Egil André og Bente tapte i ting­retten: No må dei flytte

7 hours ago 1



Egil Andre Finstuen, Bente Brenden og ein tredje bebuar i bufellesskapet Furuholtet i Nordre Land var stemna for retten av eigen kommune.

Kommunen vil flytte dei tre til Landmo omsorgssenter for å spare pengar, og sa difor opp leigeforholdet ved Furuholtet.

Men bebuarane og deira pårørande nekta å flytte.

Korkje Egil eller naboen Bente har språk til å seie akkurat kva dei meiner. Derfor er det dei næraste pårørande som snakkar deira sak.

– Det er heilt forferdeleg dersom dei må flytte, sa Randi Brenden Bjørnerud til NRK i november.

Ho er søster til Bente.

– Dette er heimen hennar, sa ho då.

– Det er her ho får hjelp og tryggleik.

To personer interagerer ved et bord i et kjøkken. Den ene personen holder en hånd mot den andres arm. Det er tallerkener og drikke på bordet, og lys fra vinduet skaper en koselig atmosfære. Kjøkkenet har enkle møbler og interiør.en kvinne som sitter i rullestol

Egil André og Bente treng hjelp med det meste. I leiligheitane i Torpa kjenner dei seg trygge.

Oppseiinga er gyldig

Tysdag etter påske vart dommen offentleg.

Den slår fast at oppseiinga av dei tre er gyldig.

«Retten har komne til at oppseiinga er sakleg grunngjeven, og at det ikkje er urimeleg å gjere ho gjeldande. Oppseiingane er ikkje funne i strid med CRPD artikkel 19. Oppseiinga av dei tre saksøkte er derfor gyldig.»

Dei saksøkte har peika på nettopp CRPD som grunngjeving for at oppseiinga må underkjennast.

Tre personer sitter sammen i et rom. Den ene har på seg en svart jakke med en synlig knapp. Det er en person i rullestol til venstre og en annen person som holder en gjenstand. I bakgrunnen er det bilder på veggen og interiørdetaljer.

Anna Ekrem leiar lokallaget av NFU i Nordre Land. Ho er sjølv frå Torpa og kjenner dei tre bebuarane godt.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Anna Ekrem leiar lokallaget av NFU i Nordre Land. Ho er sjølv frå Torpa og kjenner dei tre bebuarane godt.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Anna Ekrem er leiar for Norsk Forbund for Utviklingshemmede i Nordre Land. Ho har støtta bebuarane i retten.

Ho meiner konvensjonen slår fast at personar med utviklingshemmingar sjølv har rett til å bestemme kor dei skal bu.

Ho er svært skuffa over dommen.

– Det var ein veldig trist beskjed å få, og for så vidt også uventa.

Ho viser til ei liknande sak frå Stange der Trond Posaasen vann fram i retten og får bli buande i bufellesskapet sitt.

I dommen, som vart kjent i dag, heiter det at «tilbodet ved flytting er likeverdig, samt at flytting vil gje få negative konsekvensar så lenge den blir gjennomført på ein skånsam og omsynsfull måte».

Vidare står det at «kommunen sitt behov for styring for å sikre alle tenestemottakarane gode og berekraftige løysingar både i dag og framover må vege tyngre enn ynskja til dei saksøkte om å bli buande».

Ekrem meiner dette berre gjeld helsetilbodet. Ho er samd i at dette blir like godt ved flytting, men meiner dommen ikkje tar nok omsyn til at butilbodet skal vere like godt.

Fem personer står eller sitter inne i et rom. To menn og to kvinner står bak to menn som sitter i rullestoler. Kvinnen til høyre har en oransje knapp på jakken. Bildet er tatt innendørs. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Egil André og Bente i fellesstova på Furuholtet saman med Ole Edvard Finstuen, Randi Brenden Bjørnerud og Anna Ekrem.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– I dag bur dei i kvar si leilegheit. Tilbodet frå kommune er det eg vil kalle ei institusjonseining; eit litt utvida sjukeheimsrom i ein tidlegare demensavdeling.

Ho meiner at det er lagt for lite vekt på at dette skal vere bebuarane sin heim.

– Vi er på veg tilbake til før omsorgsreforma på 1990-talet, og rett tilbake til institusjonstankegangen der økonomi og effektivisering trumfar alle individuelle behov.

Vurderer anke

Ekrem fortel at ho og dei pårørande skal ha eit møte ein av dei aller næraste dagane.

Då skal dei vurdere kva dei skal gjere vidare.

– Det er absolutt mogleg at vi kjem til å anke saka, seier ho.

Ola Tore Dokken er ordførar i Nordre Land kommune.

I november innrømma han at dette er ei vanskeleg sak.

– Ja, særdeles, og me har brukt lang tid på den. Men dette er berre ein av mange krevjande saker Kommune-Noreg står ovanfor, sa han då.

En mann iført en beige jakke sitter ved et bord i et kontormiljø. I bakgrunnen er det rammede tegninger på veggen. Mannen ser mot kameraet og har en utydelig ansiktsdetalj. Det er en klokke synlig på veggen over ham.

Ordføraren i Nordre Land; Ola Tore Dokken.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Ordføraren i Nordre Land; Ola Tore Dokken.

Foto: Arne Sørenes / NRK

No vil han ikkje kommentere saka før den er rettskraftig, men peikar på KS-advokat Frode Lauareid. Han har ført saka på vegne av Nordre Land kommune.

– Vi er sjølvsagt nøgde med at retten har konkludert slik retten har gjort, seier Lauareid.

Han meinar det er viktig at dommen legg vekt på at kommunen har eit større ansvar ut over dei tre bebuarane denne saka handlar om:

– For kommunen er det eit samla samfunnsansvar som ein skal vareta. Det at kommunen har eit totalt samfunnsansvar her, har tingretten sett og vektlagt. Det meiner vi er veldig viktig, og også veldig riktig.

Publisert 07.04.2026, kl. 14.58 Oppdatert 07.04.2026, kl. 15.54

Read Entire Article