Familiefar dømd til fengsel i 11 1/2 år for overgrep og mishandling

4 days ago 18



Ein mann i 50-åra er dømd til fengsel i 11 år og 6 månader for overgrep mot eitt barn og mishandling av familien sin i årevis.

Det går fram av dommen frå Møre og Romsdal tingrett.

Mannen sjølv nektar for alt, men det festar ikkje retten lit til:

«Etter rettens vurdering er tiltaltes forklaring om at det ikke skal ha skjedd seksuelle overgrep et forsøk på å komme seg unna straffeansvar og soning av en lang fengselsstraff for forhold som er tabubelagt. Det er etter rettens vurdering ikke noe i bevisførselen som støtter tiltaltes forklaring».

Bistandsadvokat Arnhild Skretting seier til NRK at det er godt for barnet å bli trudd av ein samrøystes rett.

– Men min klient uttalar at ingen dom eller erstaning kan gje barnet tilbake barndommen eller livet sitt, seier ho.

Det har ikkje lykkast NRK å få nokon kommentar frå mannen sin forsvarar.

Advokat Arnhild Skretting i Advokatfirma Skretting

Arnhild Skretting er bistandsadvokat for barnet som retten meiner det gjekk hardast ut over.

Foto: Anne Lise Norheim

Overgrep i mange år

Spesielt hardt har det gått ut over eitt av dei eldste barna. Syskena forklarte i retten at årsaka til det var at ho ikkje gav etter og tilpassa seg.

Mannen er dømd for å ha forgripe seg seksuelt mot barnet frå før 14-års-alderen og i mange år.

Overgrepa skal ha skjedd mange år tilbake, og ville i dag blitt rekna for valdtekter etter at den nye straffelova blei innført.

Dette skal faren ha fått til ved å true med å ta livet både av seg sjølv og resten av familien.

I retten kom det fram at overgrepa ofte skjedde etter at barnet hadde gjort noko gale. Under påskot av å ville rettleie barnet, skal han ha forgripe seg.

– Det er ei svært alvorleg sak der det er mange fornærma og det er begått grove overgrep over tid, seier statsadvokat Inger Myklebust.

Advokat Inger Myklebust.

Statsadvokat Inger Myklebust.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Dømd for mishandling av sambuar og fem barn

I tillegg til omfattande seksuelle overgrep er han også dømd for mishandling av den tidlegare sambuaren sin og alle fem borna.

I dommen kjem det fram at fleire i familien måtte ha lege- og tannlegehjelp etter å ha blitt utsett for vald.

Fleire av barna skal sjølv ha sagt frå til barnevernet fleire gonger. Ifølgje dommen har det også kome inn tips frå andre:

«Det er også innkommet anonyme bekymringsmeldinger til barneverntjenesten der det rapporteres om høylytt barnegråt og tydelige slag, og funn av brukket kosteskaft.»

Må betale millionerstatning

No må faren betale 6,7 millionar i erstatning, det aller meste til det barnet som har blitt utsett for omfattande overgrep i årevis.

Mannen er også dømd til å halde seg unna barnet og den tidlegare sambuaren sin i fleire år framover.

Dommen er identisk med det politiet ba om.

Det er førebels ikkje klart om familiefaren ankar, men det er sett av tid til ei eventuell ankesak i oktober.

Publisert 11.06.2025, kl. 14.15 Oppdatert 11.06.2025, kl. 15.29

Read Entire Article