– Eg har tidlegare sagt at vi jakta på den heilage gralen, i dag har vi funne han.
Det seier statsminister Anthony Albanese etter at hans sentrum-venstre-regjeringa har vunne valet i Australia.
Dermed skjedde det same som i Canada, der liberaldemokraten Mark Carney blir sitjande som statsminister mot alle odds.
I Australia er det straffbart å ikkje stemme ved statlege og føderale val.
Foto: Mark Baker / AP / NTBForskaren Zareh Ghazarian er ein av dei fremste ekspertane på australsk politikk.
Han seier Donald Trump sin utanrikspolitikk går på tvers av landegrenser.
– Han er ein så dominerande figur at det er vanskeleg å sjå for seg eit liberalt demokrati der han ikkje blir diskutert, seier Ghazarian.
Andre kommentatorar og politikarar har peikt på at Donald Trump har hatt ein indirekte, men merkbar effekt på det australske valet i 2025.
Også på Bondi beach var det lange køar for å levere stemma si på valdagen.
Foto: Mark Baker / AP / NTBPølser og politikk
I Australia er det pliktig for alle over 18 år å stemme ved føderale og statlege val.
Men det er ingen plikt til å ta på seg buksa.
Dermed fann både solbadarar og surfarar vegen inn i stemmelokala, blant anna ved legendariske Bondi beach.
Utanfor mange vallokale i heile landet var det tradisjonen rigga opp pølseboder.
Inntektene frå bodene går gjerne til dei som husar dei ulike vallokala.
– «Democracy sausage» er praktisk talt ein del av den australske grunnlova, heiter det på sida democracysausage.org.
Demokratipølser er ein lang tradisjon i Australia.
Foto: DAVID GRAY / AFP / NTBBlei attvald
Sigeren til Anthony Albanese og hans parti er også historisk.
Dette er første gong sidan 2004 at ein australsk statsminister har blitt attvald.
– Eg er stolt over å ha fått tilliten frå det australske folket. Vi har levert, sa han etter at sigeren var eit faktum.
Peter Dutton, leiar for det konservative Liberale partiet, mista også sitt eige sete i sitt eige valdistrikt, Dickson, Queensland.
Dutton har blitt samanlikna med Donald Trump, men har også måtte tole den lite flatterande merkelappen «Temu-Trump».
– Eg er meg sjølv, sa Dutton før valet, men må innsjå tapet.
Anthony Albanese jublar for valsigeren.
Foto: SAEED KHAN / AFP / NTB.
Publisert 03.05.2025, kl. 15.28