Påska nærmar seg, og då skal me ha egg. Fleire enn vanleg. Og då kan det jo passa med ei bok til ære for eggprodusentane. Det handlar altså om hønene.
Tom Hetland
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Andreas Tjernshaugen:
Et høneliv
232 sider
Vigmostad & Bjørke
Høna er vårt vanlegaste husdyr – eller husfugl, om ein skal vera meir presis. Det finst om lag 33 milliardar høner i verda, fire gonger fleire enn det er menneske. Då tidlegare landbruksminister Lars Sponheim avleverte sin berømte replikk om «kvar mann si høne» frå Stortingets talarstol under ein debatt om eggmangel, var han dermed ganske beskjeden.
«Høns for dummies»
Av desse 33 milliardane har forfattar, foredragshaldar og fjørfebonde Andreas Tjernshaugen på Nesodden plukka ut éi: Silvia, ei lita grå høne av den svenske Silverudd-rasen. Gjennom boka «Et høneliv» følgjer Tjernshaugen Silvia frå egg til vaksen verpehøne. Undervegs får han sagt ein god del både om tamhønsa si historie, om hønseal og hønserasar og om moderne, industriell egg- og kyllingproduksjon. Mykje av dette har lokal interesse, sidan fleire av dei største fjørfebedriftene i landet ligg i Rogaland.
Men målgruppa til Tjernshaugen er ikkje dei profesjonelle – boka er snarare eit «høns for dummies»-prosjekt, der forfattaren gjennom forteljinga gir svar på dei enklaste spørsmål lesaren måtte ha. Det er det nok behov for, sidan moderne fjørfehald bokstavleg talt er ei lukka verksemd. Smitte av fugleinfluensa eller andre sjukdommar kan bli katastrofalt i store besetningar.
Sjølv er Tjernshaugen ein av dei som driv i det små på gamlemåten, der hønene får gå fritt omkring. Han legg ikkje skjul på at han er kritisk til industrialiseringa av næringa, særleg med tanke på dyrevelferda. Produksjon av lyst og magert kyllingkjøt har hatt ein enorm vekst dei siste tiåra, ikkje minst fordi folk oppfattar det som meir helsesamt enn raudt kjøt frå svin, sau og storfe. Men Tjernshaugen kallar det eit stort paradoks at me alar opp «trege og dovne kyllinger som er uskikket til et aktivt liv fordi kroppen blir tynget ned av det magre kjøttet folk spiser i håp om å bli sunne og slanke og spreke».
Ingen romantikar
Likevel er ikkje Tjernshaugen si bok eit rasande kampskrift mot moderne fjørfehald. Han er ingen livsfjern romantikar, og vedgår at han ikkje kjenner forskjell på smaken på egga frå sine eigne frittgåande høner og dei han kjøper i butikken. Han innser at det er urealistisk å driva slik han sjølv gjer, der kyllingane lever første del av livet under oppsyn av ei omsorgsfull hønemor. Egga og kjøtet ville ha kosta altfor mykje. Maskinruging og broilerproduksjon har nok kome for å bli, sjølv om forfattaren meiner det kan gjerast mykje for å forbetra dyrevelferda, og at me eigentleg burde eta mindre kjøt og færre egg.
Tjernshaugen skriv lett og godt, han har stor innsikt i emnet sitt og har ei open og nysgjerrig forfattarhaldning der han bruker eigne erfaringar flittig. Grepet med å la Silvia introdusera oss for livet som høne er sympatisk og godt tenkt. Likevel slit eg litt med å bli heilt fanga inn av historia hennar.
Kanskje er avstanden mellom menneske og fugl så stor at det blir vanskeleg å identifisera seg med Silvia, sjølv om forfattaren gjer sitt beste for å gi henne individuelle trekk. Typisk for dagens fjørfenæring er ho jo heller ikkje. Likevel, alt i alt vil «Et høneliv» absolutt vera interessant for dei av oss som vil vita meir om kva som skjer før egget kjem på frukostbordet. Ei «hønseordbok» og ei fyldig litteraturliste er eit nyttig supplement.
Publisert:
Publisert: 1. april 2025 18:51