Ein mann er død etter båtkantringa ved Kråkenes fyr søndag kveld.
Ein annan mann ligg kritisk skadd på Haukeland universitetssjukehus der han får behandling.
Dei pårørande er informert, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Den tredje personen er framleis sakna.
Dei tre involverte er alle menn og har tysk statsborgarskap. To av dei er i 70-åra og den tredje er i 60-åra.
Kystvakta søker etter den tredje sakna
Per no er det berre «KV Bergen» frå Kystvakta som søkjer etter vedkommande.
– Vi har no gått over til å søke etter truleg omkomen person, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt like etter klokka 05.00.
Ifølge Bjarte Mong, redningsleiar på Hovudredningssentralen,(HRS) står politi og lege bak vurderinga.
Årsaka er forholda på staden og at det har gått mange timar sidan hendinga skjedde.
Politiet har no ansvaret for oppdraget.
– Vi vil etter kvart vurdere å utvide søket, både til havs og til lands. Per no er det ukjent kva ressursar som blir sett i verk, opplyser Kolltveit i politiet.
Søket blir etter kvart leia av politiet i Måløy og det er etablert ein pårørandekontakt.
Frakta til Haukeland
Alarmen gjekk søndag kveld klokka 18.23.
Då blei HRS varsla om at ein skjærgårdsjeep hadde blitt funnen drivande med kjølen opp ved Kråkenes fyr.
Helikopter, båtar og leitemannskap på land blei kalla ut.
Det var tre personar om bord i båten, som er ein utleigebåt.
Den første personen blei plukka opp av redningshelikopter klokka 20.39.
Knappe to timar seinare, klokka 22.17, bekrefta HRS at endå ein hadde blitt henta opp.
HRS er ikkje kjent med kor lenge dei tre personane låg i vatnet før den blei funne, men ifølge opplysningar reiste båten ut etter klokka 11.00 sundag føremiddag.
Dei to blei frakta til Haukeland universitetssjukehus med ukjent skadeomfang.
Ifølge politiet blei den eine personen funne med redningsvest, medan den andre var utan.
I 22-tida i går kveld tok Kystvakta over som koordinator for aksjonen.
Redningsskøytene «Kristian Gerhard Jebsen» og «Simrad Buholmen SRK» er med på redningsaksjonen.
Søket over i ny fase på morgonkvisten
I løpet av natta har det vore nokre søk i sjøen.
Ifølge HRS har det vore greie søkeforhold, men det var verre tidlegare på dagen.
Ifølge HRS er det greie vêrforhold på staden no, men at det begynner å blåse opp.
Kor tid båten kantra i går er ukjent. Difor er det uvisst korleis vêret var i forkant.
Men utover søndag ettermiddag var det greie forhold, seier Mong i HRS til NRK.
Redningsaksjon er sett i gang ved Kråkenes fyr utanfor Måløy.
Leigde fiskebåt
Ti båtar og fire helikopter var med i søket søndag kveld, i tillegg til mannskap på land.
Ei rekkje sivile båtar tok også del i aksjonen. Samtidig var frivillig mannskap kalla ut for å hjelpe til i søk langs land.
Redningsselskapet, fleire sivile båtar, brannvesenet, Røde Kors, redningshelikopter og luftambulanse har bidrege så langt i aksjonen, seier operasjonsleiar Hausvik.
Den kantra båten er ein utleigebåt i forbindelse med fisketurisme.
– Utleigaren har stadfesta at båten gjekk ut tidlegare i dag med tre personar om bord, opplyste redningsleiar Hans Jakob Gulliksen til NRK tidlegare søndag kveld.
– Båten låg opp ned
Det var Atle Kråkenes som varsla redningsmannskapa etter at han fekk auge på det han trudde var ein liten båt.
– Men eg synest det var for dårleg vêr til at nokon kunne vere ute og fiske i dag. Så såg eg litt nærare og då såg eg at båten låg opp ned. Då ringde eg redningsmannskap, seier Kråkenes.
Han bur sjølv på Kråkenes.
Publisert 04.05.2025, kl. 20.21 Oppdatert 05.05.2025, kl. 08.59