«Ekkoet frå din lune humring dekka over di eiga skumring»

5 hours ago 2



Takk, kjære Bjørn,

du fekk fullført din tørn.

Ekkoet frå din lune humring

dekka over di eiga skumring.

Du starta livet litt hardt og røft,

men vann att di ånd med penneløft.

Spøkefullt testa du mang ein sak

så du kunne skildra til botnar og bak.

Med humor og flid,

du testa ut russeknuter ei tid,

og vakttur som vektar med drakt, lykt og stav.

Slik gnistra din penn med munter bokstav.

Ja, som ein Don Quijote i vindmøllefelt,

du testa ut støy med et lite sandstrandtelt.

***

Å veksla nokre ord med deg det var gull,

du testa ut idéar med humor, tøys og tull.

Så takk, kjære Bjørn, for kvar ein tørn

din gjerning er fullført til gull.

Bjørn-Harald Mydland

Ven og yrkeskollega

Ekkoet frå din lune humring dekka over di eiga skumring.

Bjørn Hoel til minne

Åpen

Fikk oss til å le – og til å lytte

Åpen

Read Entire Article