Redningsaksjon i Øygarden: Fått kontakt med siste kajakkpadlar

2 days ago 17



Tredje og siste kajakkpadlar er funnen på land, melder politiet kl. 17.30.

– Han er komen på land og er i god behald, seier Tore Fanebust, vaktkommandør i 110 Vest.

Kl. 15.48 meldte politiet at to kajakkpadlarar hadde velta utanfor Ågotnes i Øygarden kommune.

Ein svømte i land og fekk meldt ifrå til naudetatane, og den andre vart plukka opp av redningshelikopter kort tid etter.

Det var tre kajakkpadlarar i følget.

Ein mann i slutten av 30-åra og to menn i 50-åra, opplyser Oddgeir Andersen redningsleiar i Hovudredningssentralen.

Ein og ein halv time seinare kunne politiet melde om at den siste og tredje personen også var funnen.

– Han hadde padla i land der dei hadde avtalt å treffast, seier Fanebust.

Ein flydd til Haukeland universitetssjukehus

Kajakkpadlaren som svømde i land og melde ifrå via Kystradioen skal vere i god behald.

DKHO

Ein av padlarane vart sende til Haukeland universitetssjukehus etter han vart plukka opp frå sjøen.

Foto: Nina Kausland / NRK

Mannen som vart henta opp frå sjøen med redningshelikopter er send til Haukeland universitetssjukehus.

– Utover det har vi ikkje noko meir inngåande informasjon om helsetilstanden hans, seier Andersen.

Den siste kajakkpadlaren kom i land på eiga hand og er også i god behald.

– Han visste truleg ikkje at kameratane hans hadde kantra, seier Andersen.

Stor redningsaksjon

Ein større redningsaksjon er vart sett i gang i Hjeltefjorden utanfor Ågotnes, sør for Ramsøyna.

DKHO

Alle naudetatar og fleire private fartøy var involverte i søket.

Foto: Nina Kausland / NRK

Både redningshelikopter, ambulansehelikopter, brannbåt, ambulansebåt og politibåt var ute.

– I tillegg har alle båtar rundt om har fått beskjed om å sjå etter vedkomande, seier Tore Fanebust i 110 Vest.

Det var sterk vind i område og kuling frå nord, opplyser Hovudredningssentralen.

– Så det var røffe forhold for mindre fartøy i sjøen, seier Andersen.

Publisert 03.05.2025, kl. 17.14 Oppdatert 03.05.2025, kl. 18.29

Read Entire Article