Tolluro har prega aksjemarknaden i fleire dagar no, men i det president Donald Trump sine tollsatsar tredde i kraft onsdag, skjedde noko nytt i marknaden.
Fleire kvitter seg med amerikanske statsobligasjonar, som gir seg uttrykk i eit byks i rentene.
Renta på amerikansk statsgjeld med ti års løpetid, den såkalla tiåringen, ligg på 4,38 prosent onsdag ettermiddag. I morgontimane var den oppe i 4,5 prosent. Berre for nokre dagar sidan låg den på 3,9 prosent.
DNB hadde måndag sin travalegaste dag sidan Ukraina-invasjonen. Her frå handelsgolvet til banken.
Foto: Milana Knezevic / NRKDette blir ofte kalla verdas viktigaste rente, fordi den påverkar andre renter og store delar av finansmarknaden. Bevegelsane blir sett på som kraftige.
«Exceptionally bad»
DNB-sjef Kjerstin Braathen tolkar dette som at investorar no treng pengar for å betale ned gjeld og lån dei kanskje har tatt opp for å gjere andre investeringar, for eksempel i aksjar.
– Men kan dette også bety at investorane har mista tillit til USA?
– Tilliten jamt over er sterkt redusert. Nokre seier at ein investerer i USA fordi dei er «exceptional», men no vil ein seie at dei er «exceptionally bad», seier Braathen, men legg til:
– Så trur ikkje vi at den sterkaste drivaren er eit ønske om å kome seg ut, men at det er behovet for likviditet for å ta ned gjeld.
– Dette har krut i seg som kan bringe oss inn, i verste tilfelle, i ein situasjon kor presset på marknaden blir så stort at dei ikkje vil kunne fungere godt, seier Braathen
Foto: Javad Parsa / NTBIkkje overraska
USA er heilt avhengig av at investorar vil låne dei pengar, for å kunne drifte staten. Skulle appetitten etter å kjøpe desse statsobligasjonane gå kraftig ned, vil det få alvorlege konsekvensar for heile verdsøkonomien.
Årsaka til at rentene går opp når investorar sel amerikansk statsgjeld, er for å prøve å lokke andre investorar til å kjøpe.
– Det er ein svært dramatisk situasjon. Det Donald Trump har utløyst no er ein kraftig skaking i heile handelssystemet, sa Støre til NRK under bankbesøket.
Foto: Javad Parsa / NTBSamfunnsøkonom Steinar Juel er ikkje overraska over det som skjer.
– Når aksjemarknaden går ned, så er det ein del som må prøve å selje ut det dei kan selje, og då blir det gjerne statsobligasjonar.
– Klart redusert tillit
Juel har tidlegare både jobba i Noregs Bank og Finansdepartementet, i tillegg til å vere sjeføkonom i Nordea. Han seier det same skjedde under finanskrisa i 2008.
– Først gjekk det gale med bustadobligasjonar, som gjorde dei umoglege å selje. Så gjekk ein vidare til å selje det ein kunne selje, nemleg statsobligasjonar, og rentene gjekk kraftig opp, seier Juel.
Samfunnsøkonom i Civita, Steinar Juel.
Foto: CF-WESENBERGLikevel vil han understreke at rentenivået på «tiåringen» enda ikkje er dramatisk høg.
– No er det stor usikkerheit rundt styringa i USA, og ein er ikkje like trygg på om USA lenger kan oppfattast som ei trygg hamn. Det er klart redusert tillit, seier Juel.
– Dette har krut i seg
Braathen har tidlegare vore nøye med å seie at det vi no ser i marknaden er veldig ulikt det som skjedde under finanskrisa i 2008.
– Men vi startar vel å sjå dimensjonar her, når kursane fell rundt 20 prosent på ei vekes tid?
– Dimensjonane er kraftige, og større enn på lenge. Men i motsetnad til finanskrisa, så er det i dag politiske avgjerder som ligg til grunn, avgjerder som kan reverserast.
– Men dette har krut i seg som kan bringe oss inn, i verste tilfelle, i ein situasjon kor presset på marknaden blir så stort at dei ikkje vil kunne fungere godt, seier Braathen.
Aksjemeklarar på New York Stock Exchange følgjer spent med på bevegelsane i marknaden onsdag.
Foto: TIMOTHY A. CLARY / AFP / NTBKan true investorar
Juel har med skrekk lese eit notat av ein av Trump sine økonomiske rådgjevarar, Stephen Mirran. Etter tollsatsar, er planen å gå laust på nettopp den amerikanske statsgjelda.
– Der står det at ein vil tvinge dei som allereie sit med statsobligasjonar til å akseptere lengre løpstid, til lågare rente, seier Juel.
– No lurer alle på om ein verkeleg skal tru på dette, eller om dette berre er høgttenking. Når vi ser at tollsatsane slår til, bidreg det til at ein blir meir uroa for finansmarknadane også.
I førre veke annonserte Donald Trump toll på varer frå fleire land, og hadde med seg ei lang liste over tollsatsane på talarstolen. Onsdag tredde fleire av dei i kraft.
Foto: Carlos Barria / Reuters / NTBDet er både statar, sentralbankar, forsikringsselskap og pensjonsfond som har mykje pengar investert i amerikanske statsobligasjonar. Også Oljefondet har mykje pengar investert i desse verdipapira.
– Korleis skal Trump klare å tvinge desse dårlege vilkåra gjennom?
– Dei kan ende opp med å true med å fryse pengane som ein allereie har investert, eller true med at USA ikkje vil trygge dei militært, om dei ikkje vil gå med på det.
Publisert 09.04.2025, kl. 17.57