ikkje binde seg til avtalen.

Interessert i å følgje med på det som skjer i verda? Høyr podkasten «Urix» her, då vel:

Publisert 11.10.2025, kl. 20.06

Read Entire Article