Same dag som Stoltenberg landar i USA, langar preisdent i USA Donald Trump ut mot den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj.
Han seier at Zelenskyj kan gå med på ein fredsavtalte eller «kjempe i tre år til før han mistar heile landet sitt», skriv Trump i eit innlegg på Truth Social.
Trump meiner at Ukraina sine krav i fredsforhandlingane er «svært skadelege for fredsforhandlingane med Russland».
Trump kallar Zeleskyj for mannen med «ingen kort å spele med».
Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB– Krim blei tapt for mange år sidan og er ikkje eingong eit tema som blir diskutert.
Trump påstår likevel at fredsavtalen er like rundt hjørnet.
– Vi er veldig nær ein avtale, men mannen med «ingen kort å spele» burde nå, omsider, få det gjort, skriv den amerikanske presidenten.
Trump avsluttar med å kalle det heile eit «komplett og totalt rot».
Med dette er det difor spent mellom USA og Ukraina når statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg bankar på døra til Det kvite hus denne veka.
Norsk besøk i USA
Støre har sagt at han har fire tema på agendaen under møtet med den amerikanske presidenten: forsvars- og tryggingssamarbeid, krigen i Ukraina, dei historiske banda mellom USA og Noreg, og toll og handel.
Torbjørn Knutsen er professor emeritus i statsvitskap ved NTNU og er glad for at Støre har med seg Stoltenberg på laget.
– Stoltenberg kjenner Trump, og Trump kjenner Stoltenberg. I tillegg har han mykje respekt for Stoltenberg, seier Knutsen.
Han legg ved at Stoltenberg har vore flink til å «handtere».
Uroa for Trump-press
Samstundes blir Støre og Stoltenberg oppmoda til å ha bein i nasen i møte med presidenten i USA.
– Dei må vere uredde, tydelege og ærlege og ikkje la seg smiske, seier Ingrid Fiskaa stortingsrepresentant for SV.
Ingrid Fiskaa er stortingsrepresentant for SV og har tre oppmodingar til Støre og Stoltenberg.
Foto: NTBHo legg vekt på at dette er særleg viktig om samtalen blir ubehageleg.
Fiskaa skulle helst sett at Støre og Stoltenberg brukar møtet til å oppmode Trump til å slutte å truge med å ta Grønland, ikkje presse Ukraina til å godta ein mineralavtale og støtte massakrane på palestinarane.
SV-leiar Kirsti Bergstø snakka i dag i Stortingets spørjetime om at ho er uroa for at Trump kjem til å bruke møtet til å presse Noreg til å handle med USA.
Særleg peikar ho på fregatthandel som Noreg og USA har gjort i mange år.
SV-leiar Kirsti Bergstø ber Stoltenberg og Støre om å ikkje lene inn i Trump sine ynskjer for mykje.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK– Vi ynskjer ikkje til å bruke fregatthandel som eit forhandlingskort med USA, seier Bergstø.
Ho legg ved at handel av fregatt handlar om å skaffe fregattar av god kvalitet til ein god pris, og ikkje å få godvilje frå USA.
Publisert 23.04.2025, kl. 18.55 Oppdatert 23.04.2025, kl. 19.58