Fint å sleppa snorking på sjukehuset, men kva med dei som er einsame?

6 days ago 9



I ei tid der helseministeren vår har bedt alle sjukehus førebu seg på krig, er det viktig at nye sjukehusbygg har nok areal til å ta seg av innbyggarane i ei krise, skriv Kjersti Toppe (Sp). Foto: Pål Christensen / Aftenbladet
  • Kjersti Toppe

    Kjersti Toppe

    Stortingsrepresentant, Sp

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Eg er ikkje mot einsengsrom på sjukehus, men eg er kritisk til at sjukehus berre skal ha slike einerom.

Gottfried Fjeldså skriv godt om sitt opphald som pasient på nye SUS. Hans erfaring som pasient i det nye sjukehuset skal vi lytte til. Men Fjeldså tar feil når han framstiller det som om eg er i mot einsengsrom på sjukehus. Det er eg aldeles ikkje. Det eg er kritisk til er at det berre skal vere einsengsrom. Sjukehus bør ha ulike typar rom for pasientar ut frå behov. Å gjere om einsengsrom til fleirsengsrom må også vere mogleg, utan at ein må fysisk rive ned veggar.

Fordelar og ulemper med einerom

Med tanke på personvernomsyn og smitterisiko er einsengsrom det rette. For dei tilsette er einsengsrom også mindre logistikk og spart tid. Men einsengsrom krev ofte høgare bemanning for å overvake pasientar. Dette er bemanning sjukehusa gjerne ikkje har. Difor bør nye sjukehus også ha nokon fleirsengsrom, spesielt for pasientar som treng hyppig overvaking og oppfølging.

Fjeldså synest det er bra å sleppe på snorking og klaging. Det kan eg forstå! Han utfordrar meg på om eg har prøvd å ligge på fleirsengsrom sjølv. Det har eg. Eg huskar ein medpasient, ei eldre dame med nydiagnostisert kreft, utan nære pårørande. Ho var forvirra og redd. Vi snakka i lag og eg fekk sjukepleiarane til å ta seg litt ekstra av henne. Det kan også ha sine positive sider å ikkje ligge aleine på eit rom. Nokon kan også føle seg einsame.

Me vil ha ny modell for finansiering

I ei tid der helseministeren vår har bedt alle sjukehus førebu seg på krig, er det viktig at nye sjukehusbygg har nok areal til å ta seg av innbyggarane i ei krise. Nye sjukehusbygg må ha store nok akuttmottak, store nok intensivavdelingar og fleksible rom slik at det er mogleg å ta i mot mange pasientar ved kriser eller store ulykker. Nye sjukehusbygg må også ha nok arbeidsrom og pauserom til dei tilsette, og nok garderobeplassar og parkeringsplassar.

Senterpartiet vil ha ny finansiering av sjukehus, der ein fullfinansierer nye sjukehusbygg over statsbudsjettet. Vi vil skilje mellom investering og drift, og meiner det var svært uheldig at Raudt og SV gjekk saman med H og Ap og stemte ned vårt forslag om dette. Det vil føre til at byggjetrinn 2 ved SUS kjem endå lenger ut i det blå. Før ein får ei samla drift i Stavanger, blir det oppstykka og dyrare å drive, og dårlegare for pasientane.

Publisert:

Publisert: 9. mars 2026 12:02

Read Entire Article