– Ekstremt redde

2 hours ago 2



Tysdag 2. juni må ein 19 år gamal mann frå Stavanger møte i Central Criminal Court i London. 

Han risikerer 45 års fengsel for eit oppdrag han skal tatt på seg å gjera.

Nemleg å ta livet av ein person i England.

– Vi er ekstremt redde. Det er sonen vår også, seier mora til 19-åringen til TV 2.

– Han vart utnytta

Opptakta til den spesielle saka starta i mars 2025, og involverer ein annan tenåring frå Stavanger.

Ein då 15 år gamal gut fekk ein melding frå «Agent47». Den tikka inn på den krypterte meldingstenesta Signal.

Meldinga handla om at «Agent47», som skal vera høgt oppe i det svenske Foxtrot-nettverket, trengt folk til eit valdsoppdrag.

Og tenåringen rekrutterte ein no 19 år gamal mann frå Stavanger til å gjennomføra det.

 Privat
FENGSLA I OVER EITT ÅR: Stavanger-guten var 17 år då han reiste med nødpass til England i fjor. I Huddersfield vart han tatt med to skytevåpen på seg. Foto: Privat

Betalinga skal ha vore 270.000 kroner, ifølge Stavanger Aftenblad.

– Han var psykisk sjuk då han reiste til England. Han hadde ikkje fri vilje og vart utnytta i ein sårbar situasjon medan han var under aktiv behandling i norsk helsevesen, held mora fram.

 Nicholas. T. Ansell / Pa Photos / NTB
RETTSSAK: Central Criminal Court i London, også kalla Old Bailey. Her skal 19-åringen frå Stavanger møte i straffesaka neste veke. Foto: Nicholas. T. Ansell / Pa Photos / NTB

– Plukka opp pistolar

Guten som rekrutterte 19-åringen, har no blitt 17 år.

I mars måtte han møte i Sør-Rogaland tingrett, mellom anna tiltalt for medverknad til to drap i Sverige og forsøk på medverknad til drap i England-saka.

Bestilte drap i Sverige: – Jeg ber han om å skyte ham i ansiktet

– Det eg kan seie er at han vart sendt til England, booka inn på eit hotell og var ute og plukka opp to pistolar, sa 17-åringen i retten i mars.

Der beklaga han også direkte til mora til 19-åringen.

– Det sit på mange måtar ein heilt uskuldig gut fengsla i England. Han fortener ikkje sitje der.

Den norske dommen mot 17-åringen er venta måndag. Dagen etter startar altså saka i London mot 19-åringen han rekrutterte.

Kritisk til norske styresmakter

Kven som skulle skytast i England, veit verken norsk eller britisk politi. 

Men det var norsk politi som varsla britane om at 19-åringen hadde reist til England. 

Han vart pågripen på eit hotell i Huddersfield 19. mars i fjor og har vore fengsla sidan.

Han er tiltalt for «conspiracy to murder», som i norsk straffelov blir kalla «drapsforbund». 

Det inneber at to eller fleire personar inngår avtale om å gjennomføra eit overlagt drap.

Hva er Foxtrot-nettverket?

  • Et kriminelt nettverk i Sverige som oppsto på slutten av 2010-tallet rundt lederen Rawa Majid.
  • Nettverket har base i Uppsala og Stockholm-området, og har forsøkt å etablere seg som en hoveddistributør av narkotika i Sverige.
  • Dette har ført til voldelige og eskalerende konflikter med andre kriminelle.
  • Foxtrot-nettverket har i flere år benyttet seg av rekruttering av barn for å utføre vold og kriminelle handlinger.
  • I sosiale medier har Kripos det siste halvåret avdekket hvordan nettverk som Foxtrot, henviser seg direkte til Norge for å rekruttere norsk ungdom.
  • Kilde: TV 2

Mora meiner saka burde gått for norsk rett og påpeiker at 19-åringen ikkje fekk gi sin versjon av saka under rettsforhandlingane om 17-åringen som rekrutterte.

– Vi føler han ikkje får ei rettferdig behandling og at det er ei sak laga på den britiske påtalemakta sine prinsipp. Norske styresmakter har bidrege til det, seier ho.

Jobbet for Foxtrot: – Bare to timer etter hadde jeg ny «utøver»

– Påtalemakta har trekt han inn i rettssaka mot 17-åringen, samstundes som dei seier dei ikkje kan blande seg inn i den britiske saka. Det er i beste fall ei usanning. Det er berre mangel på vilje som har gjort at ein ikkje har gitt formell oppmoding om å overføre straffesaka til Norge.

– Ikkje aktuelt

Justisdepartementet har ikkje svara på spørsmål frå TV 2.

Statsadvokat Geir Evanger sa nyleg til VG at det ikkje er aktuelt å be om overføring «når svaret er gitt».

– Utgangspunktet er at britane ikkje ønskjer å krevje overføringa av straffesaka til Norge.

Mora til 19-åringen har i tidlegare intervju forklart at sonen fekk det vanskeleg under koronapandemien. 

Dei opplevde at han vart hardt råka av strenge restriksjonar og organisert idrett som vart sett på pause.

Han droppa ut av skulen, utvikla rusproblem og vart etter kvart innlagt på ein institusjon der han skal ha møtt ein person som sette han i kontakt med 17-åringen, som til slutt rekrutterte han til oppdraget.

Rettssaka i London vil gå over fleire veker. Det er påtalemakta som får legge fram sine bevis først. Den norske 19-åringen får høve til å forklare seg først seinare i saka.

Farid Bouras er forsvarar, medan John Christian Elden er talsperson for 19-åringen. Dei har førebels ikkje hatt høve til å svare på spørsmål frå TV 2.

Read Entire Article