Fann unikt kultur­minne under vatn

10 hours ago 4



– Det er første gong vi har funne eit slikt kulturminne under vatn, seier Anders Schouw, marinarkeolog ved Bergens Sjøfartsmuseum.

Funnet blei gjort i ein i Telavåg på Sotra i Øygarden kommune utanfor Bergen.

Steinbeltet strekker seg 30 meter over sundet og er cirka 15 meter breitt.

Konstruksjonen er ein del av ein kvalfangstkultur som strekker seg fleire hundre – kanskje tusen – år tilbake i tid.

Einaste funn

Steinbelte-funnet er unikt i norsk samanheng.

Sjølv om ein har visst at kvalfangst har vore viktig for kystsamfunna, har ein mangla fysiske bevis på faste kvalfangstanlegg før nå.

– Det er den einaste strukturen av denne typen som vi kjenner til. Men det betyr ikkje at det ikkje finst andre, forklarer Schouw.

Mann ser i kamera. Foran han på et bord ligger det flere steiner.

Anders Schouw saman med nokre av steinane dei fann i Telavåg.

Foto: Sofie Skumsnes / NRK

– Fastanlegga til kysten er generelt lite dokumenterte kulturminne, opplyser Ivar Aarrestad, seniorrådgivar i Riksantikvaren.

Han seier funnet er svært viktig.

– Vi bygger mykje langs kysten, så vi må passe på at det ikkje blir øydelagt. Men det er også ein viktig del av historieforteljinga vår, fordi vi er ein kystnasjon, seier Aarrestad.

3D-modell som illustrerer steinen som ble oppdaget. Til venstre ser man den massive steinhaugen og til høyre ser man deler av steinbeltet.

Tidleg fotogrammetri av dei massive steinstrukturane som blei oppdaga. Til høgre ser ein delar av steinbeltet. Det blei også oppdaga eit stor steinhaug til venstre for beltet. Den var cirka ti diameter og fem meter høg.

Illustrasjon: Beatrice Frabetti / IRMAS

Skøyt kvalen med piler

I Telavåg har kvalfangst vore kjent i hundrevis, kanskje tusenvis av år.

Da kvalen svømte inn i våga, blei ho stengd inne av ei tregrind og ein kraftig kvalnot.

– Dei skaut kvalen med bakterieinfiserte armbrøstpiler. Målet var ikkje å ta livet av kvalen, men å gjere han sjuk, fortel Schouw.

Etter eit par dagar blei kvalen så svekt at han kunne harpunerast frå båtar og dragast inn til land.

Arkeologane hadde lenge ein teori om at dei tunge steinane som blei brukte til å halde ned tregrinda, ville ligge igjen på havbotnen som eit spor.

– Teorien var at steinbeltet ville fortelje oss nøyaktig kor grinda hadde stått. Det viste seg å stemme, seier Schouw engasjert.

Et dronefoto av Telavåg i Øygarden. Man ser en våg med en holme i midten, som splitter inngangen til vågen. Vågen smaler seg inn etter holmen.

Oversiktsbilde av Telavåg i Øygarden. Den eine delen av sundet blei dekt av ei tregrind og den andre delen med ein kvalnot.

Foto: Christopher F. Kvæstad / IRMAS

Vanskeleg å datere

Kor gamle steinbeltet og grinda er, er derimot vanskeleg å seie.

– Vi veit eigentleg ingenting om kor gammalt det er. Den einaste referansen vi har til at grindebygginga fann stad, er frå 1530, men kvalfangsten har nok gått føre seg lenger enn det.

For å få eit nøyaktig svar, må dei finne spor av liv mellom steinane.

Dykker under vann som holder en lang stang. Stangen har to kamera på hver side. Man kan også se havbunnen med tang.

Marinarkeologsom dokumenterer arkeologiske strukturar til fotogrammetri.

Foto: Anders Schouw / IRMAS

– Vi er avhengige av å finne restar av organisk materiale, som restar av tau som har festa stokkar til stein. Men da må ein begynne å løfte på ein del stein og grave under dette beltet, noko vi ikkje har gjort ennå.

Nå ventar ein omfattande jobb med å tolke funna frå Telavåg og å kartlegge andre fastanlegg.

Publisert 07.03.2026, kl. 16.31

Read Entire Article