Ingen visste kva som skjulte seg i den stille stjerneeleven.
Like før 18-årsdagen fekk ho svar på spørsmåla sine.
Ezra fall ut av sporet. No har ho funne vegen tilbake.
Ezra Kjos Sunde (20) var usynleg. No gir ho eit billig kommunalt tiltak æra for framgangen.
– Allereie på barneskulen lærer eg meg å skjule meg.
Ezra sin tilstand gjer at ho både skjelv og kan svime av dersom ho blir skikkeleg sliten.
I klasserommet på Vassenden i Sunnfjord trener ho seg på å skjule korleis kroppen hennar reagerer når ho blir utsliten eller stressa.
– Allereie på barneskulen veit eg at eg er annleis, og eg blir dyktig på å skjule det eg må.
Den unge ballerinaen blir raskt glad i mattematikk og kunst og handverk.
PrivatHeile skulegangen til Ezra er prega av gode resultat, høge karakterar.
På fritida er ho typen som er med på alt.
Det går i musikk, ballett og lagidrett.
Ingen er klar over arbeidet som ligg bak.
– Fordi det er umogleg å fokusere i timane, må eg gjere alt arbeidet dobbelt.
– Eg ligg oppe om nettene og tenker på tysk grammatikk og reknestykke.
Med eit karakterkort dynka i femmarar og seksarar, er det ingen som stiller spørsmål.
Samtidig opplever ho aldri følelsen av å passe inn.
– Eg er ein av dei usynlege. Ingen ser meg. Ingen høyrer på meg når eg prøver å fortelje.
Orkar ikkje meir
Sommaren etter førsteåret på vidaregåande blir ekstremt tung.
– Eg jobbar som servitør på ein restaurant heime. Det er nok lengst frå det ein som meg bør ha som jobb.
Tårene fossar medan ho trillar nedover gangvegen på veg til jobb.
I lang tid har Ezra vore bestemt på éin ting.
Ho vil ikkje leve.
Ingen veit at ho allereie har forsøkt å ta livet sitt.
Etter tredje forsøk, blir ho send til psykolog. Då endrar alt seg.
– Mange fortel om ein kamp for å få diagnose. Når eg får time med psykolog, får eg hjelp med ein gong.
Dei startar på ei utgreiing, og like før 18-årsdagen får ho sjå svart på kvitt at ho har autisme.
Diagnosen gir mange svar men er ikkje nokon magisk medisin.
For dei av oss med autisme kan det vere meir vanleg å fastne i tankar eller interesser.
Dette kan gi ein rutinebasert eller rigid veremåte, ifølgje professor og overlege Maj-Britt Posserud.
Vidare forklarer professoren at dette kan gjere det vanskelegare å bryte ut av ein periode der ein stenger ute omverda.
I Ezra sitt tilfelle startar ein stor jobb utifrå ei ny sjølvforståing.
Ho kan stoppe seg frå å hamne i «hyperfokus» i heile dagar.
Ho får tak i eit solsikkeband som viser at ho har eit usynleg handikap.
Solsikkeband gir teikn til andre om at ein har eit handikapp som er usynleg.
"Eg svimar av, det går bra", fortel kortet. Fleire gonger har nokon sett kortet og forstått kva som er lurt å gjere.
"Ver grei og ikkje ta på kroppen min eller stå for nære".
Ho veit kva som skal til.
Inga eventyrløysing
Tredjeåret er så vidt i gang når mora får ho til å forstå at ho må droppe ut.
Utan verken skule eller jobb veks dei mentale vanskane.
Ho sperrar seg inne, den sosiale angsten forverrar seg, og ho lukkar seg inn frå venner og familie.
– Eg har tre gode venner, men vi er spreidd i vinden.
Ho har ingen plass å gå, og ho sit heime.
Det første steget blir å få tettare, ærlegare kontakt med mora enn ho nokon gong har hatt.
– Ho er ei enorm støtte. Vi har eit system der eg seier nei, så kverulerer ho litt, så seier eg ja, fortel Ezra og ler.
Livet hennar er derimot ikkje noko eventyr der alt plutseleg blir bra.
20-åringen har aldri følt seg så bra i eiget skinn.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKFleire gonger skadar ho seg sjølv.
På det mørkaste forsøker ho nok ein gong å avslutte livet sitt.
Ein utveg og ein venn
For Ezra kjem endeleg utvegen ein vårdag i 2024.
– Kommunen skal starte ein møteplass for sånne som meg, folk med autisme.
Då får ho for første gong på lenge ein ny venn.
– Eg og Ingvill er der frå første møte, og eg er der kvar gong utanom når helsa stoppar meg.
– Vi klikka med ein gong, og sjølv om ho har knust meg i Mario Kart tallause gonger, har ho blitt ein venn.
Deltakarane, som Ezra og Ingvill, får bestemme kva dei skal på møteplassen.
For nokon blir det mykje Mario Kart, nokre sit litt i fred, andre snakkar og fortel om dagane sine.
«Kven er du og kva har du gjort med dotter mi?»
Det er spørsmålet frå mora etter nokre møte når Ezra for første gong seier ho vil ut blant folk igjen.
– Det blir for dumt om folk som meg skal vandre rundt utanfor arbeidslivet.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKI august er ho klar til å hauste inn femmarar og seksarar på skulen igjen.
Er du klar fordi du har jobba med deg sjølv eller på grunn av møteplassen du har her?
Det er ikkje tvil i svaret.
– Absolutt møteplassen her! Det er under eitt år sidan eg starta her. Eg var ute av skulen og ute av jobb. No er eg klar for å kome tilbake.
Denne gongen blir det andre bollar. Ho veit korleis ho fungerer. Det blir ei kontrollert oppskyting.
Tilbodet
Etter ei rekke etterspørslar frå legar og spesialistar, starta Finn Ove Arnes i Sunnfjord kommune å planlegge det som han kallar eit relativt billig tilbod.
– Prislappen her er berre arbeidstimar, det er som å ha ei 12 prosent stilling.
Arnes meiner at tilbodet krev lite av kommunen når planlegginga er gjort.
Arnes er ikkje Asgeir, men kollegaane meiner han er sjefen over alle sjefar likevel.
Foto: Magnus Vattekar Sandvoll / NRK
– Eit intenst arbeid med planlegging er det vi no ser i levande live. Vi får med fleire og fleire og ser at det har effekt på brukarane.
Ezra meiner det fungerer fordi det var skreddarsydd for personar som ho, ei gruppe med store variasjonar.
Leiaren i Autismeforeningen, Ruth Gravdal, meiner tilrettelegginga kommunen gjer, betyr ufatteleg mykje for dei av oss med ein autismediagnose.
– Dette er ofte dyktige folk som berre treng ei lita tilpassing. Vi seier ofte at dei 'stryk i lunsjpausen'.
Det å få ein ekstra arena kan gjere all forskjellen på om personar som Ezra får til, og får lyst til å vere sosiale og meistre jobben.
Det Gravdal hevdar er nettopp det som no har skjedd for 20-år gamle Ezra som kan ramse opp jobbane ho har hatt.
Barnehagebarn har sakna ho når ho slutta, ein prest har preika om ho etter ho gav seg i kyrkja.
20-åringen har aldri følt seg så bra i eiget skinn.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK– Dette er berre positivt for folket, det hjelper å ha folk rundt seg. Sjølv om du ikkje er eit sosialt menneske. Det har eg lært, for eg er ikkje eit sosialt menneske.
Kvar er du om fem år? Kva gjer du? Korleis ser timeplanen ut?
– Etter å ha vore så lågt nede mentalt som eg har vore endrar livssynet seg. Så lenge eg ikkje hamnar i eit svart hol og ikkje ser nokon utveg, er det bra.
Publisert 04.05.2025, kl. 12.46