Vebjørn sat på med nokon som seinare brukte bilen til å laga ein vegblokade i ein klimademonstrasjon. No er han dømt for «psykisk medverknad».

Publisert 10.06.2025 19:00
Vebjørn Bjelland Berg er dømt i Oslo tingrett, etter han sat i ein bil som blei brukt som vegblokade i ein klimademonstrasjon.
Ifølge han sjølv hadde han ingen rolle i aksjonen, og stod på fortauet då det skjedde.
– Det eg syns er problematisk er kva dette kan bety for folk som tilfeldigvis er til stades og støttande til sivil ulydnad, seier Bjelland Berg til TV 2.
Han meiner han er uskuldig sidan han ikkje bidrog i aksjonen.
Retten meiner han må dømast for «psykisk medverknad».
Klimademonstrasjon i 2024
I februar 2024 var det nemleg ein aksjon i regi av Extinction Rebellion utanfor energikonferansen Oslo Energy Forum.
Demonstrantane parkerte ein bil med ein fastlåst tilhengar på tvers av vegen. Dei gjekk vidare ut av bilen og stilte seg i vegen med bannarar for å uttrykka motstand mot grønvasking av olje- og gassindustrien.
Bjelland Berg var ikkje ein av desse, men er likevel dømt til å betala ei bot på 10.000 kroner.
Han gjekk ut av bilen før aksjonen starta, og filma deler av det, utan at dette var avtalt med aksjonistane.
29-åringen er nabo til ein av dei som deltok i aksjonen, og stadfester at han sat i bilen då dei køyrde ned mot konferansehotellet.
– Kva forhold har du til organisasjonen i dag?
– Eg har vore mykje med dei og demonstrert, så det er ingen tvil om at eg har vore deltakande i sivil ulydnad i andre tilfelle. Men det er problematisk at eg skal straffast i dette tilfelle. No er eg dømt berre fordi eg sat i ein bil og er støttande til aksjonismen generelt, seier Bjelland Berg.

Forsvararen hans, Joar Berg Henjum, stadfester at dommen skal ankast.
– Han ankar for å få avklart om ein verkeleg kan straffast for å gjera noko så minimalt, seier Henjum.
«Psykisk medverknad»
Ifølge dommen, som TV 2 har fått tilgang til, er det sentrale spørsmålet i denne samanhengen om Bjelland Berg har psykisk medverka til brot på vegtrafikklova.
Han filma nemleg delar av aksjonen med mobilen. I denne samanhengen er psykisk medverknad tilfelle der «tiltalte har positivt tilskynda til handlinga eller styrka gjerningspersonen».
Retten understrekar at Bjelland Berg var kjent med aksjonen, og likevel valde å vera passasjer i bilen som skulle brukast i vegblokaden.
Han er tidlegare dømt for å ha delteke i andre vegblokadar, og var klar over konsekvensane, ifølge dommen.
Dei to andre aksjonistane får langt høgare bøter enn kva Bjelland Berg får. Dommen var einstemmig.