Fleire hundre valdsutsette får aldri svar: – Utruleg trist

19 hours ago 2



Dei fleste som tek kontakt med dei er utsette for pågåande vald frå noverande eller tidlegare partnar.

Men no vil færre få hjelp, fortvilar leiar av VO-linjen, Julie Haatuft.

– Pågangen held fram å auke, og på same tid må vi kutte i tilbodet. Vi klarer ikkje å handtere dette trykket med den bemanninga vi har i dag, seier ho.

Færre får svar

I fjor fikk VO-linjen rekordmange 6647 førespurnader, ein auke på 29 prosent frå året før.

For berre telefonanrop, var det ein auke på 44 prosent.

Det førte til ein uheldig konsekvens:

– 1153 av dei som ringte VO-linjen fekk ikkje svar, seier leiaren.

Også krisesenter har måtte seie nei til folk som ber om hjelp:

Fordi den store pågangen har ført til lågare svarprosent, og fordi dei meiner at dagens bemanning ikkje gir ein forsvarleg og berekraftig drift, har VO-linjen sett seg nøydde til å kutte i opningstidene.

Frå førre veke blei derfor chattetenesta stengt på kveldstid etter klokka 15.00.

Og det går utover alle som ikkje tør eller kan ringe, for eksempel fordi dei er i same hus som valdsutøvaren sin, seier Haatuft.

– Vi snakkar med mange som fortel om vald og overgrep for aller første gong, som aldri har fortalt det til nokon før.

– Vi anslår at vi no vil mista rundt 800 samtaler frå utsette personar ut året. Det er utruleg trist.

Telefonlinja deira er framleis døgnopen.

en kvinne som står i et kontorrom. Det er et banner med informasjon om VO-linjen bak. Hun har mørkebrunt hår og hvit t-skjorte.

– Det er alvorleg, seier Julie Haatuft om at fleire hundre ikkje får hjelp.

Foto: Monica Orjuela / Monica Orjuela

Fekk ikkje meir pengar

Vold- og overgrepslinjen blir finansiert av Bufdir, på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet.

– Vi varsla Bufdir om at vi har nådd et tak på kva vi kan handtere, og at vi blei tvungne til å kutte i tilbodet dersom vi ikkje fekk innvilga ei auka bemanning, seier Julie Haatuft.

Men førespurnaden fekk avslag, og kuttet blei et faktum. No har VO-linjen klaga på vedtaket.

Bufdir ønsker ikkje å kommentere saka, sidan klagen er til behandling i Barne- og familiedepartementet.

Statssekretær i departementet, Helge Flø Kvamsås, seier at dei skal vurdere behovet for å auke løyvingane til VO-linjen nærmare, i «dei ordinære budsjettprosessane og i lys av det samla tilbodet av hjelpetelefonar».

En mann med kort, mørkt hår i dress. Bakgrunnen er hvit.

Statssekretær i departementet, Helge Flø Kvamsås (Ap)

Foto: Astrid Waller / Astrid Waller

Han påpeiker at dei tek vald og overgrep «på største alvor», og at det blant anna finansierer fleire døgnopne hjelpetelefonar for valdsutsette.

  • Her kan du sjå ein oversikt over hjelpetilbod.

– At vi no ser ein auke i meldingar til VO-linjen, er positivt på den måten at vi ynskjer at fleire valdsutsett skal søke hjelp, slik at fleire klarar å gå ut av valdelege forhold.

Vil ikkje bruke frivillige

Departementet opplyser om at årets statlege tilskot til VO-linjen er vidareført på same nivå som i fjor, med 8,5 millionar kroner.

Leder Julie Haatuft fortel at dei har litt over 7,5 årsverk, fordelt på 14 tilsette. Denne bemanninga har vore lik sidan 2021.

– Kan ikkje auka pågang løysast ved bruk av frivillige, slik fleire andre hjelpetenester gjer?

– Vi tenker det er viktig at ei teneste som skal handtere vald- og overgrepssaker, og vurderer risiko og tryggleik til dei vi snakkar med, er betjent av fagpersonar med valdskompetanse, svarer ho.

Både VO-linjen og andre hjelpeinstansar ser samanhengar mellom den auka pågangen den siste tida og nyheitsbiletet:

Publisert 11.04.2026, kl. 08.29 Oppdatert 11.04.2026, kl. 09.57

Read Entire Article