Ei lærebok er nok, meiner rektor. Han talar regjeringa midt imot

2 hours ago 1



– Det er éi bok per elev: norsk lesebok. Til skriving og grammatikk brukar me digitale læreverk og kladdebøker.

Kjetil Norland er rektor på den største barneskulen i Askøy kommune. Han viser NRK dei fysiske lærebøkene som elevane på Kleppestø har.

Eller rettare: den fysiske boka.

– Lesing er nøkkelen

Norske barn og unge er blitt dårlegare til å lesa.

Arbeidarpartiregjeringa meiner mykje av grunnen er at grunnskulen brukar for mykje digitale læremiddel og for få handfaste lærebøker.

– Éi bok er altfor lite. Kommunen må ordna opp i dette og gi elevane fleire bøker i fleire fag, slik at dei faktisk kan få betre læring, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Det å kunna lesa er nøkkelen til å gjera det godt i fleire fag.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) besøkte Askøy-skular hausten 2024. Ho sit ved eit langbord og snakkar med tre jenter. Ein gut sit med laptop i forgrunnen.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (i midten) besøkte Askøy-skular hausten 2024.

Foto: Privat

Skjermbrukutvalet konkluderer mellom anna med at bruk av skjerm og skrolling gjer det vanskeleg å halda seg konsentrert og få oversikt. Utvalet leverte rapporten sin i november i fjor.

Rapporten konkluderer med at det er meir krevjande å lesa lange og komplekse tekstar på skjerm enn på papir.

Men rektor Norland meiner digitale læremiddel har ein viktig fordel.

– Det er veldig ulikt kva elevane lærer best av, og kvar dei er i læringa si. Det er veldig nyttig med digitale lisensar for å tilpassa undervisninga betre til kvar elev. Det er ikkje fysiske lærebøker på same måte.

Fem stablar med lærebøker i norsk for grunnskulen. Bøkene ligg stabla nede på golvet.

Læreboka i norsk lesing er den einaste handfaste papirboka elevane får på Kleppestø barneskule.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vanskelegare å hjelpa heime

Fleire foreldre er kritiske til at barna berre får éi fysisk lærebok. Kristi Gullberg har ei dotter i sjette klasse på Kleppestø.

– Når ein les på skjerm, er det vanskeleg å konsentrera seg. Ein blir fort distrahert og hoppar litt frå det eine til det andre. Det er også vanskelegare for foreldre å hjelpa med leksene, seier Gullberg og legg til:

– Men skulen vel likevel å satsa på dei digitale bøkene.

Kristi Guldberg sit foran ein vindusvegg og ei betongsøyle.

– Mange foreldre har vore frustrerte på at skulen har stadig færre papirbøker, seier Kristi Guldberg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Her får du NRKs tips til gode barne- og ungdomsbøker!

«Lesemilliarden»

I fjor gav regjeringa 300 millionar i øyremerka pengar til fysiske skulebøker, altså knappe 500 kroner per elev. I forfjor 100 millionar kroner.

Nå i valkampen lovar partiet éin milliard kroner dei neste fire åra.

– Valflesk, når de ikkje har fått til dette etter fire år?

– Me har gitt pengar øyremerkt til fleire fysiske læremiddel, men må gjera endå meir, seier kunnskapsminister Nordtun.

Men ein ny rapport frå Riksrevisjonen viser at ein av fem grunnskulelærarar seier at dei manglar nødvendige læremiddel.

Nesten halvparten av skuleleiarane i grunnskulen meiner dei ikkje har økonomisk handlingsrom til å oppdatera læremiddel i tråd med nye læreplanar.

Rapporten viser vidare at mange elevar med lærevanskar og andre utfordringar ikkje får dei læremidla dei treng.

Strusshamn barneskule på Askøy

Strusshamn skole gir kvar elev 5–7 lærebøker, medan Kleppestø barneskule berre har éi bok per elev.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Naboskulen satsar på bøker

1700 meter i luftlinje frå Kleppestø barneskule ligg Strusshamn skule. Der har rektor Randi Olsen sørga for at alle elevar får fysisk lærebok i både norsk, matte og engelsk. I tillegg har mellomtrinnet bøker i naturfag og samfunnsfag.

– Elevane likar å lesa i bøker, seier ho.

– Føretrekker oppdaterte lærarar digitalt, og gammaldagse lærarar bøker?

– Nei, lærarane brukar dette veldig side om side. Nokon brenn for digitalt og andre brenn for bøker. Generelt har me likevel god balanse mellom det digitale og fysiske bøker.

Rektor Randi Olsen på Strusshamn barneskule på Askøy. Ho smiler og står med kvit genser ved eit bord med mange stablar av ulike lærebøker.

Strusshamn-rektoren viser dei sju bøkene som ein av femteklassane har.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Skulane må få velja

Ordførar på Askøy, Yngve Fosse frå Høgre, meiner skulane må få velja kor mykje dei brukar digitale eller fysiske læremiddel.

Men han er fornøgd med at hans eigne barn – som går på Strusshamn skule – får mange lærebøker å bla i.

– Eg synest miksen på skulen vår er god.

Ordførar Yngve Fosse, H, Askøy kommune.

Askøyordførar Yngve Fosse (H) vil ikkje tvinge fleire fysiske lærebøker inn i grunnskuleundervisninga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Rektorane på Kleppestø og Strusshamn er einige om at det er lærarane, og ikkje politikarane, som skal bestemma fordelinga av skjerm og papir i undervisninga.

Kunnskapsminister Nordtun understrekar likevel at regjeringa si «lesesatsing» er viktig:

– Tilbakemeldingane frå fleire lærarar rundt omkring er at dei trenger fleire bøker. Det vil me halda fram med å styrka og satsa på.

Publisert 26.08.2025, kl. 09.34 Oppdatert 26.08.2025, kl. 09.57

Read Entire Article