Død kronhjort hadde plast i magen: – Skjer for ofte, seier økolog

1 month ago 28



Då dei opna magen på den døde hjorten, blei dei møtt av små og store bitar av plast.

– Plasten har nok på eit eller anna vis vore med og hindra næringsopptak, seier Magnus Frøyen om det døde dyret.

Han er ansvarleg for viltforvaltninga i Kinn kommune. Kronhjorten vart funnen på øya Reksta vest for Florø.

Sjølv om magen var full av mat, var nemleg dyret kraftig avmagra.

I tillegg til å hindre næringsopptak, kan plasten ha ført til at gass ikkje sleppte ut av magen.

Plasten stammar mest truleg frå rundballar som blir brukt i landbruket, seier Frøyen.

Han understrekar likevel at dei ikkje kan slå fast akkurat kva som var dødsårsaka til hjorten.

Firdaposten skreiv først om plasthjorten.

Forskar: – Skjer for ofte

Det ikkje er uvanleg å finne rundballeplast i magen på hjort, seier økolog og forskar Stein Joar Hegland ved Høgskulen på Vestlandet.

– Det skjer for ofte. Diverre.

For dyr har ein tendens til å ete ting som dei trur er mat. Plast eller bitar frå drikkeboksar av aluminium og stål kan gjere stor innvendig skade.

– Hjorten er på jakt etter mat, og dersom plasten enten sit rundt rundballen eller ligg laust saman med litt lukt, er det veldig freistande for hjorten å ete på det, og få i seg plast.

Hegland seier plasten stoppar fordøyingssystem. Hjorten kan då svelte i hel, eller bli kvelt.

– Difor er det så utruleg viktig at ein tek vare på landbruksplasten. At ein ikkje lar den flyte rundt omkring.

Hjort har spist av rundballer i Søndre Land.

Her har hjorten åte av rundballar i Søndre Land

Foto: Privat

Bondelaget: Jobbar for gode ordningar

Leiar i Vestland bondelag Gry Ingvild Agjeld seier at det er synd at landbruksplasten kan føre til dårlegare dyrevelferd.

– Det er veldig leit. Vi ønsker verkeleg ikkje at skal skje, at plast kjem på avvegar.

Bondelaget gjer fleire tiltak for å unngå både at plast kjem på avvegar og at ville dyr gnagar på rundballar.

Til dømes kan bøndene sette opp gjerde rundt rundballane eller lagre dei nærmare husa.

I tillegg er det tilrettelagt med innsamlingar, der 86–87 prosent av all plasten som blir selt ut blir samla inn igjen.

– Vi jobbar heile tida for å sørge for at det er gode ordningar for å samle inn plasten som blir brukt.

Publisert 13.03.2025, kl. 06.02

Read Entire Article