«Eg veit ikkje.»
Tre enkle ord lagar ei komplisert meining. Det er svaret du ikkje vil ha på om kjærasten din framleis vil vere saman med deg, eller når du spør ungane dine om kva dei vil ha til middag.
Og det er i alle fall ikkje svaret du vil ha når du spør legen din om kva som feiler deg.
«Eg veit ikkje» er orda du berre vil hive til måsen.
Det er dette svaret Iril Gausdal Olsen sit igjen frå legane med etter sin andre fødsel.
For etter at barnet, dottera Cornelia, kom ut, var det framleis noko igjen inne i livmora. Ingen veit kva det er.
Svaret på korleis dei skal få det ut, er enkelt og komplisert på same tid:
«Vi veit ikkje.»
Søskensamhald
Det er berre å vere ærleg først som sist: Denne saka kjem til å innehalde ein del blod og gørr.
Fødslar gjer jo gjerne det.
Men heldigvis endar også fødslar med eit lite lodent vesen du skal ha inntil deg og bysse rundt på og elske i stykke. Ein gevinst som luktar mjølk og gjer deg tussete på måtar du ikkje visste du hadde i deg.
Iril hadde allereie ei jente på 17 månadar da veslesøster skulle bli fødd på Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø. Svangerskapet var relativt normalt, i alle fall så normalt som det kan vere når du allereie har eit lite barn å vere mamma for.
– Vi hadde jo lyst på to søsken. Det er noko med å få det samhaldet, og det å ha eit søsken. Også det å bli ferdig med babytida, fortel Iril.
No er ho i siste del av mammapermisjonen.
Vesle Cornelia er to veker frå å sleppe seg heilt og begynne å gå sjølv. Ho vil stå, utforske, kome seg fram.
Endeleg kan Iril vere med på å nyte desse utviklingstrinna. For barseltida blei ikkje heilt som ho hadde sett føre seg.
Vesle Cornelia vil snart sleppe seg og gå eigne steg. Enn så lenge er det godt å halde i mamma Iril.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKBlodspor og halvanna liter blod
– Dei sa at det var på tide å gå på do. Det var blod overalt. Eg hugsar så godt at da eg gjekk frå senga og inn på badet, var det blodspor etter meg heile vegen inn og tilbake.
Tobarnsmora tenker tilbake på fødselen i februar i fjor. Alt hadde eigentleg gått bra, sjølv om ho var maks på overtid og ganske lei av å vere gravid. Igangsetjinga hadde vore vellykka, og ho hadde fått ta i mot dottera si sjølv.
Men etterpå gjekk det gale.
– Dei skifta på senga to-tre gongar. Eg mista ein og ein halv liter blod under fødselen. Eller, etter fødselen, eigentleg.
Ho fekk blodoverføring og jern intravenøst.
– Eg var kjempedårleg berre på grunn av det. Så det aleine utløyste at eg hadde mannen min heime ekstra lenge etter fødselen.
Iril måtte ha mannen heime ekstra lenge etter fødselen, fordi ho var svimmel og dårleg etter å ha mista masse blod.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKEtter fødsel går kvinner gjennom det som blir kalla «reinsinga». Det er ei bløding som først er like kraftig som ein normal menstruasjon, før ho roar seg. Men for Iril slutta det ikkje. Det berre blødde og blødde og blødde. Ho fekk kjensla av dette var unormalt, og tok kontakt med sjukehuset.
– Mi oppleving er at eg blei avvist. «Det der er heilt normalt», og så ferdig med det, ingenting å uroe seg for.
I ettertid reagerer ho på at ingen spurte kven ho var, og at ho ikkje måtte oppgi personnummer. Samtalen inn blei heller ikkje journalført eller registrert nokon plass.
Etter to veker hadde det framleis ikkje slutta å blø. Ho hadde vondt konstant. No fekk ho også feber.
– Da ringer eg på nytt til føden, og da får eg vite at det ikkje er normalt, og det var ikkje normalt første gong eg ringte heller.
Ho fekk kome rett på legevakta, der ho trefte ein lege som høyrde på ho. Han mistenkte at ho hadde restar i livmora etter fødselen. Iril blei sendt til akutten.
Får abortmedisin
Når alt dette skjer, har altså Iril to barn: Eit nyfødd, og ei jente på halvanna. Livet som tobarnsmor er heilt nytt, og ho sjonglerer det så godt ho kan. Heilt til ho er så sjuk at ho må på sjukehus.
No skjer ting kjapt, og avgjerder blir tatt, noko som får konsekvensar.
– Eg hugsar ikkje alt 100 prosent, for det var så mykje. Men eg hugsar at eg fekk dei Cytotec-tablettane som er ... Ja, det er eigentleg det dei gir til dei som skal ta abort, der ein skal støyte ut fosteret. Abortmedisin.
Ho stussar i ettertid på at ingen fortalde kva det var eller om det var farleg å ta det når ho var ammande mor. Legane sa noko, Felleskatalogen seier noko anna, og Iril valte å stole på sistnemnde i dette tilfellet.
Resultatet av medisinen var at ho valte å leggje amminga på hylla.
Framleis kjem ingenting ut.
Fleire forsøk blir gjort, med utskraping.
– Så prøvde dei ein sånn vakuumsugar. Eg kalla det for støvsugaren, sånn som det er hos tannlegen, som blåser luft. Ein sånn, opp i livmora, for å suge ut restane.
Nye rundar følgjer, både med og utan narkose, for å få ut det som ligg igjen i livmora til Iril.
På ultralyd har dei sett at det er noko der. Problemet er berre at ingen skjønner heilt kva det er. Metodane dei prøver, er også utan effekt. På eit tidspunkt får ho infeksjon i livmora etter ein operasjon.
Den store uvissa er det som pregar ho mest.
– Det verka som at dei ikkje var heilt sikre på om dette skulle behandlast eller ikkje. Kva er risikoen? Dei er tydelege på at dette har dei ikkje operert før, så eg kjenner meg utrygg når dei seier at dei berre kan skrive meg ut.
– Det har alltid vore sånn at eg har kome inn på ein kontroll, og så seier dei «eg veit ikkje kva eg skal gjere med det, eg må spørje ein kollega». Så får eg ein ny kontroll om så og så lang tid.
No i april skal ho ha ny time, som ho føler at ho måtte krangle seg til. Sjukehuset ville berre avslutte, sidan dei ikkje får svar på kva det er.
– Samtidig, om eg googlar, så står det at det er ein infeksjonsfare til ei kvar tid. Eg har det heile tida hengande over meg. Eg veit at eg har noko i livmora som ikkje skal vere der. Eg kan trenge umiddelbar helsehjelp.
– Korleis er det å ha det hengande over seg?
– Eg trur eg har vent meg til det litt no, men i starten var det eigentleg veldig belastande. Ein kjenner veldig etter: No fekk eg feber, er det fordi noko skjer i livmora, eller fordi ungen har influensa?
Kva om, kva om? Det er tankar som surrar hos Iril i den siste delen av mammapermisjonen.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKForslaget om å fjerne livmora
– Vi seier jo eigentleg at vi er ferdige med barn. Men viss vi skulle finne ut at vi vil ha ein tredje, vil dette kunne påverke moglegheita til å bli gravide på nytt? For det ligg jo trass alt noko i livmora frå før.
Iril har spurt legane. Legane som skal ha vore usikre på kva ho har i livmora eller korfor det er der, skal ha vore heilt klare når ho spør om ein ny graviditet.
– Nei, det vil ikkje påverke det, seier dei. Det er dei heilt bastante på, det veit det heilt sikkert.
Ho skulle ønske at dei kunne seie rett ut at dei ikkje heilt veit svaret på kva dei skal gjere. Ho opplever også at det har vore veldig stort spenn mellom alternativ: Frå å gjere ingenting til forslaget om å fjerne livmora.
– Eg skulle ønske dei berre sa «vi må fjerne livmora». Eller så skulle eg ønske at ho som sa det, aldri hadde sagt det, eller at ho sa: «Det er det vi må gjere for at du skal bli kvitt det her.»
– Tar kvinnehelse på største alvor
Martin Grønberg er seksjonsoverlege ved Kvinneklinikken på Universitetssykehuset i Tromsø (UNN). Han understrekar at alt dei gjer er relatert til kvinnehelse, som dei tar på største alvor.
Iril har gitt sjukehuset fritak frå tausheitsplikta. Dei kan dermed uttale seg om hennar sak spesifikt.
Han seier at i utgangspunktet blir all pasientkontakt journalført, men at det kan finnast unntak. Da Iril ringte inn første gong og sa at ho blødde mykje, blei det ikkje journalført nokon plass.
Det kan hende at den som svarte ikkje hadde hennar personalia framfor seg, eller at hen var mellom to oppgåver utan tilgang til elektronisk journal, svarer Grønberg.
– Viss dette var ein samtale som skulle vore journalført, kan vi berre beklage dette.
Sjukehuset held også fast på at Cytotec er trygg for ammande kvinner, og seier det er beklageleg viss involvert helsepersonell har gitt anna informasjon.
Grønberg seier det aldri har vore eit behandlingsalternativ å fjerne livmora. Men:
– Når ein gjer kirurgi på livmora, kan store blødingar oppstå. I slike sjeldne tilfelle kan fjerning av livmora vere nødvendig, og dette må vi informere om. Ved manglande effekt av behandling må andre alternativ vurderast, og ulike legar kan ha ulik tilnærming til dette.
Fødeavdelinga ved UNN har tatt i mot begge døtrene til Iril Gausdal Olsen.
Foto: Maria Constance Ferreira Maske / NRK– Godtar at ein ikkje veit
Iril har sjølv vore i kontakt med St. Olavs hospital i Trondheim for å få ei uavhengig vurdering. Anbefalinga derifrå er at ho skal vente på første menstruasjon etter fødselen, for å sjå om det vil få restane i livmora ut.
For ho har det vore ei belastning å ha alt hengande over seg. Å gå og vente på ei bløding er også tøft.
Samtidig sit ho med ei kjensle av at når det er kvinnekroppen det er snakk om, så kan ein slå seg til ro med å ikkje vite svaret på kva som er gale. Så lenge ho ikkje blir skrekkeleg sjuk, er det ingenting farleg, ser ut til å vere haldninga.
– Eg sit igjen med ei kjensle av at kvinnehelse er nedprioritert, og at viss det er noko ein ikkje veit om kvinnehelse eller eit kvinneproblem, så prøver ein ikkje å finne ut av det. Ein godtar berre at ein ikkje veit. Og det er ikkje interesse for å finne ut av det. Det er mi oppleving.
Vurdert som låg infeksjonsfare
På spørsmål om ikkje ei barselkvinne bør kome inn på sjekk om ho opplever ei unormal bløding, svarer Martin Grønberg ved UNN at ikkje alt som ei barselkvinne opplever som unormalt, vil medføre innkalling til undersøking.
Ein kan ofte bli oppfordra til å oppsøke fastlege eller legevakt.
Iril er også lei seg for at legane ikkje har kunne gi eit klart svar, men heile tida sendt ho fram og tilbake mellom seg.
– Pasientar i sjukehus vil ofte bli tatt i mot av lege i spesialisering (LIS). Det er naturleg at desse ikkje har erfaring med alle tilstandar og må rådføre seg med spesialist. Dette er pasienttryggleikstiltak, seier seksjonsoverlegen.
Han legg til:
– Blødings- og infeksjonsfaren har blitt vurdert som låg, og risiko ved aktiv behandling er til stades.
– Tru på kvinnene
– Eg synest det er fælt å høyre at ho har vore gjennom dette.
Det seier Aïda Leistad Thomassen, som leiar organisasjonen Barselopprøret. Dei kjempar for ei betre barselomsorg i Noreg.
Ho har fått gjenfortalt Iril si historie av NRK.
– Noko av det første eg reagerer på, er at ho har sagt ifrå om at noko er gale, og så har ho ikkje blitt høyrt. Ho har vore nøydd til å få ein infeksjon før dei trur på ho.
Tru på barselkvinnene. Det er oppfordringa til Aïda Leistad Thomassen, leiar av Barselopprøret.
Foto: Eva Rose Furmy / BarselopprøretThomassen meiner det finst ei oppfatning om at barselkvinner er utilreknelege, sidan dei er så proppfulle av hormon.
– Eg trur at ein kan jobbe for at ryggmergsrefleksen blant dei som forheld seg til barselkvinner, kan vere at: «Oi, kanskje ho har rett.» At dette kan stemme.
Ho peiker på at barselkvinner i dag har informasjon lett tilgjengeleg, at det er mykje enklare å lese seg opp sjølv enn for 20–30 år sidan. Bodskapen hennar er enkel:
– Tru på kvinnene, lytt til det dei seier. Og viss det er eit eller anna som dei er uroa for, eller som plagar dei, så ta det på alvor. Veldig ofte har dei rett i at ikkje alt er som det skal vere.
Fødselslege: – Ikkje heilt uvanleg
Thorbjørn Brook Steen er gynekolog og fødselslege. Han skriv jamleg kronikkar om fødslar, barseltid og kvinnehelse.
Steen trur mykje av problemet i Iril sitt tilfelle ligg i dårleg kommunikasjon mellom pasienten og sjukehuset.
Han har eit inntrykk av at Universitetssykehuset i Nord-Norge er flinke på dette. Han går også ut frå at dei har gjort dei naudsynte undersøkingane for å utelukke at det er noko svært alvorleg gale.
Thorbjørn Brook Steen er gynekolog og fødselslege.
Foto: KaggeSamtidig forstår han at det har vore tøft for Iril å leve i uvisse.
Å fjerne livmor skal ein berre gjere når det er noko alvorleg gale, meiner han.
– Viss ein elles er frisk eitt år etter fødsel, er det ingen grunn til å fjerne livmora. Her skulle dei nok ha kommunisert betre, seier Steen.
Han legg til at det i visse tilfelle rett og slett ikkje er så mykje ein kan gjere med restar i livmora. Det treng ikkje dermed bety at det er farleg for kroppen.
– Når morkaka blir danna, kan ho grave seg inn i livmora, grave seg for djupt inn, og det er ikkje heilt uvanleg, forklarer han.
Dette blir kalla «invasiv livmor». Dette kan førekome ved rundt 4 av 10.000 graviditetar.
– Kanskje ikkje veldig vanleg – men heller ikkje uvanleg, seier fødselslegen.
Det siste året, det første året
I april skal Iril Gausdal Olsen gå inn på Kvinneklinikken ved UNN igjen. Da skal dei sjå om det er utvikling, eller om alt er nøyaktig som før.
Da er ho tilbake i jobb i Nav, med to små jenter i barnehage. Med besteforeldre som hjelper til når dei kan. Det har vore til stor hjelp for Iril når det har vore mykje med helsa det siste året. Det første året i den vesle dottera sitt liv.
Kva håpar ho skal skje når ho kjem på sjukehuset denne gongen?
– Eg håpar sjølvsagt at restane i livmora er borte. Men om dei ikkje er det, så håpar eg dei har ein konkret plan for behandling eller oppfølging vidare og ikkje må «ringe ein venn» igjen, seier Iril.
– Og eg håpar at dei kan fortelje meg tydeleg kva som er risikoen eller konsekvensane med eventuelt å la restane ligge.
Iril gjer seg klar til å dra tilbake i jobb igjen. For Cornelia ventar ein barnehagekvardag rundt neste sving.
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRKHeia!
Kva synest om det du las no? Har du innspel eller idear til andre ting eg burde skrive om?
Eg liker å skrive om folk og kvardagen deira.
Meld meg gjerne!




















English (US)