Dreiv ulovleg skiheis på snowboardcamp for barn: – Eit alvorleg og overlagt brot

9 hours ago 1



– Dette er eit alvorleg og overlagt brot på taubanelova, konstaterer Statens jernbanetilsyn i eit ferskt vedtak.

Etter at skisenteret på Folgefonna kollapsa i sommar, står eit havarert anlegg igjen på den smeltande breen.

Men no har ein heilt anna og langt mindre heis – sett opp av ein snowboardcamp – fått Jernbanetilsynet på nakken.

Det forlatte og havarerte skitrekket på Folgefonna blir dels slukt av innsjøen som har åpenbart seg i bunnen av isbreen. Smeltingen har skjedd fort i sommer.

SMELTAR: Etter konkursen i vinter har aktiviteten stoppa opp i skianlegget på Folgefonna. Det har gjort at store deler av bretunga har smelta. Sommarcampen blei arrangert i juni, i området til høgre i biletet. Dette biletet er tatt i september.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Søkte aldri om tautrekk

For konkursen fekk også konsekvensar for sommarcampen Folgefonna Snowboard & Skicamp. Campen, som er for barn mellom 10 og 17 år, har blitt arrangert sidan 1995.

Sidan sommarskisenteret ikkje var i drift på grunn av konkursen, reklamerte campen allereie i mai for årets satsing:

Dei ville montera eit 150 meter langt tautrekk som skulle frakta utøvarane opp til toppen av campområdet.

Deltakarar på sommarcampen i det 150 meter lange tautrekket.

TAUTREKK: Det 150 meter lange tautrekket i drift under sommarcampen på Folgefonna i juni.

Foto: Skjermdump/Pål Bentsrud

Pål Bentsrud, som driv enkeltmannsføretaket som arrangerer campen, varsla jernbanetilsynet om planane 6. mai. Tre veker seinare fekk han beskjed om å søka om driftsløyve før tauet kunne takast i bruk.

Søknaden kom aldri.

Instagram-innlegg viser korleis tautrekket på Folgefonna vart planlagt, marknadsført og til slutt tatt i bruk – samstundes som Statens jernbanetilsyn (SJT), ifølge vedtaket, fleire gongar åtvara mot at det mangla driftsløyve.

Tilsynet: – Sa heisen ikkje var i bruk

Då heisen starta opp 23. juni, tok tilsynet kontakt. Ifølgje vedtaket forklarte Bentsrud at tauet berre var testa og ikkje skulle brukast under campen. To dagar seinare fekk tilsynet videoar som viste det motsette: skitauet var i full drift, med fleire barn som passasjerar.

Då dei prøvde å få kontakt, nekta arrangøren for at heisen var i bruk, skriv SJT. Først etter eit formelt pålegg 26. juni stadfesta Bentsrud skriftleg at drifta var stansa.

No vurderer tilsynet eit lovbrotsgebyr på 35.000 kroner.

Dei kategoriserer drifta av heisen som eit overlagt og alvorleg brot på taubanelova og taubaneforskrifta.

Screenshot med rødmerking av teknisk årsak til stengig av tauheis på Folgefonna

Først 27. juni, dagen etter at Bentsrud hadde svart at han ville rette seg etter påbodet, skreiv arrangørane på Instagram at dei måtte stoppe drifta – ikkje på grunn av tilsynet, men fordi dei hadde fått «tekniske vanskar». Det er to medarrangørar til campen som står bak Instagram-kontoen, ifølge Bentsrud.

Foto: Skjermdump/ / fonna_summerpark

– Handla i god tru

I sitt svar til tilsynet legg Bentsrud seg flat og beklagar hendinga. Han seier dei handla i god tru og trudde arrangementet fall inn under eit unntak, sidan det ikkje var ope for publikum.

Han meiner tryggleiken var ivaretatt, med nødstopp, vakthald og skilting, og at risikoen for uhell var låg.

Ski- og snøbrettkjørere i et midlertidig tautrekk på Folgefonna. En skipark med flere hindere og hopp i bakken til høyre for trekket.

GJORDE TILTAK: Pål Bentsrud har sendt skjermbilde i sitt tilsvar som viser at det var montert nødstopp i anlegget.

Foto: Skjermdump/Pål Bentsrud/Folgefonna Snowboard & Ski Camp

Vidare peikar han på at brotet var kortvarig, og at eit gebyr på 35.000 kroner vil vere uforholdsmessig hardt for eit lite enkeltpersonføretak.

«Den preventive effekten er derfor allerede oppnådd», skriv han og understrekar at dei vil følgje regelverket framover.

Bentsrud synest det er synd at tilsynet vel å straffa ein sommarcamp som har skapt aktivitet i området i 30 år.

– Alle kan gjera feil. Me er eldsjeler som ønsker aktivitet på Folgefonna også i framtida, seier han til NRK.

Bilde av en nedmontert tautrekk på parkeringsplassen på Folgefonna. I bakgrunnen synes isbreen og skicampområdet hvor tautrekket var i bruk

NEDMONTERT: Campen fekk pålegg om å dokumentera at tautrekket var nedmontert.

Foto: Skjermdump/Pål Bentsrud

– Svært alvorleg at nokon vel å bryte lovverket med overlegg

Sidan tilsynet ikkje har tilgang til årsrekneskapen, har dei tatt utgangspunkt i prisen på deltakaravgifta når dei har bestemt storleiken på gebyret.

I år var prisen for campdeltakinga 5400,- kroner. Ifølge Bentsrud var det mellom 50 og 60 påmelde.

Tilsynet meiner Folgefonna Snowboard & Ski Camp bevisst valde å omgå regelverket, og at dette er ei av hovudårsakene til at lovbrotsgebyret er varsla.

– Det er svært alvorleg at nokon vel å bryte lovverket med overlegg, så ja, gebyret er mellom anna grunna med at Folgefonna Snowboard & Ski Camp medvite valde å omgå dette, skriv seniorrådgjevar Ellen Kjeld Johnsen i SJT i ein e-post til NRK.

Tilsynet legg til at dei sjeldan brukar lovbrotsgebyr, men:

– Det er heller ikkje så vanleg at verksemder driv taubanar utan driftsløyve.

SJT har enno ikkje teke endeleg stilling til om gebyret blir ståande.

Publisert 21.10.2025, kl. 13.40

Read Entire Article