Fem nye parti: Gyda vil la folket bestemme – kvar dag

4 hours ago 5



Etter innsamling av over 7000 underskrifter, stiller Generasjonspartiet til årets stortingsval.

Gyda Oddekalv er leiar av partiet som seier dei vil gje makta tilbake til folket.

– Dei som skal leve med konsekvensane må også få vere med å ta vala, seier ho.

Gjennom ein app vil Oddekalv at folket skal vere med å ta politiske avgjersler – ikkje berre på valdagen, men gjennom heile året. Partiet vil ha eit direkte demokrati.

– Du kan seie at teknologi har revolusjonert alle andre samfunnsområde. Det er på tide at det også revolusjonerer politikken, seier Oddekalv engasjert.

I appen kan alle legge inn forslag til tiltak i samfunnet. Der kan ein diskutere og til slutt stemme over dei ulike sakene.

– Det som kjem fram i appen og blir stemt for, det tek vi med i vårt partiprogram.

Gyda Oddekalv, partileiar i Generasjonspartiet

I appen som no blir betatesta kan folk logge inn med BankID, og foreslå, diskutere og stemme over saker.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Fem parti som viser strøymingar i samfunnet

Generasjonspartiet er ikkje dei einaste som vil utfordre dei etablerte partia til hausten.

Sidan førre Stortingsval er det fem nye parti som stiller til val.

– Vi ser fem parti som er oppretta på grunnlag av svært dagsaktuelle saker, seier Signe Bock Seegard, forskar I ved Institutt for samfunnsforsking.

  • Generasjonspartiet (GP) peikar på ein distanse mellom folket og politikarane, og vil gi folket meir makt.
  • Ensomhetspartiet er eit einsaksparti som fokuserer på psykisk helse og førebygging av einsemd og sjølvmord.
  • Partiet fred og rettferd (FOR) er eit antikrigsparti som har brote ut av Raudt, i ei tid der to brutale krigar har fått stor merksemd.
  • Det norske industriparti (DNI) har brote ut av Industri og næringspartiet (INP) og seier nei til vindkraft og ja til meir olje- og gass.
  • Redd Ullevål Sykehus er «folkeaksjonen som vil bygge ut og bevare Ullevål sykehus og Aker istedenfor å ødelegge Rikshospitalet». ​
  • Gyda Oddekalv, partileiar i Generasjonspartiet, på festningen i Bergen

    Laurita Fure Briceno / NRK

    Generasjonspartiet (GP)

    Partileiar: Gyda Oddekalv

    Valdistrikt: Lister i alle valdistrikt.

    Vil la folket kunne kreve bindende folkeavstemninger i viktige politiske saker.

    Vil effektivisere landet ved bruk av teknologi, og sikre rimelig strøm, mat og medisiner ved selvforsyning. Alle skal kunne eie bolig og Norge skal ha et robust totalforsvar.

    Fjerne skatt på lave inntekter, formueskatten og slippe skaperkraften fri.

  • Else Kåss Furuseth, partileiar for Ensomhetspartiet

    Ensomhetspartiet

    Ensomhetspartiet

    Partileiar: Else Kåss Furuseth

    Valdistrikt: Stiller berre liste i Oslo valdistrikt.

    Ensomhetspartiet vil førebyggje utanforskap, einsemd og sjølvmord.

    Vil at staten skal øyremerke 1 milliard kroner til strakstiltak mot einsemd, og vil utfordre nullvisjonen som er sett for sjølvmord ved å krevje handling og midlar for å nå den.

  • Marielle Leraand

    Brage Aronsen / Rødt

    Partiet fred og rettferdighet (FOR)

    Partileiar: Marielle Leraand

    Valdistrikt: Stiller liste i alle valdistrikistrikt

    Fred og Rettferdighet ble til i 2023 da alle stortingspartiene vedtok å støtte våpenleveranser til Ukraina. FOR vil ikke ruste opp militæret, men bruke pengene på velferd i stedet. Partiet er opptatt av palestinernes sak, gratis kollektivtransport i Norge og toårig foreldrepermisjon.

  • Portrettbilde av Owe Ingemann Waltherzøe

    Odin Omland

    Det norske industriparti (DNI)

    Partileiar: Owe Ingemann Waltherzøe

    Valdistrikt: Stiller liste i alle valdistrikt

    DNI ble grunnlagt i 2024 etter at partilederen brøt med INP.

    Er opptatt av rettferdig fordeling, verdiskaping, distriktene og nasjonal kontroll på naturressursene.

    Ønsker klimatilpasning fremfor klimatiltak med symbolsk verdi.

    Har ikke foretrukne samarbeidspartier. Samarbeider etter sak.

  • en kvinne med rød og hvit ansiktsmaling

    Beate Oma Dahle / NTB

    Redd Ullevål Sykehus

    Førstekandidat: Lene Sundfær Haug

    Valdistrikt: Stiller berre i Oslo

    Stiller til valg for å sørge for at befolkningen i Oslo, både nå og for fremtiden, skal få et godt sykehustilbud. For å oppnå dette må vi hindre at Ullevål syke-
    hus, Norges største og viktigste lokal- og akuttsykehus, blir nedlagt.

I tillegg til dei nye partia, stiller fleire andre mindre parti og grupper til val.

  • Kurt Johnny Hæggernæs

    Simon S. Brandseth

    Pensjonistpartiet

    Partileiar: Kurt Johnny Hæggernæs

    Pensjonistpartiet er særleg opptatt av eldre og uføre sine rettar og inntekt. Dei engasjerar seg i spørsmål om helse, sjukehus, skatt og pensjon. Pensjonistpartiet tilhøyrer ikkje ei politisk retning.

    Valdistrikt: Stiller liste i alle valdistrikt, bortsett frå Finnmark.

  • en mann med skjegg og briller

    Cornelius Poppe / NTB

    Industri- og næringspartiet (INP)

    Partileiar: Øistein Høksnes

    Industri- og næringspartiet er mot vindkraft og EØS-avtalen, men for oljenæringa, distrikta og å gjere det lettere å drive bedrifter. INP er blokkuavhengige, noko som betyr at dei samarbeidar med parti som er einige med dem.

    Valdistrikt: Stiller liste i alle valdistrikt, bortsett frå Telemark.

  • en mann med skallet hode

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Norgesdemokratane

    Partileiar: Geir Ugland Jacobsen

    Norgesdemokratene er på den politiske høgresida. Dei er opptatte av nasjonalt sjølvstyre, låge skattar og kraftige kutt i innvandringa. Partiet vil verne om norsk natur, kultur og eit kristent verdigrunnlag, og halde hyppige folkeavstemmingar. Norgesdemokratene seier nei til EØS og FN, og ja til Israel.

    Valdistrikt: Stiller liste i alle valdistrikt.

  • en mann med hvitt skjegg

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Konservativt

    Partileiar: Erik Selle

    Konservativt er opptatt av fridom for enkeltmennesket og nasjonalt sjølvstyre. Dei er mot abort og aktiv dødshjelp, og meiner ekteskap mellom mann og kvinne er det beste for barna. Konservativt støtter også Israel. Vidare er partiet opptatt av lågare skatter og å seie nei til EØS-avtala og klimatiltak.

    Valdistrikt: Stiller liste i alle valdistrikt.

  • Geir Lippestad står ved siden av et tre

    Berit Roald / NTB

    Partiet Sentrum

    Partileiar: Geir Lippestad

    Partiet Sentrum er opptatt av FNs bærekraftsmål, mangfald og menneskerettar. Dei vil styrke kulturen og frivilligheita, motkjempe utanforskap og bygge eit samfunn for alle funksjonsnivå. Vidare vil Partiet Sentrum avvikle oljenæringa og satse på fornybar energi.

    Valdistrikt: Stiller i alle valdistrikt.

  • en person som står i et rom

    Foto

    Velferds- og innovasjonspartiet

    Partileiar: Anne-Lise Juul

    Velferds- og innovasjonspartiet heitte tidlegare Helsepartiet. Partiet reknar seg som blokkuavhengige. Partiet ønsker å endre korleis helsesektoren fungerar, og vil også innføre situasjonsbetinga borgarlønn, fjerne bompengar og behalde Nato-medlemsskapet.

    Valdistrikt: Stiller liste i alle valdistrikt.

  • en person som snakker i en mikrofon

    Hanne Larsen / NRK

    Pasientfokus

    Førstekandidat: Irene Ojala

    Valdistrikt: Stiller liste i Finnmark.

    Partiet har ikkje offisiell heimeside, men hovudssak har vore styrking av sjukehuset i Alta.

    I vinter sa Ojala blant anna dette til Altaposten: Vil fortsette å kjempe for fødeavdeling i Alta, og å sikre at tilbudene i Hammerfest, Kirkenes, Tana og Karasjok blir bevart.

  • Kommunistpartiet på plass under valkampinnspurten i Stavanger. Runa Evensen er både partileiar og listetopp for NKP i Noreg.

    Mathias Oppedal

    Norges kommunistiske parti (NKP)

    Førstekandidat: Runa Evensen

    Valdistrikt: Stiller i Vest-Agder

    NKP mener blant annet at folks økte problemer skyldes kapitalismens gjentatte kriser. Derfor trengs en ny politikk og en varig endring til sosialisme. Et samlende alternativ til sosialdemokratisk høyrepolitikk er blitt tvingende nødvendig. NKP ser som sin fremste oppgave å bidra til å utvikle og virkeliggjøre et slikt alternativ.

Alliansen har ikkje fått godkjent liste

Partiet Alliansen og Hans Lysglimt Johansen har derimot ikkje fått godkjent liste i noko valdistrikt. Det er distriktsvalstyra i dei ulike fylkeskommunane som godkjenner listene.

– Dette kjem me til å klaga på, skriv Lysglimt Johansen i ein e-post til NRK.

I fleire fylke har klagefristen likevel gått ut, utan at Alliansen har levert inn klage.

Men Lysglimt Johansen skriv vidare at han vil klage heilt til Riksvalstyret.

Fleire saker, fleire parti og mindre lojalitet

At nye parti dukkar opp er eit teikn på at det er viktige saker som ikkje blir dekka av dei eksisterande partia.

Det meiner Peter Egge Langsæther, postdoktor og valforskar ved Universitetet i Oslo.

– Eller at ein har mista tillit til at dei eksisterande partia klarer å handtere saker som dei tidlegare har handtert.

At det har kome fleire parti på Stortinget siste åra meiner han viser ein meir splitta politikk.

– Over tid har det dukka opp fleire nye saker som klima og miljø, innvandring, eller homofile sine rettar. Det gjer det vanskelegare for eitt parti å representere veldig mange grupper på ein gong.

Folk er også mindre lojale mot partiet sitt, enn det dei til dømes var på 50- og 60-talet.

– Det kan gjere det lettare for nye parti å lukkast.

Mange parti har forsøkt utan å lukkast, men nokre få slår gjennom. Langsæther trekk fram Raudt, MDG og Pasientfokus som dei tre siste nye som har kjempa seg inn på Stortinget.

  •  Heiko Junge / SCANPIX

    Raud valallianse vart stifta i 1973 og gjekk i 2007 saman med Arbeidernes Kommunistparti og danna dagens Raudt. Sin første stortingsrepresentant fekk Raudt ved valet i 2017 og i 2021 braut dei for første gong sperregrensa.

  •  Valgkamp i Oslo. 
Med slagordet "Verre uten oss" åpnet stortingskandidat Jan Bojer Vindheim fra Miljøpartiet De Grønne valgkampen lørdag på Karl Johan i Oslo.

    Miljøpartiet dei grøne vart stifta i 1988 med miljøvern som kampsak. Jan Bojer Vindheim opna Mdg sin valkamp på Karl Johan i 1997 med slagordet "Verre utan oss". I 2013 fekk Mdg sin første stortingsrepresentant.

  • Irene Ojala i Pasientfokus.

    Irene Ojala, partileiar i Pasientfokus, var klar for kamp før stortingsvalet i 2021. Med fullverdig sjukehus i Alta som kampsak fekk dei ein stortingsrepresentant.

  • Trym Aafløy

    Folkeaksjonen nei til meir bompengar, med partileiar Trym Aafløy, fekk stor oppslutning ved kommune- og fylkesvalet i 2019. Men det store nasjonale gjennombrotet lar framleis vente på seg.

  • Stortingsvalg 2001. Listetoppene i Nordland feirer brakvalget for Kystpartiet som gir stortingsplass for Steinar Bastesen (t.h), og Karl Anton Swensen. I midten Solveig Gjendem Helland.

    I 2001 kunne partileiar Steinar Bastensen feire brakvalget for Kystpartiet som gav stortingsplass. Han var som vanleg kledd i vest av selskinn. Kystpartiet finnast ennå, men har ikkje vore representert på Stortinget sidan den gong.

Men kjem dei til å lukkast?

Særleg to trekk kjenneteiknar partia som lukkast over tid, seier Langsæther.

– Ein må treffe eit behov blant folk og ha ein eller fleire saker som blir oppfatta som viktige for folk over tid.

Det andre er at partia må bygge opp ein organisasjon som står seg over tid, uavhengig av personutskiftingar.

Ein kan ikkje vere heilt avhengig av til dømes éin leiar som er karismatisk og populær.

Få av dei NRK har prata med kjenner til dei fem nye partia. Men trur dei at partia kan lukkast og gjere ein skilnad?

  • Sandra Haugen på butikk i Førde

    Laurita Fure Briceno / NRK

    Sandra Haugen (33)

    – Det burde vere mogleg å gjere ein skilnad. Eg føler vi treng fleire alternativ, så det har eg verkeleg trua på. No skal eg heim og google dei, spesielt Else Kåss Furuseth sitt parti. Det satsar vi på blir bra!

  • Tom Nesthun på butikk i Førde

    Laurita Fure Briceno / NRK

    Tom Nesthun (46)

    – Ja, kvifor ikkje? Det kjem an på kva folket ønsker og kva partia vil. Dei må berre stå på dei, så oppnår dei truleg eitt eller anna.

  • Aage Førde på kjøpesenter i Førde

    Laurita Fure Briceno / NRK

    Aage Førde (70)

    – Har vi ikkje nok parti? Eg trur absolutt ikkje desse kan få noko særleg gjennomslag i stortingsvalet.

  • Marlena Rivera

    Laurita Fure Briceno / NRK

    Malena Rivera (21)

    – Eg har trua på at dei kan få gjennomslag. Alle må starte smått. Så det kan gå!

  • Willy Villanger på butikk i Førde

    Laurita Fure Briceno / NRK

    Willy Villanger

    – Skal ikkje sjå vekk ifrå at dei kan gjere ein liten skilnad. Ensomhetspartiet har eg litt trua på.

Publisert 09.06.2025, kl. 19.51

Read Entire Article