– Vi opplevde at ungdommar som kunne ha relevant informasjon eller observasjonar om brannen vegra seg for å forklare seg. Dette gjer oss bekymra.
Det seier politikontakt i Stange, Pål Vegard Fjellestad.
Det var søndag kveld at det braut ut brann på ungdomsskulen på Løten.
Ville ikkje snakke med politiet
Det spreidde seg raskt bilde og videoar i sosiale medium av det som skulle vere starten på brannen.
I videoane er fleire ungdommar og rykteflaumen var stor.
Mykje usikra informasjon spreidde seg raskt.
Politikontakt Pål Vegard Fjellestad.
Foto: Politiet / PressefotoDette var eit naturleg spor for politiet å følge opp – og dermed spurde dei fleire ungdommar om dei hadde observert eller visste om noko som var av interesse for politiet.
Ungdommane var tilbakehaldne med å fortelje politiet med det dei eventuelle visste.
– Vi er bekymra for at ungdom ikkje tør å seie det dei veit. Det svekker tryggleiken og hindrar førebygging. Å seie ifrå om alvorlege forhold er omsorg for venner og nærmiljø, seier Fjellestad.
Skuldar på sosiale medium
Omgrepet «snitching», eller tystar, er absolutt ikkje noko nytt – det har versert i ungdomsmiljøer i fleire år.
Men politikontakten i Stange har sett at dette ei ein aukande trend.
– Ofte handlar det om normer i enkelte miljø der det er lojalitetspress og ein er redd for sosiale sanksjonar. Fleire misforstår at det å seie ifrå om alvorlege forhold er tysting. I tillegg er mange redd for at deira namn og bilde kan bli spreidd i løpet av sekund i sosiale medium.
Han har ei klar oppfordring om at samfunnet og foreldra har ei spesiell viktig rolle i å formidle om at det er viktig å seie ifrå.
– Vi må gjere varsling trygt. Vaksne må stå samla i bodskapet og støtte dei som seier ifrå.
Hamar Arbeiderblad omtalte saka fyrst.
Ser trend over heile landet
Ordførar i Løten kommune, Marte Larsen Tønseth (Sp), ser alvorleg på saka.
– Vi opplever at det er ein stor snitchekultur blant ungdomane. Det er alvorleg og vi ser at dette spreier seg over heile landet.
Ordførar i Løten, Marte Larsen Tønseth.
Foto: Knut Storvik / NRKHo ber vaksne personar ta ein prat med ungdommane slik at det opplevast som trygt å seie ifrå og hjelpe politiet.
– Det er vanskeleg å seie kva det skuldast, men sosiale medium har vorte eit enormt maktmiddel. Det er krevjande for mange og konsekvensane for den enkelte kan fort bli stor.
Har avhøyrd fleire mindreårige
Anders Møllersen, politiadvokat i Innlandet, stadfester overfor NRK at det er ei gjentakande problemstilling.
– Det er likevel fleire mindreårige som har latt seg avhøyre i denne saka.
Det brann kraftig søndag.
Foto: Anne Kari Løberg / NRKTo mindreårige jenter er sikta i saka for grovt skadeverk.
I tillegg gjekk ryktebørsen varm i Løten etter brannen der fleire videoar og bilde vart delt i sosiale medium.
Fleire av desse viste mindreårige i området der brannen skal ha starta.
Ba folk slutte å spreie videoar
Politiet var raskt ute med å be folk om å slutte å spreie desse videoane og bilda.
– Vi har gjort ein del digitale beslag og går gjennom dei. Samtidig har vi fokus på å sikre ting som kan bli borte, slik som videoovervaking. Vi gjennomfører også ein del vitneavhøyr.
Politiadvokat Anders Møllersen
Foto: NRKDen eine av dei mindreårige som er sikta i saka stiller seg uforståande til siktinga ifølge forsvarer Camilla Lie.
Forsvarer til den andre jenta som er sikta, Mette Yvonne Larsen, vil ikkje opplyse om korleis hennar klient stiller seg til siktinga.
Publisert 28.08.2025, kl. 11.41