Fire varetektsfengsla etter tjuveritokt langs heile Noreg

5 hours ago 4



To menn og to kvinner frå Romania er sikta for grovt tjuveri, og medverknad til grovt tjuveri.

Dei blei pågripne i slutten av februar, og er varetektsfengsla i fire veker.

I fengslingsvedtaket skriv Salten og Lofoten-tingrett at tjuveria er grove fordi dei har hatt eit profesjonelt og planmessig preg.

– Videoopptak frå dei aktuelle forretningane viser ein koordinert framgangsmåte. Dei sikta kjem samla, deler seg i par, oppheld seg kort i forretninga og deretter forlèt staden i same bil, står det i fengslingsvedtaket.

Tjuveria skal ha skjedd i løpet av heile februar. Dei skal ha stole småelektronikk som harddiskar og smartklokker, ifølge politiet.

– Totalverdien er stor

Politifullmektig Håkan Stokkereit Mattsson seier til NRK at tjuveria har skjedd langs heile kysten av Noreg.

– Dei har gjort ei rekke tjuveri langs kysten, frå Nordfjord og oppover mot Nordland.

– Korleis fekk de informasjon om desse tjuveria?

politifullmektig Håkan Stokkereit Mattsson.

Politifullmektig Håkan Stokkereit Mattsson.

Foto: Politiet /

– Det var Trøndelag politidistrikt som melde frå om at dei så fleire fellesnemnarane på tjuveri som hadde skjedd i deira område, som også Møre og Romsdal hadde rapportert om.

Det er Møre og Romsdal politidistrikt som etterforska saka, fordi den første saka som er meldt inn kjem frå Molde.

Politiet meiner tjuveria er grove fordi det i hovudsak dreier seg om fleire tjuveri, som er planlagde og målretta.

– Totalverdien på det som er stole er stor, utan at det er nøyaktige tal på dette per nå, seier Mattsson og legg til:

– Det er funne langt meir tjuvegods i bilen enn det som så langt er meldt inn.

Sa dei var på ferie

Dei sikta har ikkje tilknyting til Noreg. Dei er frå Romania og har sitt daglege virke og nettverk i Romania og Tyskland, står det i rettsavgjerda.

I si forklaring på kvifor dei var i Noreg, sa dei at dei var her på ferie og for å besøke venner. Det trur ikkje retten på.

– Med den store mengda bevis, og omfanget og talet av dei straffbare forholda siktinga gjeld, meiner retten at formålet med Noregsturane hovudsakleg har vore å drive mobil vinningskriminalitet, står det i rettsavgjerda.

Bodø tinghus. Salten og Lofoten tingrett.

I fengslingsvedtaket skriv Salten og Lofoten-tingrett at tjuveria er grove fordi dei har hatt eit profesjonelt og planmessig preg. 

Foto: Marius Guttormsen

Tor Haug representerer ein av dei sikta i saka, og stadfestar at personen er varetektsfengsla i fire veker.

– Klienten min har erkjent delvis straffskuld, for medverknad, meir kan eg ikkje seie, seier Tor Haug, som seier at vedkommande også er sikta for grovt tjuveri.

Finn Ove Smith er forsvarar til ein av dei sikta mennene. Han har først sagt at han ikkje er einig i siktinga.

– Han har i avhøyr hos politiet sagt at han ikkje er einig i dette, men han har samtykt til å sitte fengsla, og vi er einige i at vi skal gå i nytt avhøyr med politiet, seier Smith.

Forsvararen til den tredje sikta personen, Hilde Grytten Guldbakke stadfestar også at klienten hennar samtykka til fengsling, og seier at dei no ventar på at etterforskinga skal bli ferdig.

NRK har også vore i kontakt med forsvararen til den fjerde rumenaren, men har førebels ikkje fått svar.

Publisert 06.03.2026, kl. 06.07

Read Entire Article