– Her ser vi ei innskrenking av den redaksjonelle fridommen, og dermed ei innskrenking av pressefridommen.
Det seier Gunn Enli, professor i medievitskap ved UiO, til NRK.
Gunn Enli
- Professor i medievitenskap ved UiO
Tidlegare i veka skulle talkshowvert Stephen Colbert ha den demokratiske politikaren James Talarico som gjest i programmet sitt.
Det blei ikkje noko av.
– Eg oppfattar at det i praksis har det vore eit forsøk på sensur her, seier Sigurd Allern, professor emeritus ved UiO.
Stephen Colbert rasar mot eigen arbeidsgivar.
Foto: ANGELA WEISS / AFP / NTBFrykta reaksjonar
Colbert leier «The Late Show» på CBS.
Han hevdar å ha fått beskjed av advokatane til TV-kanalen om at Talarico ikkje kunne komme på lufta.
Ifølge Colbert fryktar CBS reaksjonar frå USAs medietilsyn (FCC), som blir leia av Trump-utnemnde Brendan Carr.
– Det er heilt openbert at presidenten ønsker å bruke FCC meir aktivt, meiner Allern.
Sigurd Allern
- Professor emeritus i journalistikk ved UiO
I dette tilfellet har kanalen tilsynelatande innfridd FCCs ønske, til Colberts frustrasjon.
Endra maktforhold
Media og politikarane i USA har tidlegare vore gjensidig avhengige av kvarandre, men forholdet er i endring, ifølge Enli.
– Politikarane fått eigne kanalar i sosiale medium der dei kan nå ut til veljarane. Dei er ikkje lenger like avhengige av å nå fram gjennom media, seier Enli.
Trump bruker stadig sitt eige sosiale medium «Truth Social» for å kommunisere med veljarar.
Foto: Dado Ruvic / Reuters / NTBPlutseleg er dei ikkje like avhengige av kvarandre, og maktforholdet blir skeivt.
– Trump har gjennom heile den politiske karrieren si snakka ned media. På denne måten mistar media sin autoritet og legitimitet, seier Enli.
Enli og Allern er samstemt om at Trump bygger ned pressefridommen i USA.
Dei får støtte av medievitar Jessica Yarin Robinson, ved UiO.
– Presidenten teiknar eit fiendebilde av media, og har gjort det mykje vanskelegare for journalistar å gjere jobben sin, seier Robinson.
Jessica Yarin Robinson
– Livredd for å legge seg ut med Trump
Sidan bransjen er strengt regulert, har politiske avgjerder mykje å seie for medieselskapa.
– Denne saka er eit klassisk eksempel på ein konflikt mellom redaksjonell fridom og kommersielle strategiske omsyn, seier Enli.
Dei store medieselskapa driv med politisk sensitiv verksemd, og vil derfor vere tent med godvilje frå presidenthald, forklarer ho.
Oppkjøp og fusjonar er politisk sensitiv verksemd – verksemd som det amerikanske konkurransetilsynet (FTC) vil gå i saumane.
Tech-milliardær og Trump-venn Larry Ellison (81) i Det ovale kontoret. Han er faren til Paramount-sjef David Ellison.
Foto: Evan Vucci / AP / NTBColberts arbeidsgivar, TV-kanalen CBS, er eigd av det store mediekonsernet Paramount Skydance.
Paramount er stadig med i kampen om å kjøpe opp Warner Bros Discovery-konsernet.
Trump har lova å ha ein finger med i spelet ved eit eventuelt Warnes Bros-sal.
– Det er klart at selskapet er livredd for å legge seg ut med Trump på noko punkt, seier Allern.
Stephen Colbert er ferdig i CBS i mai, det blei kjent i juli.
– Det er ikkje tilfeldig, for dei vågar ikkje ha ein kritisk liberal journalist av den typen i lengda. Han kan øydelegge for dei langsiktige kommersielle interessene deira, meiner Allern.
Skal ha fått «juridisk rettleiing»
Colbert har valt å publisere intervjuet med James Talarico på YouTube, der det har fått fleire millionar av visningar.
James Talarico kjempar om å bli Demokratanes kandidat til Senatet ved mellomvalet i Texas.
Foto: Eric Gay / AP / NTBCBS svarer at dei ikkje har nekta Colbert å sende intervjuet, og at dei berre har komme med juridisk rettleiing.
– Når eit selskap gir beskjed om at eit intervju kan få omfattande negative juridiske konsekvensar, så er det å oppfatte som eit tungt ønske om at det ikkje må sendast, seier Allern.
Den juridiske rettleiinga det er snakk om, gjekk ut på at kringkastaren var bekymra å bryte «equal-time»-regelen.
Robinson meiner at FCCs krav er innanfor rimelege grenser.
– Kravet om at «equal-time»-regelen skal gjelde for talkshow – som jo er underhaldning – er ikkje heilt urimeleg.
Programleiar Colbert på si side, er ueinig i rimelegheita til kravet.
– Dei (CBS) fortalde meg at eg måtte følge reglane om lik sendetid, noko eg aldri har blitt beden om å gjere i eit intervju dei 21 åra eg har hatt denne jobben, sa Colbert i programmet sitt tysdag.
– Kvifor ønsker Trump-administrasjonen plutseleg å gjere om på unntaket?
– Det er fordi han oppfattar at talkshowa er veldig venstrevridne, seier Robinson.
Interessert i meir frå verda? Høyr Utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 22.02.2026, kl. 22.30














English (US)