Ein person blei funnen død på strandlinja på øya Mosken i Værøy kommune utanfor Lofoten i går.
Personen blei funnen av organisasjonen In the Same Boat som dreiv med strandrydding i området.
– Ein av dei frivillige i mannskapet fann kroppen som låg i flomålet, altså heilt nede i vasskanten. Han forstod kva det var og melde vidare til teamleiar og til meg.
Det seier leiar for strandryddarorganisasjonen In the Same Boat, Rolf-Ørjan Høgset.
Fleire frivillige var med og rydda strandsona på øya Mosken da personen blei funnen. Personen på dette bildet er ikkje den same som fann den avdøde.
Foto: Rolf-Ørjan Høgset / In The Same BoatGruppa hadde nesten rydda heile strandlinja på øya da funnet blei gjort. Berre 100 meter stod att før laget var ferdig for dagen.
– Det var ei brutal oppleving. Det har prega heile teamet.
Politiet: vil gjere obduksjon
Politiet opplyser til NRK at funnet blei gjort litt over klokka 14.00 fredag.
Dei har vedtatt å gjere obduksjon av avdøde for å avklare identitet, dødstidspunkt og om mogleg årsak.
– Politiet rykte ut til staden og gjorde undersøkingar gjennom ettermiddag og kveld i går, seier Tommy Bech hos operasjonssentralen laurdag til NRK.
Øya Mosken ligg mellom Lofoten og Værøy. Det er inga fastbuande befolkning på øya.
– Er det nokon som er sakna i området, eller har de ein mistanke om kven dette kan vere?
– Politiet har starta etterforsking, og det å sjekke register over sakna personer vil vere ein naturleg del av den vidare etterforskinga. Eg har ikkje oversikt over det på noverande tidspunkt.
– Førebudd på at vi kunne finne ein død kropp
In The Same Boat ryddar om lag 70 prosent av den norske kysten gjennom ryddeprosjekta sine.
– Derfor har vi har vore førebudde på at vi på eit eller anna tidspunkt kunne finne leivningar eller ein død kropp, og vi har rutinar på dette, seier Høgset i strandryddarorganisasjonen.
Dei varsla med ein gong politiet om hendinga. Dei har også tatt var på søppelet som blei funne i nærleiken av personen.
Rolf-Ørjan Høgset er leiar for organisasjonen In The Same Boat. Kvart år leier han over 150 frivillige frå fleire land i å rydde kysten i Noreg.
Foto: In the same boatHøgset fortel at noko av det første dei frivillige i organisasjonen lærer er korleis dei skal opptre om dei finn ting som er vanskeleg å handtere, som sprengstoff, døde dyr eller døde menneske.
– Det er vanskeleg å vite korleis folk vil reagere. Vi brukt mykje tid på å snakke om det, og kjem til å følge det opp vidare.
Strandrydderoganisasjonen In The Same Boat er for tida i Lofoten som ein del av eit ryddeprosjekt, finansiert av Handelens miljøfond. Denne stranda ligg i nærleiken av der personen blei funnen.
Foto: Rolf-Ørjan Høgset / In The Same Boat– Vi tenker på familien til avdøde, og prøver å sjå det at han er funnen som noko positivt. Det kan bety at nokon får ei avklaring, seier Høgset.
Laurdag har teamet tatt ein pause frå strandryddinga, men dei planlegg å rydde vidare i Lofoten allereie søndag.
Publisert 13.06.2026, kl. 18.20













English (US)