– Det er grovt og avansert.
Det sa statsadvokat Eli Reberg Nessimo i rettssaka mot mannen i 20-åra.
Mannen er no dømd til elleve år i fengsel for å ha valdtatt fire av sine tidlegare kjærastar over ein periode på elleve år i bygda Oppdal.
– Han har systematisk tatt kontroll over jentene og deira sosiale liv. Han har brote dei ned gjennom måten han har behandla dei på, sa Nessimo i retten.
Mannen var sterkt ueinig og nekta straffskuld. Han ankar dommen, opplyser forsvarar Linn Haug Holm til NRK.
Adresseavisen omtalte dommen først.
Statsadvokat Eli Reberg Nessimo bad om 12 år i fengsel for mannen.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Vedvarande og mønsterprega kriminalitet
I dommen legg retten fleire skjerpande moment til grunn og trekk fram at det er fleire fellestrekk på tvers av dei fornærma.
Retten skriv at saka gjennomgåande er prega av fysisk tvang.
– Dette gjev samla sett eit sterkt preg av vedvarande og mønsterprega kriminalitet, skriv tingrettsdommar Eirik Lereim.
Mannen er også dømd til å betale totalt 1,3 millionar kroner i oppreisingserstatning til dei fornærma.
Dommen frå tingretten er einstemmig.
Tingrettsdommar Eirik Lereim og statsadvokat Eli Reberg Nessimo under rettssaka i Trøndelag tingrett.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKAnker dommen
Tiltalte erkjenner ikkje straffskuld og forsvarar Linn Haug Holm bad om at han blei frifunnen.
– Det har vore turbulente kjærastforhold, sa forsvarar Linn Haug Holm i retten.
Men det er langt frå nok til at mannen er skulding i forholda beskriven i tiltalen, ifølge Holm.
– Det låg eit grunnleggande samtykke i botn og fornærma var i stand til å motsette seg det.
Det er altså klart at mannen no ankar dommen.
Forsvarar Linn Haug Holm og medforsvarar Eirik Svingen Bjørgo under rettssaka mot mannen.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Har rotta seg saman
Den tiltalte mannen stiller seg helt uforståande til skuldingane frå kvinnene og nekta straffskuld.
Under forklaringane sine i retten har han forklart seg om forholda han har hatt til dei tidlegare kjærastane sine.
Ei av kvinnene forklarte i retten at han kunne bli sint og ein gong kasta eit vassglas mot henne.
– Eg lurer på om ho blandar saman med eit anna forhold ho hadde før meg. Ho kjem med historier frå det forholdet om at han raskt blei sint og kasta ting etter ho, sa tiltalte i retten.
Tiltalte synest det er rart alle skuldingane kom samtidig og i lang tid etter forholda var over. Han meiner dei fire kvinnene samarbeider om skuldingane mot han.
– Det verkar som dei fire har rotta seg saman. Alt kjem samtidig. Heilt ut av det blå, sa han og peikte på at visste at to av dei har møtt kvarandre i fritidssamanheng.
Men dette var statsadvokat Eli Reberg Nessimo ueinig i, og meiner mannen ikkje har ei plausibel forklaring.
– Dei står saman opp mot uretten dei har opplevd. Det handlar ikkje om noko meir enn det, sa Nessimo i sin prosedyre.
Publisert 22.05.2026, kl. 21.59 Oppdatert 22.05.2026, kl. 22.02












English (US)