Torsdag annonserte israelske styresmakter ein omfattande utbyggingsplan på Vestbreidda.
22 nye busetnader representerer den største utvidinga på fleire tiår.
– At Israel no etablerer 22 nye busetnader på Vestbreidda, er ulovleg ut frå folkeretten og fullstendig uakseptabelt. Den internasjonale domstolen (ICJ) har vore tydeleg på at okkupasjonen er ulovleg, og må opphøyre, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Israel har okkupert Vestbreidda sidan 1967. FN har fleire gonger slått fast at okkupasjonen er i strid med folkeretten, og har kravd at Israel trekkjer seg ut.
Byggjearbeid i den såkalla utposten Homesh på Vestbreidda. Israel har sidan 1967 etablert 141 busetnader og 224 små utpostar på Vestbreidda.
Foto: Ohad Zwigenberg / AP / NTB– Går i feil retning
Når det motsette no skjer, er FN-sjefen klar i sin tale:
– Planane tek arbeidet med å få på plass ei tostatsløysing i feil retning, seier António Guterres sin talsperson Stéphane Dujarric.
Tydeleg israelsk «fotavtrykk» på Vestbreidda.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKDet var den israelske finansministeren Bezalel Smotrich som annonserte dei nye planane på X torsdag.
Han kalla det ei «historisk avgjerd».
– Neste steg: Suverenitet, skreiv han på X.
Utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Tuva Bognes / UtenriksdepartementetEspen Barth Eide kallar situasjonen på Vestbreidda svært alvorleg.
– Israel sin ulovlege busetnadspolitikk undergrev palestinske styresmakter og bidreg ikkje til tryggleiken for Israel. Berre ein palestinsk stat og ei tostatsløysing vil sikre tryggleiken til både palestinarar og israelarar, seier han.
Forsvarsminister Israel Katz har ansvar for dei israelske bustadområda på Vestbreidda. Han kommenterte avgjerda slik:
– Dette endrar regionen sitt ansikt og formar framtida for busetnadene for åra som kjem.
Planen omfattar både heilt nye busetnader og ei godkjenning av såkalla utpostar som er bygde utan godkjenning frå styresmaktene.
Israelske nybygg på Vestbreidda. Busetnadane varierer frå byar og større samfunn til små klynger med hus.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK– Ei «bevisst hindring» av tostatsløysing
Professor i historie ved UiO og seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet Prio Hilde Henriksen Waage er ikkje overraska over det som skjer no.
Hilde Henriksen Waage.
Foto: NRK– Her legg Israel land under seg, og gjer det heilt umogeleg å skape ein samanhengande palestinsk stat. Dei gjer noko som ikkje kan reverserast.
Dermed vil dette for all framtid hindre etableringa av ein palestinsk stat, seier ho.
Regjeringa i Storbritannia kallar avgjerda ei «bevisst hindring» for ei tostatsløysing, der det blir etablert ein palestinsk stad i tillegg til den israelske.
Jordan seier opptrappinga «undergrev utsiktene for fred».
Det bur rundt 3,3 millionar palestinarar på Vestbreidda. I tillegg har Israel 141 busetnader og 224 såkalla utpostar der, med rundt 700.000 innbyggjarar med israelsk statsborgarskap.
Dei bur i alt frå små utpostar i fjellsidene til større tettstader ned leilegheitsbygg, kjøpesenter, fabrikkar og parkar.
Interessert i meir utanriksstoff? Høyr redaksjonen sin siste podkast!
Publisert 30.05.2025, kl. 11.41