Tollsatsane blei innført klokka 05 onsdag morgon norsk tid.
Fleire land har prøvd å få president Donald Trump til å snu, men dei har ikkje blitt høyrt.
Konsekvensane av tollsatsane på 25 prosent er mange og uoversiktlege. Nokre bransjar vil bli ramma hardare enn andre.
Satsane gjeld alle land, utan unntak, og kan ramme både norske og europeiske selskap hardt.
EU svarer
EU-kommisjonen kunngjorde mottiltaka sine i ei pressemelding onsdag morgon.
– Som svar lanserer kommisjonen ei rekke mottiltak for å verne europeiske selskap, arbeidarar og kundar frå effektane av desse urettelege handelsrestriksjonane, skriv kommisjonen.
EU vil blant anna innføre på nytt mottiltaka som blei innførte mot Trumps straffetoll i 2018 og 2020. Desse trer i kraft igjen 1. april og vil ramme blant anna båtar, whisky og motorbåtar.
Tiltaka kan omfatte produkt opptil 26 milliardar euro, godt og vel 300 milliardar kroner, ifølge EU.
Kommisjonen skriv også at dei vil innføre fleire tiltak enn dei nemnt over. Kva for tiltak det er snakk om, er enno ikkje kjent.
Skal produsere sjølv
Ifølge Trump kjem tollsatsane til å føre til at det blir opna fleire stål- og aluminiumsverk i USA. Han har og eit mål om at det skal skape fleire arbeidsplassar.
Canada står for omtrent 50 prosent av all aluminiumimporten til USA, og 20 prosent av stålet, ifølge NTB, som siterer konsulentselskapet EY.
Også Brasil og Mexico eksporterer mykje stål, mens Dei sameinte arabiske emirata og Sør-Korea eksporterer mykje aluminium til landet.
Interessert i meir utanriks? Høyr den nyaste podkasten til utanriksredaksjonen:
Publisert 12.03.2025, kl. 06.26 Oppdatert 12.03.2025, kl. 07.26