Eit «inn i granskogen» stort problem

3 hours ago 1



– Det er ein miljøkatastrofe det som har skjedd her.

Dei er høge, og dei står tett i tett. Likevel er mange av trea berre som konfirmantar å rekna. Gerda Silden Totland har kjempa lenge for å få vekk sitkaen langs kysten.

– Viss dette får spreia seg og halda fram med å veksa som det har gjort utan at me fjernar noko, så gror landskapet igjen.

Kvinne med blå allværsjakke og stort, krøllete lyst hår smiler mot kamera i heilandskap

Gerda Silden Totland har lenge engasjert seg for å bli kvitt sitkagrana langs kysten.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Eldsjela i ytre Nordfjord brukar store ord om endringa ho sjølv har vitna langs kysten dei siste 60 åra.

– No er dei største trea her på rundt 30 meter. Når ungane her blir vaksne, kan me rekna med at dei blir oppunder 60 meter høge.

Miljødirektoratet: – Eit stort problem

Sitkagrana er framleis populær innan skogbruksnæringa. Samstundes veks ho fort og spreier seg raskt. Grana har dermed blitt eit utbreidd problem langs store delar av norskekysten.

Då grana frå Nord-Amerika blei sett ut langs kysten på 60-talet var ein fornøgd med å ha funne ein grantype som kunne veksa i det vêrharde norske kystlandskapet

– Dei problema me ser i dag er knytt til historiske utsettingar gjort utan spesielle miljøomsyn.

Odd Kristian Selboe i Miljødirektoratet er tydeleg på at den enorme utbreiinga grana har i dag ikkje er ønskeleg.

– Det er eit ganske stort problem. Det er jo planta sitkagran frå Agder og heilt nord til Troms. Det er snakk om plantingar som breier seg ganske kraftig ut, ikkje minst i opne naturområde.

Hogst av sitkagran på Silda

Sitkagrana veks fort og kan bli massiv.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Var sjølv med på å planta grana

Totland var sjølv med på å planta sitkagran då ho var lita og budde på Silda, ei lita øy like sør for Stad.

No får Totland hjelp av skuleelevar som brukar utedagen sin på å fjerna kvister og greiner frå dei store grantrea i Deknepollen i Kinn kommune.

– Det er heilt fantastisk. Dei gjer ein verdifull jobb.

Totland er godt fornøgd med at dei unge skuleelevane no får vera med på å fjerna litt av sitkaskogen på fastlandet.

– Det er veldig viktig at dei får læra om kor viktig det er å få vekk sitkagranskogen, sånn at me bevarer kystkulturlandskapet vårt.

– Det er jo dei som skal veksa opp og ta over sitkaskogen her.

Ungt engasjement for å redda kystlandskapet

Fjerdeklassingane på Skram skole i Måløy nyttar ivrig både sag og hekkesaks i arbeidet med å skjæra vekk dei nedste greinene på dei enorme grantrea.

– Der fekk eg ho av, seier Leah Rønhovde Yri fornøgd.

Ho synest det er kjekkare å vera ute i skogen og klippa greiner enn å sitja i klasserommet.

Ivrige fjerdeklassingar i sitkagranskogen i Deknepollen

FOTO: Nils Ole Refvik / NRK

No hjelper dei til slik at arbeidet blir lettare for dei vaksne eldsjelene som fjernar trea på dugnad.

På skulen har dei lært om kvifor noko skog er bra, medan annan skog øydelegg for naturmangfaldet.

– Desse trea veks seg så store at plantane ikkje får noko plass og døyr.

Ein stor dugnad

Olav Overvoll hos Statsforvaltaren i Vestland innrømmer at det er utfordrande å få bukt på eit treslag som spreier seg såpass fort.

Han meiner spreiinga mange stadar er heilt ute av kontroll og at det ikkje finst gode rutinar for å ta seg av spreiing utover der trea har blitt planta.

– Det blir ikkje jobba veldig systematisk med dette, men det er jo ein del lokale interesseorganisasjonar som ønsker å fjerna sitkagrana i spesielle område.

Både Statsforvaltaren og Miljødirektoratet har tilskotsordningar for dei som vil gjera tiltak for å bli kvitt sitkagrana.

Tilskota er likevel ikkje nok.

– Me jobbar systematisk i verneområda. Men òg der manglar me sjølvsagt middel. Me skulle gjerne hatt mykje meir.

Område rydda for sitkagran, Deknepoll i Kinn kommune i Nordfjord.

Den dominerande grana legg det meste av skogbotnen aude. Slik ser det ut etter at grana er rydda vekk, før vegetasjonen etter kvart vender tilbake.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Odd Kristian Selboe i Miljødirektoratet er ikkje overtydd om at det er mogleg å få til ei løysing

– Det er ikkje sikkert at det er realistisk å få til ei løysing. Det kan henda at det har kome så langt at det blir vanskeleg å få til.

Han er likevel svært takksam for jobben Gerda og andre eldsjeler gjer for å prøva å redda kystlandskapet.

– Det er nok heilt naudsynt at det skjer eit samarbeid både mellom skogeigarar og frivilligheita.

At det blir ein stor dugnad som involverer mange.

Jente med ferskenfarge boblejakke og beige lue har ei stor hekkesaks i hendene som ho nyttar til å klippa greiner på eit stort tre

Fjerdeklassingen Leah Rønhovde Yri kvistar sitkagrana slik at ein lettare skal komme til med motorsaga.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

– Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt

For sjølv om skuleelevane i Kinn er gode hjelparar, er dei ikkje løysinga på problemet aleine.

– ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt.

– Viss alle er med og får kunnskap om kor øydeleggande dette er for naturen, så kan me fjerna det.

Gerda Silden Totland er optimistisk for framtida og håper enda fleire vil vera med og ta tilbake naturen langs kysten.

Kva er draumescenarioet?

– Det er at folk er med og fjernar smågraner når dei er ute og går tur. Og at dette kjem inn i skulane, så alle får læra meir om det.

Publisert 25.04.2026, kl. 22.10 Oppdatert 25.04.2026, kl. 22.26

Read Entire Article