Den norske skiskyttaren Johan-Olav Botn har hatt ein eventyrleg sesong.
Før jul var han den beste mannlege skiskyttaren i verda. I OL blei det gull på normaldistanse og sølv på stafetten.
Resultata har også gitt klingande mynt i ei tidlegare tilnærma tom kasse.
– Når eg har sett på bankkontoen min, så har det vore dei same triste tala heile vegen heilt til det plutseleg kom inn ganske store summar på kontoen. Det er da ein skjønner kva ein har gjort, seier Botn til NRK.
Enorme summar rett på brukskonto
Til no har skiskyttaren sopa inn meir enn 1,7 millionar norske kroner i reine premiepengar frå Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) i verdscupen. I OL blir det ikkje delt ut premiepengar.
Det er uvant kost for 26-åringen frå Stårheim, noko han også merka da pengane omsider kom inn på kontoen i romjula.
– Eg var så dum at kontonummeret eg la inn på IBU, var den kontoen eg har kortet mitt på, seier Botn og smiler.
Med andre ord gjekk alle prispengane rett inn på brukskontoen.
– Da eg såg pengane komme inn der, var det å ta ein skjermdump og flytte pengane med ein gong, fortel han lattermildt.
– Klarte du å taste inn rett talet på nullar når det skulle flyttast over?
– Ja, det gjekk heldigvis veldig fint, men det kjennest litt kriminelt ut. Det er ikkje vanleg at sånne summar kjem inn på kontoen i løpet av ei veke, svarer Botn.
– Kjenner deg uendeleg rik
Kontrastane er store frå tidlegare år. Tal frå skattelistene viser at Botn hadde ei inntekt på 269.351 kroner i 2024. Året før låg talet på 151.930.
– Du kjenner deg jo uendeleg rik om du får så mykje på ein gong, seier kjendisøkonom Hallgeir Kvadsheim til NRK.
Etter verdscupopninga i Östersund, der Botn drog inn rundt 710.000 kroner, sa han at han «hadde tent meir på ei veke enn resten av livet, med god margin».
Eit økonomisk oppsving er ikkje uvanleg for idrettsutøvarar som plutseleg får det store gjennombrotet sitt.
Kvadsheim meiner Botn og andre i same situasjon er nøydde til å tenke langsiktig.
– Det er så lett å tenke på det som ein lottogevinst, men det skal på ein måte kompensere for åra du tente lite og kanskje sette til side utdanning og yrkesrøynsle. Det skal også kompensere for framtida, fortel økonomen.
«SOM EIN LOTTOGEVINST»: Hallgeir Kvadsheim, som blant anna er kjent frå TV-programmet Luksusfellen, meiner idrettsutøvarar må ha eit langtidsperspektiv når dei sikrar seg store pengepremiar.
Foto: Rolf Petter OlaisenFor like fort som det går opp, kan det gå ned igjen. Ein idrettsutøvar kan miste store delar av inntekta dersom det oppstår skadar, sjukdom eller formsvikt.
Kvadsheim, som sjølv har blitt kontakta av ein del idrettsutøvarar for råd, har høyrt om ei rekke tilfelle, både i inn- og utland, der idrettsutøvarar ved karriereslutt plutseleg står på berr bakke.
Da kan det vere greitt å ha spart opp midlar frå dei mest lønnsame åra.
– Det er så utruleg mykje viktigare for dei å salte ned ein del av det dei tener. Dette skal trass alt dekke ein del av «underskotet» som du kanskje får i åra framover som følge av at du ikkje har den same erfaringa som dei andre når du skal ut i eit vanleg arbeidsliv, påpeikar Kvadsheim.
Kjem med råd
Botn er saman med langrennsløpar Karoline Simpson-Larsen, som også har fått det store gjennombrotet sitt denne sesongen.
Da NRK trefte paret heime på Lillehammer tidlegare i år, snakka dei om kor mykje kvardagen hadde endra seg gjennom suksessen på idrettsbanen.
– Ein merkar det på kontoen at ein slepp å leve under fattigdomsgrensa, og at det er litt roande, fortalde Botn.
PENGANE RENNER INN: Både Karoline Simpson-Larsen og Johan-Olav Botn har håva inn store summar denne sesongen.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRKSå blir det store spørsmålet: Kva bør dei gjere med pengane vidare?
– Det er mange idrettsutøvarar som ikkje har noko særleg sparingskapital eller pensjon. Ein må tenke på dette som noko veldig langsiktig, som må settast av til kanskje bustadkjøp og i neste omgang kanskje pensjon, fortel Kvadsheim.
– Det er fint at han tok det vekk frå brukskontoen, men eg trur han også skal ta det vekk frå sparekontoen, legg han til.
Økonomen kjem med nokre konkrete tips for kva Botn bør gjere med gevinsten:
– Hugs ein buffer på 100.000 kroner, det bør du ha. Hugs at du skal kjøpe deg ein bustad, og da må du ha eigenkapital til det. Vidare er det å sette ein del av dette i breie og gode aksjefond.
Dei tipsa er som musikk i øyra for Botn.
– Det er jo akkurat det eg har gjort. Det er bra at eg og Hallgeir er einig. Det er jo ganske enkle tips, så det er berre å gjere det han seier, seier han med eit smil.
USA tok OL-gullet med seg hjem
Publisert 05.03.2026, kl. 06.10














English (US)