Endrar gigantiske kraftplanar etter massiv motstand

2 days ago 14



I Suldal i Rogaland og Røldal i Vestland er det planar om Noregs største kraftutbygging på 40 år.

Planen er å utvida frå 9 til 13 kraftverk.

Dette vil dobla effekten frå 620 megawatt (MW) til 1320 MW.

Prislappen er på 8–9 milliardar kroner.

Men gigantplanane har møtt massiv motstand.

Det handlar i hovudsak om Noregs nest største villreinstamme, som er utryddingstruga i området.

Alt frå grunneigarar til statsforvaltarar har protestert, og det er særleg pumpekraftverka som er problemet.

Også fleire i lokalsamfunnet i Røldal har reagert kraftig på planane.

Dei fryktar store negative konsekvensar for natur- og friluftsliv.

Men nå har Lyse Kraft endra på planane i ein ny søknad til NVE.

Selskapet seier dei har lytta til innspela og brukt tida etter høyringa til å vidareutvikla prosjektet.

– Den løysinga me no legg fram gir mindre anleggsomfang, færre naturinngrep og betre tilpassingar for villreinen, samtidig som verdien for prosjektet for kraftsystemet blir halden oppe, seier Bjørn Honningsvåg, administrerande direktør i Lyse Kraft, i ei pressemelding.

Bjørn Honningsvåg i Lyse

Bjørn Honningsvåg er administrerande direktør i Lyse Kraft.

Foto: NRK

Tek ut kraftverk

Ifølge Lyse er den største endringa at planane om Novle 2, med eit pumpekraftverk mellom Votna og Valldalsmagasinet, blir tatt ut av prosjektet (sjå kart).

I staden foreslår Lyse å auka kapasiteten i Røldal 2 kraftverk.

Det gir høgare samla installert effekt samtidig som det totale anleggsomfanget blir mindre, ifølge selskapet.

Endringa inneber mellom anna:

  • Omtrent 500.000 kubikkmeter mindre deponimassar.
  • Ingen nye inngrep ved Liamyrene, Novle og i Valldalen.
  • Inga pumping frå Valldalsmagasinet til Votna.

– Ved å ta Novle 2 ut av planane reduserer me både naturinngrepa og kompleksiteten i prosjektet, seier Honningsvåg til NRK.

– Samtidig held me oppe dei viktigaste gevinstane for kraftsystemet i det som er eit svært viktig prosjekt for Noreg, held han fram.

Her ønska Lyse og Hydro opphavleg og bygga fem nye kraftverk (dei raude prikkane). Nå er Novle 2 tatt ut av Lyse sine planar.

Foreslår nye tiltak for villrein

Omsynet til villreinen har vore eit sentralt tema i arbeidet med den justerte løysinga, ifølge Lyse.

Når vassmagasina blir fylt opp og tappa ned, blir isen fort utrygg for villreinen som brukar magasina som ferdselsveg vinterstid.

Flokken i Setesdal og Ryfylke tel om lag 1700 dyr, og er Europas sørlegaste villreinstamme som Norge har forplikta seg til å ta vare på.

Foto: Steffen Vadla

Ifølge Lyse viser oppdaterte fagutgreiingar at bruken til villreinen av området i stor grad er knytt til vintertrekk og stabile isforhold, særleg ved Holmavatnet.

Lyse foreslår derfor eit nytt, funksjonsbasert regime for regulering av Holmavatnet om vinteren.

Målet er å leggja til rette for islegging når dei naturgitte forholda ligg til rette for det og samtidig sikre nødvendig fleksibilitet i kraftproduksjonen.

Forslaget inneber mellom anna at det ikkje skal pumpast vatn til Holmavatnet i periodar der forholda ligg til rette for isdanning.

Etter at isen er etablert, kan pumping skje innanfor nærare definerte rammer.

– Me meiner målretta og kunnskapsbaserte tiltak gir betre effekt enn generelle restriksjonar. Dette er eit forslag som tek omsyn til behovet til villreinen samtidig som det varetek verdien av prosjektet for samfunnet, seier Honningsvåg.

Usikker på konsekvensar for villreinen

Alf Odden er blant dei som har vore mest uroa for villreinen.

Han seier det i utgangspunktet er positivt at Lyse nå legg opp til restriksjonar for pumping til Holmavatnet om vinteren.

– Om Lyse sine nye planar verkeleg vil sikra villreinens framtidige bruk av isen på Holmavatnet, kan ikkje vurderast skikkeleg før ein har sett detaljane i søknaden, seier verneområdeforvaltaren for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR), til NRK.

en mann med hatt og briller

Alf Odden er verneområdeforvaltar for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) og på lag med villreinen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ifølge Odden er det stor usikkerheit knytt til korleis auka reguleringshøgde og nytt pumperegime vil påverka isen på Holmavatnet, og ikkje minst korleis villreinen vil reagera på endringane.

– Verneområdeforvaltninga går i dialog med Lyse for å sikra at eit eventuelt prosjekt får så få negative konsekvensar for villreinen som mogleg.

Positiv ordførar

Ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug (Ap), er positiv til at det er ein stor forskjell frå den opphavlege søknaden.

– Me har stilt ei rekkje krav som me ser er innfridde, men langt frå alt. Det er flott at Lyse forbetrar planane, så skal me sjå om dei forbetrar dei nok, seier ordføraren.

Han seier det er viktig med godt samarbeid mellom utbyggjar, stat og kommune.

Om ikkje meiner han det er umogleg å stilla seg positiv til planane.

– Stadig vekk blir det sådd uvisse om ordningane som vertskommunane har. Det må på plass, seier han.

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune

Roald Aga Haug (Ap) er ordførar i Ullensvang kommune, der store delar av kraftutbygginga skal skje.

Foto: Tale Hauso / NRK

Reduserte straumprisar

Røldal-Suldal er eit av Noregs største vasskraftsystem og speler ei viktig rolle i forsyningstryggleiken i Sør-Noreg.

Opprustinga skal gi meir fleksibel og regulerbar kraftproduksjon utan å ta i bruk nye vassdrag.

Utbygginga kan bidra til å redusera straumprisane, spesielt på dagar med svært høge prisar, ifølge Lyse.

Ei simulering gjort av Lyse Kraft viste at på ein dag med straumprisar på opp mot 7kr/kWh, kunne utbygginga senka prisen med over 60 prosent.

Lyse ber no NVE leggja den justerte utbyggingsløysinga til grunn for den vidare behandlinga av konsesjonssaka.

Oppdaterte berekningar viser også at kommunane (Suldal og Ullensvang) samla kan få litt over 40 millionar kroner meir i eigedomsskatt i byggjeperioden enn det som låg til grunn i den opphavlege søknaden.

Kommunane vil også få varige auka inntekter på om lag 20 millionar kroner årleg i forhold til det dei får i dag. I tillegg vil det bli ein auke i konsesjonskraftvolum og konsesjonsavgifter.

Publisert 15.06.2026, kl. 12.00 Oppdatert 15.06.2026, kl. 12.30

Read Entire Article