Dieselbrølet viser korleis sosiale media spelar ei ny rolle i demokratiet

13 hours ago 3



GJESTEKOMMENTAR: Kva ville vår tids største politiske tenkjar ha sagt om DieselBrølet?

Kva ville tenkjaren Jürgen Habermas tenkt om diselbrølet, undrar Svein Erik Tuastad. Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Svein Erik Tuastad

    Svein Erik Tuastad

    Statsvitar og dr. polit., UiS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Den 20. mars vart Facebook-gruppa Dieselbrølet starta av Kay Omland frå Kvinesdal og andre som reagerte mot høge drivstoffprisar. Gruppa vaks raskt og har no eit par veker etterpå nærare 40 000 medlemmer. Leiaren Jan-Erik Rafoss i Dieselbrølet vart invitert til NRK debatten den 26. mars for å fortelje om køyr sakte aksjonane gruppa skulle ha dagen etterpå, fredag i helga før påske.

Det er jo ikkje sikkert at dei som roper høgast, har mest rett. Eg trur denne saka viser noko urovekkjande om sosiale media og demokratiet.

På Stortinget derimot gjekk det ikkje sakte – før den stille veka rakk Stortingsfleirtalet (Høgre, Frp, Sp og KrF) å bryte fartsgrensa for normal saksbehandling, audmjuke regjeringa og løyve 6,7 milliardar for å få lågare drivstoffprisar. Summen svarer til kva til dømes gratis barnehage for alle norske barn ville ha kosta. Om våpenkvila mellom USA og Iran no varer og oljeprisen held seg lågare, vil vedtaket sett i ettertid arte seg som forhasta.

Løyvinga braut truleg reglane for korleis Stortinget skal opptre, ifølgje Høgre-veteranen Michael Tetzschner. «At slike kostbare og opportunistiske forslag kan få fleirtal utan elementære utredninger og transparente prosessar, ser ut til å bli en akseptert del av vår politiske kultur», sa han.

Største politiske tenkjar

Veka før, den 14. mars, døydde Jürgen Habermas, som var vår tids viktigaste tenkjar om samfunn og politikk, vil eg påstå. Boka hans Borgarleg offentlegheit gjorde Habermas verdskjent (utgitt først i 1962). Den var om då offentlegheita – fellessamtalen i samfunnet og media – først vaks fram. I den siste ordinære boka til Habermas (Den nye offentlegheita, utgitt på norsk i 2023) var på ny grunnleggjande endringar i offentlegheita tema. No handla det om korleis samfunnsdebatten vert endra av sosiale media. Kva gjer den digitale medierevolusjonen med den offentlege samtalen – og demokratiet?

Det eg no skriv vidare, er ikkje ein faktisk samtale, men eit tenkt intervju. Eg bruker mellom anna den siste boka til Habermas for å prøve å forstå kva etterspelet til DieselBrølet seier om demokratiet vårt. Svara til Habermas er slik forankra i ulike tekstar av han, men utsegnene om DieselBrølet er naturlegvis mi frie fortolking.

– Jürgen Habermas, du meiner at eit inkluderande demokrati må bety at vanlege folk opplever respons frå politikarane om problema folk står i. Var det ikkje nettopp det vi såg med DieselBrølet? Politikarane reagerte jo raskt med store pengeløyvingar?

– Ein ting er å reagere. Men det er jo ikkje sikkert at dei som roper høgast, har mest rett. Eg trur denne saka viser noko urovekkjande om sosiale media og demokratiet. Konkret verka det som om dei som bråka mest, fekk best tilgang til politikarane i nasjonalforsamlinga – som forhasta seg. Det vart ikkje ei god prøving av argumenta. Men det er jo poenget med offentlegheita! Spørsmålet er om det vi såg, er eit teikn i tida.

Kva burde Stortinget si rolle ha vore då?

– Det er ingen andre stader i politikken til eit land der avgjerdene må vere meir velgrunna og balanserte enn i nasjonalforsamlinga. Vi må vere merksame på at det er denne grunngjevinga som knyt oss saman i eit demokratisk samhald sjølv om vi er usamde. God grunngjeving gjer det lettare å akseptere nederlag.

Eg må få minne om at i vår tid er politikken kompleks. Å ha ein opplyst debatt både i samfunnet og i dei politiske foruma vert då desto viktigare.

– Kvifor tenkjer du det?

– Det har med læring å gjere. For det som skjer i gode debattar, er at opposisjon tvingar fram argument for å forsvare politikken. Denne diskusjonen gjer oss alle klokare. Vi lærer, både borgarane, men også politikarane sjølve. Slik vert løysingane på sikt betre.

Men i saka du har vist til, såg vi vel det motsette. Lyttinga vart selektiv. Saka viser at det ikkje er utan grunn at nasjonalforsamlingane har strenge sakshandsamingskrav.

Men når du insisterer på betydninga av ei felles offentlegheit, er du litt utdatert? Fangar synet ditt opp den nye røyndomen i og med dei sosiale media som ein meir direkte kanal til politikarane?

– La meg svare med å bruke den Facebook-gruppa du har snakka om, som døme. Der, i den gruppa, er vel dei fleste samde? Om nokon seier dei i mot i den typen forum, vert dei fort oppfatta som svikarar for den gode saka snarare enn som viktige motstemmer. Det har vi sett. Men korleis skal dei kunne lære av kvarandre om alle har same syn? Og om dette vart den nye malen, kva vil knyte folk i ulike grupper saman i staden for berre å splitte?

Klarer vi oss i demokratiet utan ein felles samtale?

– Ei felles, redaktørbasert offentlegheit er rigga slik at vi må sjå eigeninteressa opp mot det felles beste. I desse smågruppene derimot gjeld berre eitt syn, der kan ein køyre på. I den felles offentlegheita vert det kravd av oss at vi opptrer også som medborgarar og appellerer til felles verdiar, og ikkje berre til den private eigeninteressa.

Det vil alltid vere usemje i samfunnet. Når det er slik: Utan ei felles offentlegheit ville det vorte vanskelegare å halde oppe eit sterkt demokratisk samhald.

Publisert:

Publisert: 12. april 2026 18:22

Read Entire Article