Når Noreg skal spele VM-kamp midt på natta kan det bli vanskeleg å få nok søvn. Familien Engeberg var ikkje i tvil om korleis dei skulle få det til.
Publisert 22.06.2026 22:05
– Det kan bli tøft på skolen i morgon, seier Millian Engeberg (12).
Han, som fleire nordmenn, skal legge seg tidleg i dag for å få med seg skjebnekampen mot Senegal i natt.
Er du også «fucked» før Norge-kampen i natt? Gjør dette
TV 2 kjem til Engeberg-familien sitt hus klokka 18, og dei skal akkurat til å ete kveldsmat.
Men å snu døgnet er ingen enkel oppgåve.
– Det blir jo vanskeleg å sovne med ein gong, fordi du gleder seg til kampen, seier Millian.
Syster Lana (9) er einig.
– Det er uvant å legge seg så tidleg, seier ho.
– Eg berre spurte
Det er ikkje alle barn som får sjå VM her i landet. Men for Millian kravde det ikkje mykje for å overtyde foreldra.
– Norge har så vidt vore med i VM. Eg berre spurte, så fekk eg lov.
Far Andreas ler litt.
– Eg veit ikkje kvifor me sa ja til dette, eg. Men me er jo ein veldig fotballinteressert familie. Og det er som Millian seier, når Noreg er med etter så mange år så må me jo få dette til, seier han.
Mor Kristin er heilt samd.
– Eg tenker det er ein sjølvfølge at alle barn skal få sjå VM. Når me utvidar skjenketidene for vaksne, så må iallfall barna få lov til å vere oppe midt på natta.
– Det er mange år sidan sist, og det kan kanskje vere den einaste gongen på lang tid dei for oppleve dette.
Håpar på søvn
Men det er usikkert om dette vil mest vanskeleg for barna eller dei vaksne.
– Eg drakk den siste kaffikoppen min for to timar sidan, så me får sjå om eg får til å legge meg. Men eg er mest spent på desse her, seier Andreas og kikkar på barna.
Kristin ser for seg at det vil bli lettare for dei små.
– Eg trur det kjem til å gå greitt for barna, eg trur det er verre for oss vaksne. Men eg trur me får det til, me gler oss veldig.
Men då er jo det store spørsmålet: Skal dei halde seg vakne etter kampen og?
– Eg håpar eg får til å sove etter kampen, men etter førre kamp var eg så gira at det tok litt tid. Det er mogleg me ikkje sovnar før vekkarklokka ringer, seier Kristin.
Lana er samd med mora.
– Etter kampen trur eg det blir tøft å legge seg, seier Lana.
Men dette er ikkje eit problem for Millian. I motsetning til resten av familien har han nemleg ikkje tenkt å legge seg etterpå.
– Då skal eg sjå kampen klokka fem, Jordan mot Algerie, humrar han.







English (US)