Feira knusande siger med gest: – Den var ny!

2 hours ago 2



Harald Østberg Amundsen og Einar Hedegart storma inn til siger på lagsprinten fredag.

– Hedegart markerer målgangen. Tar av seg begge stavane, gjer dei om til eit sverd, puttar dei i beltet og gir ein salut over mållinja. Den var ny! seier NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland.

Det italienske laget, beståande av Elia Barp og Federico Pellegrino tok andreplassen, mens USA med Ben Ogden og Gus Schumacher hamna på tredjeplass.

Noregs førstelag, med Amundsen og Hedegart, gjekk i tet frå start i sveitsiske Goms.

Langrennskometen gjekk frå resten av feltet på sin andre etappe og kunne sende Amundsen i tet.

– Noreg er i ferd med å sette dette løpet. Dei har køyrt den einaste taktikken som kunne fungere – det er å sette stor fart tidleg, sa Aukland like før den siste runden.

Då Amundsen veksla med Hedegart igjen hadde laget nesten 50 meter på feltet. Då blei det også lett for Hedegart å krysse målstreken først.

– Skulle eg tatt ut et lag basert på det vi har sett så langt i år, ville eg hatt Hedegart på førsteetappe og Klæbo på ein andreetappe, seier Aukland om øvinga i OL.

Han held fram:

– Hedegart har vist at han er verdas beste skøyter og at han meistrar denne distansen optimalt. Om han får gå – det tvilar eg på, men slik eg vurderer det er han svært kvalifisert til å gå den etappen.

Noregs andrelag, med Ansgar Evensen og Even Northug, fekk det tyngre i finalen og hamna på ein 15. plass.

Read Entire Article