Fann bane­brytande metode for å avdekke aggressiv kreftform

2 weeks ago 10



Det er forskarar ved universitetet NTNU i Trondheim som har funne ein heilt ny metode for å avdekke aggressiv prostatakreft.

Dette er i dag den vanlegaste forma for kreft blant menn i vestlege land.

Dødelegheita har dei siste tiåra gått markant ned, ifølge ein studie frå Kreftregisteret ved FHI. Likevel døydde 16.649 menn under 85 år av prostatakreft i dei nordiske landa i perioden 2018–2022.

Så det er liten tvil om at nye funn som kan hjelpe, vil ha mykje å seie for mange.

– Det høyrest veldig bra ut. Eitt problem er jo at særleg det kjønnet eg tilhøyrer, er for seine med å gå til legen. Vi skyv det framfor oss. Her må du ta aksjon med ein gong.

Det seier Harry Arne Solberg til NRK. Han blei operert for aggressiv prostatakreft 1. desember i fjor.

– Ikkje redd

Solberg fortel at han gjekk til årlege kontrollar. Og at tala var fine fram til i fjor. Då var dei så vidt over grensa for kva ein PSA-test bør vise. Saman med urologen bestemte han seg for å vente eit halvår og sjå.

I november i fjor hadde verdiane auka, og då blei det oppdaga to svulstar. Éin av dei var vondarta, fortel Solberg.

– Då var det berre å legge seg på operasjonsbordet.

Mann smiler til kamera.

Harry jobbar som professor ved NTNU Handelshøgskulen. Han er allereie tilbake i arbeid, og seier han er glad for at han har ein jobb der det er mogleg.

Foto: Mette Vollan / NRK

Solberg seier det var eit sjokk å få beskjeden. Tidlegare i livet har han lurt på korleis han eventuelt kom til å reagere på noko sånt.

– Men eg har ikkje vore redd. Det er veldig gode moglegheiter for å bli frisk om det blir tidleg oppdaga. Og det har gått overraskande bra. Eg har vore meir opptatt av dei utfordringane som eg veit kjem undervegs, seier han.

Kva variant?

Prostatakreft er knytt til aldring.

– For dei aller fleste er dette ein sjukdom som veks svært sakte. Og ein kan leve godt utan behov for behandling, men med aktiv overvaking. Men det er nokon som får ein aggressiv variant med tilbakefall av kreft sjølv etter kirurgi.

Det seier May-Britt Tessem. Ho er professor ved NTNU og prosjektleiar bak den nye studien. Forskinga er publisert i det anerkjente tidsskriftet Nature Communications.

May-Britt Tessem smiler til kamera

– Denne studien er utruleg viktig, fordi vi forstår veldig lite av kvifor og korleis prostatakreft blir aggressiv, seier forskaren.

Foto: Mette Vollan / NRK

Tessem meiner det i dag ikkje er presise nok metodar for å avdekke kven som får ein mild variant, og kven som får den aggressive typen.

– Sjukdommen oppfører seg svært ulikt frå pasient til pasient. Å forstå kva som gjer kreften aggressiv, er avgjerande for betre diagnostikk og behandling, seier ho.

Ein eigen signatur i gena

For å finne svar, har forskarane blant anna analysert prostataveva til pasientar som tidlegare har hatt denne krefttypen. Både dei som har hatt den aggressive typen, og dei som har hatt den mildare varianten.

Sjølve prøvene frå pasientane blei tatt for omtrent 10–15 år sidan.

Og det dei oppdaga, har ingen i verda klart før dei.

– Aggressiv prostatakreft ser ut til å henge saman med inflammasjon både inne i tumoren og i området rundt kreftcellene, kombinert med spesifikke genetiske signaturar og metabolske endringar i prostatavevet. Denne kunnskapen kan gi betre metodar for tidleg identifisering av pasientar med høg risiko, seier Tessem.

Da kan dei sette inn tiltak.

– Vi kan jobbe vidare med å utvikle medikament, slik at vi kan hindre framleis utvikling av prostatakreft, seier forskaren.

– Ser de svakheiter ved studien som treng meir forsking?

– Vi veit framleis ikkje bakgrunnen for dei biologiske prosessane, kvifor desse markørane forårsakar aggressiv prostatakreft. Det er noko vi må jobbe vidare med for å forstå.

Mange får påvist sjukdommen

I dag blir prostatakreft avdekt gjennom ei rektalundersøking hos legen, eller ei blodprøve som heiter PSA. Blodprøva har ført til at mange har fått påvist sjukdommen dei siste åra.

Talet på nye tilfelle av prostatakreft ligg på omtrent 5.200 kvart år.

Harry Arne Solberg er éin av dei.

Han fortel at det har vore ein del utfordringar etter operasjonen. Blant anna det å ha kontroll på eiga blære.

Han forklarer at det å vere ein vaksen mann i 60-åra som skal gå med bleie, ikkje har vore lett.

Diagnosen har også ført til andre avgrensingar.

– Dans er ein hobby, men det fungerer ikkje bra når ein er i ein slik situasjon. Eg går også på ski, men dette må eg sette på vent. Og det påverkar også den seksuelle evna, seier han.

Solberg meiner openheit rundt diagnosen er veldig viktig. Han trur det gjer noko med korleis folk rundt tør å nærme seg situasjonen.

– Venner og kjente blir meir vane med, og litt modigare til, å stille spørsmål. Då veit ein betre korleis ein bør stille opp.

– Vi som er i ein sånn situasjon har behov for å snakke med nokon – at nokon ser oss og bryr seg om oss. Og vi ønsker jo, som venner, å vise at vi bryr oss om dei som blir ramma, seier Solberg.

Vil senke terskelen

– Vi prøver å forstå sjukdommen, og vi veit at kreft er ein veldig kompleks sjukdom.

Det seier senioringeniør Sebastian Krossa ved NTNU. Han har vore sentral i arbeidet med studien.

Krossa smiler til kamera

– Det er sjølvsagt vanskeleg å seie om dette har direkte nytte for ein pasient i dag, for det tar gjerne tid før vi kan bruke dette i praksis, seier Krossa.

Foto: Mette Vollan / NRK

Krossa meiner det er ei kjent problemstilling at mange menn ignorerer sjukdom, og at terskelen for ei rektalundersøking er høg.

– Det er jo initiativ for screening i Noreg no, som forhåpentleg drar terskelen litt ned.

Målet med forskinga er å legge grunnlaget for at det på ein enkel måte skal kunne gå an å screene kven som har aggressiv kreft. For eksempel gjennom ei blod- eller sædprøve, seier Krossa.

Forsker Sebastian Krossa ved NTNU

– Alle behandlingar har konsekvensar for deg som pasient, seier Krossa.

Foto: Mette Vollan / NRK

Han fortel at det å hindre overbehandling er eit like viktig mål som å finne ut kven som verkeleg treng hjelp.

– Med overbehandling siktar ein til det at du får ei behandling som du eigentleg ikkje treng. For prostatakreft er konsekvensane impotens eller inkontinens. Det er ikkje noko ein ønsker, spesielt om det ikkje er nødvendig. Derfor er vi opptatt av å finne ut kven som verkeleg treng behandling og ikkje.

Publisert 05.02.2026, kl. 09.01

Read Entire Article