90 prosent av alle elevar på vidaregåande skule og på ungdomsskulen brukar AI som eit verktøy i skulen.
Forventningane i skulen har blitt så høge at elevane må jukse for å oppnå gode karakterar. Dette viser at folk er på skulen for å få gode karakterar, ikkje for å lære. I tillegg er det urettferdig for dei elevane som faktisk gjer ein ordentleg innsats.
AI bidrar til høgare karakterpress. Elevar stressar mykje meir i skulen no enn før. Dette er blant anna fordi krava er mykje høgare, men har AI også ein del av ansvaret?
At elevar brukar AI i skulen, meiner eg, er eit teikn på at elevar ikkje lenger er interesserte i å lære, dei vil prestere bra. Når mange begynner å nytte seg av AI, kan elevane som ikkje har brukt det føle eit enormt press. Dei må konkurrere med AI. Når elevane får høgare nivå, forventar læraren det, og derfor er det lett å lene seg på AI i ein tid der det er mange vurderingar og press.
AI vil og føre til at fagleg læring og utvikling blir svekka.
Når ein har fem innleveringar same veke, er det freistande å få AI til å skrive tekstane, men dette gjer at du hoppar over den faktiske læringsprosessen. Dette vil gi gode karakterar på kort sikt, men på lang sikt vil det ikkje lønne seg.
Bruker KI på skolen: – Lærerne mener det er juks
I tillegg vil elevane få mindre kritisk tenking når dei blir vane med å bruke AI.
Eg trur det vil bli vanskeleg å tenkje kritisk til kjelder, å analysere tekstar og å bygge argument. Det vil også bli vanskelegare å vere kreativ i tekstane ein skriv, fordi ein ikkje er van til å finne på ting sjølv.
AI er også læringshemmande fordi elevane ikkje vil lære gjennom feil, noko eg trur vil gi mykje meir overflatisk forståing.
Å bruke AI frå tidleg skulealder vil gjere det vanskelegare når ein skal studere vidare på universitetet. Viss det i seinare tid blir oppdaga at du har brukt AI til å jukse under studiane dine, kan du miste jobben.
Derfor er det viktig at vi veit korleis vi er kreative sjølve, skriv tekstar og finn informasjon. Viss ikkje, vil du slite seinare.
Alt i alt meiner eg at AI er eit verktøy som skapar meir press i skulen. Forventningane og resultata vil bli høgare, men konsekvensane for å bli tatt er også store. I tillegg er AI læringshemande, noko som igjen fører til langtidsproblem.
Vil vi leve i eit samfunn der AI gjer heile jobben?


.jpg)







English (US)