Éin million til betre kollektiv på tvers av fylkesgrensa

2 days ago 8



Fylkesrådet vil styrke kollektivtilbodet i Ofoten og mot Troms, skriv dei i ei pressemelding.

– Vi skal rydde opp i hindringane for eit godt kollektivtilbod. Det er jo ingen grunn til at fylkesgrensa til Troms skal vere eit hinder for å utvikle samferdselen i heile regionen.

Det seier fylkesrådsleiar Marianne Dobak Kvensjø i Høgre.

Både innbyggarar og næringsliv har løfta fram ei rekke utfordringar, som manglande samordning av rutetider og bilettsystem.

Derfor set dei no av 1 million kroner til ei utgreiing av kollektivtilbodet i Ofoten og grensekommunane mot Troms.

Denne skal gi eit kunnskapsgrunnlag for forbetring.

Read Entire Article