Dømt for millionsvindel av romsdalskvinne

5 hours ago 4



Det heile starta i februar 2025. Då skal den eldre kvinna ha blitt ringt opp av ein mann som sa hevda at han heitte «Pål» og var frå Kripos.

Kvinna skal så ha fått beskjed om at nokon hadde vore inne på bankkontoane hennar og at ho måtte samarbeide for at pengane ikkje skulle gå tapt.

Ho skal også ha fått beskjed om at ei kvinne som heitte «Helle», som var frå Interpol, skulle komme for å hjelpe.

Dagen etter møtte ei dansk kvinne i 50-åra opp på døra hennar.

No er denne kvinna dømt til fengsel i to og eit halvt år i Nordmøre og Romsdal tingrett.

– Retten legg til grunn at bedrageriet er av ein alvorleg karakter. Det dreier seg om eit planlagt og systematisk bedrageri retta mot ein eldre og særleg sårbar person. Framgangsmåten har vore utspekulert og profesjonell, står det i dommen.

Ho er dømt for alt ho var tiltalt for:

– Ankar

Forsvarar til den danske kvinna, Kenneth Leren, seier dei vil anke dommen.

– Ho er ueinig i dei faktiske premissane, i rettsbruken og straffeutmålinga, seier han. Leren legg til at arbeidet med å førebu ei anke startar no.

Kvinna nekta straffskuld gjennom heile rettssaka.

Kenneth Leren

Den danske kvinna sin advokat, Kenneth Leren.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Millionsvindel

Den danske kvinna er dømt for å ha medverka til ein millionsvindel, for å ha hevda ho var frå politiet og for å ha lurt med den eldre kvinna til Tyrkia.

Ho er dømt for eit grovt bedrageri som gjeld tap eller fare for tap av nesten 4,6 millionar kroner.

Kvinna er også dømt for å ha medverka til å ta opp lån på rundt ein million i den fornærma sitt namn.

Lovbrota meiner politiet har skjedd som ledd i aktiviteten til ei organisert kriminell gruppe.

Romsdalskvinna stod i fare for å miste nesten heile si oppsparte formue i svindelen.

Retten legg også vekt på at den eldre kvinna var under streng kontroll i ei veke

Dei har også lagt vekt på den psykiske belastinga hendinga påførte den fornærma, særleg i ettertid.

– Ho var fråteke sin reelle fridom til å bevege seg som følge av eit konstruert narrativ skapt av gjerningspersonane, står det i dommen.

Sjekka Snapchat

Under rettssaka forklarte den fornærma kvinna i 70-åra at ho hadde fått beskjed om at ho måtte ta opp lån for å kjøpe ei leilegheit i Tyrkia.

Kvinna skal ha fått forklart at det skulle vere med på å avsløre dei som hadde tatt pengar frå ho.

Den eldre kvinna så ha fått beskjed om å reise til Tyrkia utan å fortelje nokon om det.

Rundt 3,4 millionar forsvann ut av kontoen hennar. Dette skal ha blitt overført inn på ein tyrkisk konto.

I tillegg skal beløpsgrensa på kontoen henna ha blitt endra og det skal ha blitt tatt opp fleire lån i namnet hennar. Rundt éin million stod også til forfall.

Familien til den eldre kvinna oppdaga etter kvart at ho ikkje var i heimen sin i Romsdal. Då dei heller ikkje fekk kontakt med ho på telefon, blei dei bekymra.

Dei sjekka så kartet i appen Snapchat og blei sjokkerte då dei såg at kvinna var i Tyrkia.

– Eg tenkte at det ikkje kunne stemme og at det måtte vere ein feil. Så usannsynleg var det, forklarte dottera til den fornærma i retten.

Avslørt av handletur

Under rettssaka kom det fram korleis politiet hadde greidd å plassere den danske kvinna i Romsdal.

Mellom anna hadde den fornærma fortalt politiet at tiltalte hadde kjøpt fleire boksar med pålegget Nøtte, og tatt det med til huset hennar.

Pålegget blir berre selt på enkelte butikkar.

Hyller med pålegg på Coop på Skøyen i Oslo.

Pålegget Nøtte gjekk ut av produksjon i slutten av 2025.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Politiet fann etter kvart eit kjøp på ein butikk i Molde som passa. Kvinna hadde betalt med kortet sitt og dermed kunne dei spore det.

Ho blei også fanga på overvakingskamera.

Dansk kvinne tiltalt for svindel

Politiet greidde å knyte kvinna til Romsdal etter at ho hadde handla pålegget Nøtte og rundstykke på ein butikk i Molde.

Foto: Politiet

Politiet fann også DNA-et til kvinna på fleire gjenstandar heime hos den fornærma.

Nektar straffskuld

Den danske kvinna nekta straffskuld under heile rettssaka.

Kvinna sa at ho berre skal ha reist til Noreg fordi ho hadde fått truslar frå bakmenn mot seg og eit familiemedlem.

Ho hevda også at ho prøvde å hjelpe den eldre kvinna.

Politiet har ikkje greidd å identifisere personen som kalla seg «Pål» og sa han var frå Kripos.

Fornøgd med avgjerda

Den dømde må også betale romsdalskvinna rundt 140.000 kroner i erstatning, og sakskostnader på 15.000 kroner.

Bistandsadvokat Peter Engebjerg seier at dommen er i tråd med det han meiner er eit riktig resultat.

– Det er også ein godt formulert og grunngitt utgreiing for oppreisingserstatning, og korleis denne saka har påverka min klient.

Advokat Peter Engebjerg

Peter Engebjerg er bistandsadvokaten til kvinna i 70-åra frå Romsdal.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Dømt i Danmark

Tidlegare i år blei kvinna dømt, saman med andre, for liknande forhold i Danmark.

Ho har anka denne dommen og nektar straffskuld.

Publisert 10.06.2026, kl. 14.48 Oppdatert 10.06.2026, kl. 15.55

Read Entire Article