Eit halvt år med «fred» i Gaza: – Dagleg blir folk skotne og drepne

6 hours ago 2



Fredag er det eit halvt år sidan Israel og Hamas vart samde om ein våpenkvile i Gaza.

Likevel held kampane fram, melder Al Jazeera.

Medan verdas auge har vore retta mot Iran dei siste vekene, har Israel bomba Gaza nesten dagleg, ifølgje Al Jazeera.

Israelske styrkar har angripe Gaza over 2000 gongar sidan starten av våpenkvila i oktober i fjor, melder avisa.

To palestinske menn ble drept av et israelsk angrep torsdag.

Ei mor sørgjer over si drepne son i Gaza.

Foto: Dawoud Abu Alkas / REUTERS,NTB

Folk blir drepne dagleg

Ifølgje helsestyresmaktene i Gaza er over 700 palestinarar drepne i løpet av våpenkvila. Nesten 2000 personar skal vere skadd.

Feltlege Morten Rostrup kallar situasjonen i Gaza «uleveleg».

Han var sjølv på jobb på Al Aqsa-sjukehuset i fjor haust.

– Det er faktisk verre forhold på sjukehuset no, enn då eg var der for eit halvt år sidan. Pasientar døyr fordi vi ikkje har riktig utstyr.

– Dagleg blir folk skotne og drepne, hevdar legen.

Morten Rostrup var TV-gjest hos NRK Nyheter 090426

– Pasientar døyr fordi vi ikkje har riktig utstyr, seier lege Morten Rostrup i Leger Uten Grenser.

Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Avtalen mellom Israel og Hamas la til grunn at meir naudhjelp og medisinsk utstyr skulle komme inn på Gaza. Det har ikkje skjedd, meiner Rostrup.

Han seier at forsyningar over grenseovergangane i stor grad framleis blir stoppa av israelske styrkar.

– Det er viljen til Israel som gjer at det stoppar opp, meiner han.

– Kan Hamas også bidra til den vanskelege situasjonen her?

– Det er ikkje opp til Leger Uten Grenser å si noe om, men eg har ikkje inntrykk av det. Hamas har interesse av at sjukehusa skal fungere, seier Rostrup.

Menneske drepne sidan 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 10.4.26

Kjelder: Hamas-kontrollerte helsestyresmakter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske styresmakter

Atterhald: Tal frå Hamas-kontrollerte helsestyresmakter i Gaza skil ikkje mellom sivile og stridande, og kan periodevis vere forseinka. Tala frå israelske styresmakter viser at rundt 1200 sivile og soldatar blei drepne i samband med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 472 israelske soldatar har blitt drepne sidan 27. oktober 2023. Ingen av tala er stadfesta av uavhengige kjelder. Dei palestinska tala blir oppdaterte dagleg. Tal frå Israel blir oppdatert minst to gongar i veka.

Også Jan Egeland i Flyktninghjelpen reagerer sterkt på at situasjonen på Gaza ikkje har blitt betre etter våpenkvila i fjor.

Ei våpenkvile må bety meir enn berre nedtrapping av vald, understrekar generalsekretæren.

– Den humanitære tilgangen er framleis sterkt avgrensa. Det blir stadig levert langt mindre naudhjelp enn avtalt, og alt for få lastebilar kjem inn til å kunne dekke dei grunnleggjande behova.

– Etter seks månader med våpenkvile er folk i Gaza framleis fanga i ein situasjon prega av angrep mot sivile, seier Egeland.

Jan Egeland i Gaza i 2025

Ei våpenkvile må bety meir enn berre nedtrapping av vald, understrekar generalsekretæren i Flyktninghjelpen.

Foto: Ahmed Bayram / Flyktninghjelpen/NRK

Ein skjør fredsplan

Fredsavtalen mellom Israel og Hamas vart signert den 9. oktober i fjor og trådde i kraft dagen etter.

Forhandlingane vart leidde av USAs president Donald Trump.

Partane vart samde om fleire ting:

  • Israel skulle frigje 2000 palestinske fangar. Hamas skulle frigje dei 20 attlevande gislane
  • Israel skulle gradvis trekke ut bakkestyrkane sine
  • Naudhjelp og fordrivne palestinarar skulle få sleppe inn i Gaza

Det såkalla «fredsrådet» til Donald Trump vart etablert i januar, med mål om å finne ei løysing på konflikten mellom Israel og Palestina.

Rådet består i stor grad av Trumps eigne allierte og statsleiarar frå ei rekke land, inkludert svigersonen til Trump og Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Det sit ingen palestinarar den øvste leiinga til rådet.

Donald Trumps såkalte fredsråd samlet i Washington i februar.

Donald Trumps sokalla «fredsråd» samla i Washington i februar.

Foto: Kevin Lamarque / REUTERS,NTB

IDF: – Krigen er ikkje over

Sidan våpenkvila tok fatt, har Hamas tatt tilbake kontroll over stadig meir av Gazastripa, melder BBC.

Gruppa krev blant anna inn skatt og avgifter frå den palestinske befolkninga i områda, med trugslar om vald viss folk ikkje ettergår krava.

– Kvar dag kjem Hamas med dei same aggressive krava. Dersom vi ikkje betalar, seier dei at dei skal kaste oss ut på gata, seier ein palestinsk mann til BBC.

Ein talsperson for Hamas seier til den britiske kringkastaren at det er «krisetider» i Gaza. Dermed meiner gruppa at slike harde grep trengst.

Palestinere sitter under begravelsen til journalisten Mohammad Weshah som ble drept i et israelsk angrep 9. april.

Ein palestinsk familie sørger i gravferda til journalisten Mohammad Weshah.

Foto: Mahmoud Issa / REUTERS,NTB

Denne veka kravde «fredsrådet» at Hamas legg ned våpena på Gazastripa, ifølgje avisa The New York Times.

Rådet skal også ha bedt israelske styresmakter sleppe meir naudhjelp inn i palestinske område.

Ifølgje «fredsrådet» til Trump skal israelske styrkar trekkje seg ut av Gaza når Hamas har lagt ned våpena.

Ein talsperson det israelske forsvaret hevdar til BBC at Hamas nyttar våpenkvila til å gruppere om og fortsetje kampen.

– Krigen er ikkje over før Hamas vert avvæpna, fortset han.

Palestinere ser på ødeleggelser etter et israelsk angrep 6. april.

Palestinarar samlar seg i ruinane av Gaza by i starten av april.

Foto: Dawoud Abu Alkas / REUTERS,NTB

Flyttar grensa nærmare havet

Israel har oppretta ei gul grenselinje mellom den israelske okkuperte delen og dei palestinske områda på Gazastripa.

Denne grensa flyttast stadig nærmare havet, seier Morten Rostrup i Leger Uten Grenser.

Israel har oppretta ein gul grenselinje på Gazastripa. Den grensa flyttast stadig nærmare havet, ifølge Leger Uten Grenser.

Området som palestinarane bur på er ikkje leveleg, for dei dyrkbare områda er på andre sidan av grensa, understrekar han.

– Ein gjer situasjonen stadig meir uleveleg for palestinarane, og det er bevisst politikk frå Israel, sånn eg ser det.

– Til slutt er det berre havet igjen, seier Rostrup.

Vil du lese meir om utanriks? Lytt til siste episode av NRKs utanrikspodkast:

Publisert 10.04.2026, kl. 22.01

Read Entire Article