Fekk rasande supporterar på nakken: – Ein får mykje kjeft

13 hours ago 5



– Ei fantastisk tid. Eg fekk oppleve Ligue 1, høgt nivå og gode fotballspelarar. Og å få jobbe i Saint-Étienne, det er ein fotballgalen by.

Slik startar Eirik Horneland mimringa tilbake til tida i Frankrike i måndagens episode av NRK-podkasten «Bakrommet».

Det er halvannan månad sidan han rydda kontoret og var ferdig som Saint-Étienne-trenar.

Ekspert

FANTASTISK: Horneland har fleire godord om gamleklubben.

Foto: NRK

– Når eg snakkar no, for første gong etter at eg var i Frankrike så blir det plukka opp, så eg må vere litt smart trur eg, ler Horneland.

For ein ting er sikkert: trykket og engasjementet frå fansen var massivt.

– Det er ein fantastisk fanskare der nede, og eg hugsar før vi møtte Lyon i derby, så var det 10.000 som følgde treninga på stadion.

Horneland beskriv ei enorm interesse – på godt og vondt.

– Om ein ser på kampane vi spelte, så blei éin stoppa etter 60 minutt – då stod stadion i fyr – og eg har vore med på mange kampar som har blitt stoppa på grunn av opptøyar. Det er mykje meir emosjonelt, fortel han.

fans

ENGASJERT: Fansen lar høyre frå seg om de ikkje er fornøgde.

Foto: JEAN-PHILIPPE KSIAZEK / AFP,NTB

Og det fekk ein kjenne på om ting ikkje gjekk vegen.

– Når dei ikkje er fornøgd i Saint-Étienne, gir dei klart uttrykk for det. Både med banner på treningssenteret og at dei møter opp. Ein får mykje kjeft, men det er ein del av den «passionen» som ligg i slike klubbar.

Høyr den nyaste episoden av «Bakrommet» her!

– Aldri opplevd før

Horneland kom til den franske klubben i 2024, og fekk litt over eitt år i sjefsstolen i Aust-Frankrike.

– Det var store forventningar og ein «passion» eg aldri har opplevd før. Utruleg gøy. Det var gøy det første halve året.

Horneland sitt Saint-Étienne hamna på ein 17.-plass i Ligue 1 førre sesong.

Horneland

TØFF KONKURRANSE: Nordmannen fekk blant anna prøve seg mot Luis Enriques PSG.

Foto: FRANCK FIFE / AFP,NTB

– Når du rykkjer ned får du alle utfordringane med at du dreg med deg spelarar som ønskjer å vere på eit anna nivå, ned til eit nivå dei ikkje ønsker å vere på.

Han held fram:

– Den sommaren og månadene etter lærte eg mykje med tanke på å handtere spelarar som helst vil vidare. Det var ei utfordring.

– Komplisert

Horneland fortel at det i byrjinga var vanskeleg både med språk og kultur.

Eirik Horneland gestikulerer

SPRÅK: Det var ikkje berre berre med fransken for Horneland.

Foto: FRANCOIS LO PRESTI / AFP,NTB

– Eg snakkar norsk og engelsk, og der nede går det veldig mykje på fransk. Det var komplisert for meg å lære meg fransk, og komplisert for ein del av spelarane å lære seg engelsk.

Det var mange kulturar og nasjonar i han sin garderobe i Frankrike.

Dermed måtte han jobbe ekstra med å få på plass eit godt fotballspråk.

– Det tek nok litt lengre tid å byggje ein sterk kultur rundt det, enn slik eg gjorde i Brann der vi bygde rundt det skandinaviske.

Byte beite

Sidan han takka for seg i den Franske klubben har Horneland stått utan klubb. Han har blant anna blitt linka til skotske Aberdeen.

– Hadde eg hatt lyst til å vere i jobb hadde eg vore det, men eg har sett meg sjølv i ein liten pause fram til etter VM.

For fram til det skal han vere ekspert for NRK.

Bakrommet

TRIO: Horneland skal blant anna jobbe med Andrine Hegerberg og Mats Arntzen i «Bakrommet».

Foto: NRK

– Ekspert, det er stort ord, seier Horneland.

Ei litt uvand titulering, skal ein tru han sjølv, men han er krystallklar på at han skal komme med klare meiningar.

– Det blir spennande å jobbe på denne sida av fotballen, og eg gler meg veldig til det, seier han i episoden.

Horneland skal både vere NRK-ekspert under fotball-VM-et i sommar og ein del av «Bakrommet».

Publisert 16.03.2026, kl. 06.05 Oppdatert 16.03.2026, kl. 06.31

Read Entire Article