– Om eg kunne lært den bikkja å legge seg i buret for eit år sidan, hadde eg ikkje hatt dette problemet. Kvifor har ingen sagt det før?
Jeanette Sandvik ler av seg sjølv, men då det stod på som verst, sat ikkje latteren like laust.
For stova til familien i Varteig i Sarpsborg var nærast ein kamparena.
Ei diger grind delte rommet i to. Den sju år gamle pomchien Stella heldt til på den eine sida. På den andre var to år gamle Lilli, ein maltipoo.
Blei grinda ståande open, var risikoen for «drapsforsøk» stor.
Hatet mellom dei to hundane var intenst, og så fort dei hadde moglegheit, sette dei tennene i kvarandre.
– Det var eit helvete, seier matfar Aleksander Hansen.






Stella og Lilli måtte få familietid på omgang.
Inspirert av TikTok
«Einebarnet» Stella var fem år då Jeanette fann ut at det var på tide å gi henne ei firbeint søster.
Aleksander Hansen og Jeanette Sandvik blei heilt på felgen av slåstinga til hundane.
Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRKIdéen kom etter at ho hadde sett den eine videoen etter den andre på TikTok. Der blei daffe hundar livlege og glade når dei fekk sin eigen pelsvenn.
Ho var overtydd om at det same kom til å skje med sofaslitaren Stella.
Dermed blei knøttet Lilli ein del av familien, og kvardagen var prega av lykke og harmoni i om lag ni månader.
Så sa det plutseleg stopp.
Stella (til høgre) var fem år gammal då kvalpen Lilli kom til familien.
Foto: Privat / PrivatUt av det blå gjekk søstrene laus på kvarandre med glødande hat i blikket.
Mot alle menneske var hundane framleis snille og greie, men dei tolte ikkje kvarandre lenger.
Slåstinga styrte omtrent alt, fortel matmor og matfar, og etter meir enn eit år med kaos var dei ganske frynsete.






Dei to søstrene hadde eit ampert forhold.
På plass!
Då dei melde hundesøstrene på «Fra bølle til bestevenn», var familien utsliten av all bjeffing og slåsting.
Den store draumen var å bli kvitt grinda som delte stova i to, men Aleksander og Jeanette visste ikkje kva dei skulle gjere for å endre situasjonen.
Hundetrenar Maren Teien Rørvik har god kontroll på sine eigne firbeinte.
Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRKSamtidig innrømmer dei at dei ikkje var veldig flinke til å trene hundane. Når alt kom til alt, hadde dei eigentleg ikkje gjort nokon ting.
På camp hos hundetrenar Maren Teien Rørvik gjekk det derfor berre sånn passe bra i byrjinga.
– Dei hadde gitt opp å få til ei løysing. Det var førsteinntrykket, seier Maren.
Ho fortel at noko av det viktigaste østfoldingane måtte lære var å forstå hundespråk, slik at dei kunne sjå når ein heftig krangel var i ferd med å utvikle seg.
Og når dei fekk vite korleis dei skulle jobbe, og resultata kom raskt, blei det veldig gøy.
– Då vi fekk beskjed om at det var heilt enkle grep som skulle til, måtte eg le litt, seier Aleksander.
Maren viser Aleksander og Jeanette korleis dei skal få hundane til å bli på plassen sin.
Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRKOg kva var dei enkle grepa?
Jo, å få kontroll over hundane. Lære dei å gå inn i kvart sitt bur og bli på plassen.
Men slikt kjem ikkje av seg sjølv.
Slenger drit
– Eg trur ikkje vi såg eit einaste menneske på fleire månader, for det var berre hundetrening. Det er vanskeleg å innsjå kor mykje jobb det krev, fortel Jeanette.
Kvar dag heldt dei på i timevis.
Hundetrenar Maren jobbar med å få Lilli, Stella og eigarane deira på rett kjøl.
Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRKStella er fornøgd når søstera Lilli er eit stykke unna.
Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRKLilli er glad når ho får springe fritt.
Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRKSøstrene kjefta ofte på kvarandre.
Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRKDei to kranglefantane har mykje å lære.
Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRK
Både Jeanette og Aleksander seier det same som hundetrenaren – at noko av det viktigaste dei har lært er kommunikasjon. Ikkje seg imellom, men mellom hundane og dei.
No forstår dei litt meir av kva Stella og Lilli prøver å seie, noko som gjer det lettare å stoppe søskenkranglinga før det tar heilt av.
Maren fortel at ho er imponert over kor mykje paret har fått til.
– Dei trena meir enn nesten nokre andre eg har opplevd før. Eg trur til og med dei kom i betre form sjølv fordi dei begynte å farte så mykje ute med hundane og stimulere dei på ein fantastisk måte.
Hundeforeldra har også skjønt at dei to firbeinte faktisk ikkje hatar kvarandre likevel. Dei er berre veldig ulike, og seier ofte mykje stygt til kvarandre. Med andre ord er dei som søsken flest.
Men at den pelskledde søskenflokken blir utvida er lite sannsynleg, seier Jeanette.
– Ikkje fleire hundar! På ingen måte. Aldri i livet. Eg har slutta å sjå på hundevideoar på TikTok.
Korleis det går med familien og dei to sinnataggane kan du sjå i «Frå bølle til bestevenn»:
Publisert 29.04.2026, kl. 11.11









.jpg)







English (US)