Fem ting du må vite om lading av elbil i kulda

1 hour ago 1



Det er minst to ting som påverkar elbilane nå når temperaturen er låg. Det eine er kortare rekkevidde, og det andre er lengre ladetid.

Anten du brukar ein lyn- eller hurtigladar, tek det lengre tid om batteriet er kaldt.

en mann som står foran en bygning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tala som Odd Olaf Askeland har funne i Evinys system viser at folk ladar like mykje, men at kvar enkelt må stå noko lenger enn på sommaren.

Foto: Odd Mehus / Eviny

– Tala våre viser at det er nesten 30 prosent lengre ladetid no i januar enn det er på ein sommardag, seier Odd Olaf Askeland.

Han er «head of public charging» hos Eviny, og har bokstavleg talt vore ute ei vinternatt før.

Her er hans beste råd for lading om vinteren:

1: Legg inn ladestopp i GPS

Et hvitt elbil ladeplugget er koblet til en lademulighet på bilen, som står parkert på isete underlag. En annen mørk bil er synlig i bakgrunnen. Det er snø og is rundt bilene, noe som indikerer vinterforhold. Ladeporten på elbilen har et beskyttelsesdeksel som er delvis åpent. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Optimal ladetemperatur på sjølve batteriet er 20 grader. Derfor er det mange bilar som forvarmar batteriet til denne temperaturen. Men det skjer ikkje nødvendigvis av seg sjølv seier Askeland.

Bilen må ha registrert at du skal på eit ladestopp i navigasjonssystemet, eller du kan legge det inn i systemmenyen i bilen.

Om du ikkje gjer det, skal du ha køyrt relativt langt før batteriet har denne temperaturen.

2: Sett på forvarminga ei god stund før lading

En person står ved en elbillader i et urbant miljø, omringet av parkerte biler. Personen bærer en mørk lue og solbriller, med en lett jakke over en t-skjorte. I bakgrunnen ses bygninger og trafikkskilt, samt infrastrukturen for elbillading. Dagen ser kald ut, med frost på bilvinduene.

Herman Sanner kjem rett frå Oslo: – Eg har køyrt over frå Oslo om sommaren, og nå på vinteren. Frå eitt ladestopp til tre no når det er kaldt, så eg har absolutt merka det.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Det tek tid før batteriet har optimal ladetemperatur. Litt avhengig av bilmodell er det ulik grad av isolasjon rundt batteriet, så her må ein sjekke bruksrettleiinga til bilen.

– Batteriet på bilane skal helst vere på 20 grader, ikkje minus 20, som det gjerne er om du set deg inn i ein kald bil og køyrer rett til ein ladestasjon, seier Askeland.

3: Lad straks etter køyring

Bildet viser en parkeringsplass med flere biler, inkludert noen elektriske biler. To personer står ved en ladestasjon med ansiktet vendt mot hverandre, mens andre biler er parkert rundt. I bakgrunnen sees flere bygninger, inkludert en høyere bygning og en lavere bygning med mange vinduer. Området er dekket av snø, og det er klart vær med blå himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kø for å få toppa opp batteriet på Danmarksplass i Bergen.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Dersom du har vore på ein lang køyretur, er sannsynlegvis batteriet varmt nok.

Køyrer du til ein ladestasjon etter endt tur, er sannsynet stort for at batteriet er meir mottakeleg for å lade i «normaltempo».

4: Gle deg til framtida

Bildet viser fronten av en svart MG-bil, hvor grillen og logoen er synlige. Det er en kabel som stikker ut fra fronten, muligens tilkoblet en ladestasjon. Bilen ser ut til å være stående utendørs, og det er tydelige dråper av fuktighet på overflaten, noe som indikerer våte forhold. Ingen personer er synlige i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Det er mange energitjuvar på elbilar når det er kaldt. Varme i kupé er kanskje den største.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Årsaka til at batteriet ladar saktare i kulde, handlar om elektrolyttar. Det er den flytande væska i batteri som sørger for at ion kan flyte imellom katode og anode.

Høyrest det ut som ein kjemitime, har du heilt rett. Framtida handlar om SSB – solid state batteries, altså ein batteripakke som ikkje har ein flytande elektrolytt.

Akkurat no er det stor spenning knytt til denne teknologien, og det finske firmaet Donut Labs meiner dei har knekt koden.

tek.no kom denne nyheita ut tidlegare i januar, og det kan også bety redusert brannfare på elbilbatteri.

5: Bli kjent med nokon i ladekøen

En mann står foran en hvit varebil i et urbant miljø. Han har på seg en grønnhudet jakke og ser mot kameraet. Bakgrunnen viser en bygning med store vinduer og en del trær i nærheten. Det er klart vær, og snø ligger på bakken. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Eg merkar jo heilt klart at det er ei stor avgrensing nå. I alle fall vi som har bilar med moderat kilometer, det er ikkje lange biten vi må køyre før vi må lade igjen, seier Asle Pedersen.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Felles skjebne, felles trøyst. Ta med ein termos og nokre julekaker. Slå av ein prat med ein av dei andre som er ute i same ærend som deg. Det kan bety at du får nokre gode råd, eller kan gi nokon, dersom ladevennen din ikkje har lese denne saka.

Ein funfact du kan dra opp, er at Tesla i Trondheim er geografisk sett i bydelen «Lade» – kor morosamt er ikkje det?

Ingenting varmar så godt som ein god samtale – bortsett frå at det ikkje hjelper nemneverdig på batteriet.

Publisert 22.01.2026, kl. 16.07

Read Entire Article