Fetisha har heilt rett!

1 hour ago 1



 DORDI BOKASP LERUMAv: DORDI BOKASP LERUM

Lærerstudent og fylkestingsrepresentant (Sp)

– Vi forstår ikkje kor mykje makt vi eigentleg har som forbrukarar, seier influensaren Fetisha Williams.

I den nyaste episoden av podkasten «Fetisha+1», med tittelen «På tide med ein BOIKOTT!», fortel ho korleis ho no stivnar av dei svimlande matprisane.

Det vart startskotet for eit personleg oppgjer med norske matprisar – og eit val om å vende ryggen til dei store daglegvarekjedene. No vil ho handle direkte frå bonden og støtte lokale produsentar.

Williams understrekar at ho sjølv ikkje har dårleg råd, men at ho stadig tenkjer på dei som verkeleg kjenner prishaugen på kroppen.

«Kva gjer ei alenemor når ho må velje mellom mat og busskort?», spør ho – og meiner det er drøyt at vi ikkje er meir sinte.

Det er eg samd i.

For medan norske bønder har ei gjennomsnittleg årsinntekt på 257.300 kroner, sit eigarane av daglegvarekjedene att med milliardar på bok.

Rekninga for lønningane til daglegvarebaronane? Jo, dei betalast av oss forbrukarar.

Fetisha Williams er langt frå den einaste som har merka prisaukinga på mat den siste tida.

Ein handletur i dag kostar betydeleg meir enn berre for eitt år sidan, og prisane på enkelte matvarer har skote i vêret.

Då skulle ein tru at bøndene som faktisk produserer maten også sit igjen med meir pengar?

Diverre er det ikkje slik.

 Aurora Ytreberg Meløe / VGSTIVE PRISAR: «Stadig fleire, som Williams, vil velje meir norsk mat, samstundes som at ein stiller spørsmål om kvifor maten på butikken er så dyr», skriv Dordi Bokasp Lerum. Foto: Aurora Ytreberg Meløe / VG

I dag er det tre store daglegvarekjeder som dominerer 95 prosent av daglegvaremarknaden i Noreg: Norgesgruppen, Coop og Rema 1000.

Dei same daglegvarekjedene har fått milliardbøter frå Konkurransetilsynet grunna ulovleg prissamarbeid.

Samstundes som dei pressar bøndene ned i pris, aukar dei prisen ut til oss forbrukarar. Resultatet er at bonden tener mindre, medan vi betalar meir.

Noreg er blant verdas minst sjølvforsynte land når det kjem til mat.

Ville du kjøpt mer norsk mat hvis det var billigere?

aJa, absolutt!bJeg vet ikke, følger egentlig ikke med på hvor maten er produsert.cNei, det tror jeg ikke.

Godt over halvparten av all maten vi et kjem frå utlandet. Til og med fattige land i Afrika og Asia klarar å produsere meir mat til eiga befolkning enn det vi gjer i rike Noreg.

I ei tid prega av politisk uro og klimaendringar bør det å auke sjølvforsyninga på mat vere ein hovudsak i norsk politikk.

Men det krev at norske bønder har råd til å produsere mat, og at vi forbrukarar faktisk har råd til å kjøpe han.

Stadig fleire, som Williams, vil velje meir norsk mat, samstundes som at ein stiller spørsmål om kvifor maten på butikken er så dyr.

Sjølv vart eg i fjor norsketarianar, altså et eg berre norsk mat for å støtte opp om den norske bonden, sjølvforsyningsgraden vår og miljøet.

I etterkant har fleire hundretusen følgt med på prosjektet mitt på TikTok, og Språkrådet kåra «norsketarianar» til eitt av årets nyord i 2024.

Det syner at mange ynskjer norsk mat, kortreiste råvarer og eit matvaresystem som er til å stole på.

Problemet er at dei store daglegvarekjedene ikkje legg til rette for dette.

Dei aukar prisane, kjøper seg ned i verdikjeda (såkalla vertikal integrasjon), pressar leverandørane og gjer det vanskeleg for små og lokale produsentar å i det heile teke nå butikkhyllene.

Slik kan vi ikkje ha det om vi vil ha norsk mat også i framtida.

Difor må vi nytte forbrukarmakta vår og krevje politiske grep som styrkar konkurransen, gir meir openheit i verdikjeda og sikrar bonden ein rettferdig del av verdiskapinga.

Og vi kan, som Williams, gjere noko sjølve. Kjøp mat rett frå matprodusenten. Oppsøk Bondens Marknad, meld deg inn i ein REKO-ring eller ta kontakt med den lokale bonden.

For dersom vi meiner alvor med norsk mat, må vi også stå opp for dei som produserer han.

Norske bønder fortener betre – og det gjer norske forbrukarar òg.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
Read Entire Article