– Eg som skal kjøpe håpar ikkje på rentekutt

1 month ago 12



Sverre Walle er på leiting etter «eit lite krypinn in byen».

Leilegheita han ser på er 25 kvadratmeter og har pris på 3,8 millionar kroner.

– Eg som skal kjøpe håpar ikkje på rentekutt akkurat no. Det har vore veldig trykk på marknaden, så om renta ikkje går ned håpar eg det kan roe seg litt, seier Walle.

Sidan nyttår har det vore fart i salet av små leilegheiter i Oslo.

Prisane auka både i januar og februar. Mange bustader har blitt kuppa og det har vore tett med folk på visning.

Men dei siste to vekene har trykket letta.

NRK har snakka med fleire meklarar som seier at kundane avventar og at det har vore færre folk på visning.

– Eg trur det har med renta å gjere, seier Madeleine Nyberg Andersen, i Sem & Johansen.

Madeleine Nyberg Andersen frå Sem & Johnsen har visning å Bislett i Oslo folk avventar kva som skjer med renta

I vinter har eigedomsmeklar Madeleine Nyberg Andersen selt mange små leilegheiter i Oslo, men dei siste to vekene har det vore færre på visning.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Har signalisert kutt

Det har ikkje vore så mykje spenning rundt ei renteavgjersle på årevis.

Noregs Bank har peika mot 27. mars sidan før jul. Klokka 10 får vi vite kva styringsrenta blir framover.

Rentebanen viser at det ligg an til kutt. Det trudde også dei fleste økonomar inntil nyleg.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

Men tala frå SSB viser at prisane auka 3,6 prosent på eitt år.

I tillegg er arbeidsløysa lågare enn sentralbanken hadde sett føre seg. I førre veke kom ein rapport som viser at næringslivet har tru på gode tider.

– Desse tre faktorane talar for å utsette rentekutt, seier professor Ragnar Torvik.

Han forklarer mekanismen som Noregs Bank må ta omsyn til.

  • Høg rente: Bremsar økonomien. Då har folk mindre pengar igjen etter at dei har betalt bustadlånet sitt og bedrifter har mindre pengar å investere for.
  • Låg rente: Gir gass i økonomien. Då har både folk og bedrifter meir å rutte med og det fører til at prisane stig fortare.

Ragnar Torvik

Professor i samfunnsøkonomi ved NTNU, Ragnar Trovik, trur som dei fleste bankprognosane at Noregs Bank droppar rentekutt no.

Foto: NRK

No trur 9 av 12 bankar at sentralbanken vil halde renta i ro. Det viser ei oversikt frå TDN Direkt.

– Noregs Bank må sørge for at prisutviklinga er så nære målet på 2 prosent som mogleg. Og dei må sørge for ei balansert utvikling i norsk økonomi, seier Torvik.

– Kvifor kan sentralbanken ha interesse av å bremse norsk økonomi?

– Vi kan ikkje berre skuffe på. Vi har avgrensingar i økonomien for kor mykje vi kan produsere og for kva aktivitetsnivå vi kan halde over tid.

Torvik er trygg på at svært låg rente ikkje ville vore bra slik økonomien er i dag.

– Då ville det vore fare for at inflasjonen ville ta av. Det ville kokt i arbeidsmarknaden og i bustadmarknaden. Historia har vist oss at slike situasjonar har ein tendens til å ende med ein krasj, seier Torvik.

Laber interesse

Madeleine Nyberg Andersen hadde venta meir interesse for leilegheita på Bislett i Oslo.

Ho trudde det ville bli kø ned trappa, men den einaste potensielle kjøparen som kom var Sverre Walle.

Han står fast på at han håpar renta blir liggande.

– Om du får kjøpt da?

– Ja, då kan den godt gå ned, seier Walle og trekker på smilebandet.

  • Sverre Walle på visning på Bislett i Oslo folk avventar kva som skjer med renta

    Walle håpar Noregs Bank ikkje kuttar renta før han har fått kjøpt.

  • Visning å Bislett i Oslo folk avventar kva som skjer med renta

    Det var tydeleg merka...

  • Visning å Bislett i Oslo folk avventar kva som skjer med renta

    Men ingen smakte på bollane.

  • Visning å Bislett i Oslo folk avventar kva som skjer med renta

    Eigedomsmeklar Madeleine Nyberg Andersen var litt overraska over at det ikkje kom fleire på visninga.

Publisert 27.03.2025, kl. 07.02 Oppdatert 27.03.2025, kl. 07.29

Read Entire Article