Ekspert åtvarar mot VM-kaos: – Forferdeleg fire timar før kamp

1 day ago 2



Ein lokal ekspert meiner at norske besøkande må førebu seg på det verste.

Det handlar blant anna om:

  • At det blir dyrt å bu.
  • At det blir fullt kaos i trafikken.
  • At tog og buss også blir trøblete.
  • At besøkande nordmenn må legge planane sine no.

– Besøkande frå Noreg bør vente å betale mykje pengar for overnatting. Og om dei skal på kampen, bør dei legge planar så snart dei kan for å komme seg dit med tog eller buss. Dei bør førebu seg på forferdeleg trafikk som startar ein kilometer eller to frå stadion fire timar før kampstart, fastslår Michael Silverman overfor NRK.

Han dekker området «sport business» for lokalavisa Boston Globe. Den same avisa skriv at Boston no har den femte verste trafikken i USA. Og den 12. verste i verda.

– Er Boston klar for fotball-VM?

– Ikkje endå. Det står att mange spørsmål, spesielt når det gjeld transport- og parkeringsplanar og kostnader, og dessutan omfanget av planane for «Fan Fest». Fram til no har svært få detaljar om planane blitt offentleggjorde. Naturgraset på stadion er likevel lagt, og det ser bra ut.

Budsjettet for VM-kampane i Boston ser ut til å bli drastisk redusert.

Gillette Stadium

IMPONERANDE: Bilde av Gillette Stadium under ein NFL-kamp mellom New England Patriots og Houston Texans.

Foto: AP

Den kommersielle sjefen for VM i Boston, Jon Persch, gjekk av for vel to veker sidan.

Toppsjefen for Boston 2026, Mike Loynd, innrømmer at det er ei «utfordring» å skaffe nok pengar.

Det kjem blant anna av at det samtidig med VM også er feiring av USA sitt 250-årsjubileum, som ikkje minst er viktig for staten Massachusetts.

Sponsor-trøbbel

Sjefen for Boston-delen av VM antydar no at dei kan ende opp med eit budsjett på under 100 millionar dollar.

Det er langt unna dei 170 millionane som VM-komiteen anslo i 2023.

Sponsorjakta har til no gitt berre 20 millionar dollar frå berre tre selskap.

– Vi hadde svært ambisiøse mål i starten, innrømmer han.

Til liks med fleire andre vertsbyar, hinta Loynd om at Boston må skalere ned dei opphavlege planane om ein ekstravagant «Fan Fest» ved Boston City Hall Plaza.

Loynd lovar likevel eit «veldig økonomisk ansvarleg og spennande arrangement for Massachusetts og Boston».

Trafikk-kaos i Boston.

KAOS: Boston er ikkje ukjent med køar, sjølv om det ikkje er fotball-VM. Bildet er frå juli 2024.

Foto: Steven Senne / AP,NTB

Michael Silverman i Boston Globe igjen:

– Det er uklart korleis planane vil bli nedskalerte. Boston sin planleggingskomité for VM har ikkje avslørt dei opphavlege planane, og dei seier det er for tidleg å seie om – og i kva grad – planane vil bli nedskalerte.

Tog-trøbbel

Samtidig herskar det stor spenning til korleis togopplegget blir. Ifølge Boston Globe er det ikkje klart kor dyrt det blir å ta toget frå Boston ut til Foxborough, der arenaen ligg.

Men den 26. mars, då Frankrike og Brasil spelte treningskamp der, tok transportselskapet 30 dollar for ein tur-retur-billett. The Athletic har skrive at togbillettane kan komme opp i 75 dollar eller meir per kamp, men dette er endå ikkje klart.

South station i Boston.

SOUTH STATION: Herfrå går toga ut til Foxborough, der VM-stadion ligg.

Foto: Charles Krupa / AP,NTB

Planen er å frakte 20.000 passasjerar fordelt på 14 pendlartog mellom South Station i Boston og Foxboro Station på kvar av dei sju kampdagane.

Til samanlikning blei det frakta 30.000 passasjerar på ei anna toglinje i Boston under Boston Marathon i 2024. Men det er uklart om dette er samanliknbart.

Gillette stadium i Foxborough ligg på mange måte «in the middle of nowhere».

Parkeringstrøbbel

For dei som i staden vil køyre bil, kan det bli ein dyr fornøyelse. Talet på offentlege parkeringsplassar nær stadion vil falle dramatisk frå dei vanlege 20.000 til berre 5000 ifølge Boston Globe.

NRK har sett på prisen på parkeringsplassar i samband med Noreg sin første kamp på Gilette stadium.

Om du skal nøye deg med å gå 10 minutt til stadion, er parkeringsprisen rundt 1700 kroner for ein personbil og 6000 kroner for eit større køyretøy.

For kvartfinalen den 9. juli er dei respektive prisane 2700 og 9800 kroner.

Gillette Stadium er en sportsarena med blå tribunestoler og et stort videopanel på toppen. Arenaen er omkranset av parkeringsplasser og grøntområder. I bakgrunnen ligger en skogkledd ås. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

KAMPARENA: Gillette Stadium i Foxborough, til dagleg heimebanen til New England Patriots og ein kjent konsertarena.

Foto: Brian Snyder / REUTERS,NTB

Byen Foxborough nekta i lengre tid å gi den nødvendige lisensen til å arrangere VM-kampane om dei ikkje fekk pengegarantiar til sikkerheitstiltak under meisterskapen. Dette skapte stor usikkerheit.

Den saka blei tilsynelatande løyst den 12. mars, da Kraft Group (eigarane av arenaen Gilette Stadium og det amerikansk fotball-laget New England Patriots) gjekk inn og garanterte for 7,8 millionar dollar i sikkerheitskostnader.

I denne løysinga heitte det at skattebetalarane i vesle Foxborough, ein landsby utanfor Boston, ikkje skulle få nokon ekstra kostnader ved å vere VM-arrangør.

– Ei nasjonal og internasjonal audmjuking, kallar lokalavisa Boston Globe det.

Bu-trøbbel

Den same avisa har sjekka litt kor dyrt det kan bli å bu i det dei kallar «Stor-Boston» eller Foxborough under VM.

Dei fastslår at prisane er «stive» og har eit par eksempel:

  • Den første VM-veka er gjennomsnittsprisen for ei natt på Airbnb på 483 dollar, 200 dollar meir enn på same tid i fjor.
  • Airbnb-bustadane i og rundt Foxborough, der arenaen altså ligg, kan komme heilt opp i 30.000-50.000 dollar i veka, altså opp mot ein halv million kroner.

NRK har funne eit hus nær stadion i Boston. Det kostar cirka 28.000 kroner for tre dagar under VM. Det har seks sengeplassar.

Ei leilegheit tre kilometer frå arenaen og med plass til to menneske, kostar 7000 kroner per natt.

mann med caps og skjerf på en grønn fotballbane

REISELIVSEKSPERT: Odd Roar Lange i Din Side.

Foto: Odd Roar Lange / The Travel Inspector

– Det har dessverre blitt normalen for denne typen arrangement, seier reiselivsekspert Odd Roar Lange.

2 millionar fotballfans er venta til Boston.

– Det er jo ikkje berre Noreg som skal spele der. Det er mange andre land som skal dit, så presset blir enormt, seier eksperten i Din Side.

Prishopp

NRK har undersøkt prisane for å bu i Boston-området i tre døgn under Noreg sin kamp mot Irak – og samanlikna med prisane éin månad før og éin månad etter.

Det viser eit kraftig prishopp i samband med fotball-VM.

Reiselivsekspert Lange meiner det begynner å bli seint for dei som endå ikkje har bestilt.

– Når folk har bestilt dei dyraste einingane, så blir fleire slopne ut på marknaden. Då har dei allereie testa betalingsviljen, slik at dei kan krevje den same høge prisen for dei neste objekta dei skal legge ut, seier Lange.

Sjølv om eksperten meiner det er seint å leite etter ein stad å bu, meiner han at det framleis finst ei opning for dei som har is i magen.

– Det kan vere mogleg å gjere ein god handel heilt mot slutten, men ulempa er sjølvsagt uvissa.

Publisert 14.04.2026, kl. 10.22 Oppdatert 14.04.2026, kl. 10.34

Read Entire Article