Fleire hus truga i kraftig brann på Frekhaug i natt – fem personar huslause

2 hours ago 2



Rett før klokka 2 fekk brannvesenet melding om brann i ein einebustad på Frekhaug i Alver kommune.

– Me fekk melding frå innringar på staden om observasjon av røyk og flammar frå bustaden, og rykte ut med mannskap frå både Nordhordland brann og redning, og Åsane brannstasjon, seier vaktleiar Shahrooz Lahooti ved 110-sentralen til NRK.

Det vart raskt konstatert at dei fem frå bustaden var ute, og i tryggleik. Det var to vaksne og tre barn som budde der.

Huset var overtent då brannmannskapa var framme på adressa.

– Grunna mykje vind på staden så var det stor fare for spreiing. Både politi, helse og brannvesenet starta med å evakuera folk i nabohusa, seier vaktleiaren.

Hus totalskadd Alver, fem personer kom seg ut. Frekhaug

Fleire nabohus vart også evakuert grunna kraftig vind og fare for spreiing.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Stor spreiingsfare

Ifølgje operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt vart til saman fire nabohus og 13 personar evakuert.

Dei fekk ikkje returnera til sine bustadar før klokka 03.24.

– Det gjekk om lag 40 minutt før me fekk kontroll på spreiingsfaren. Vinden gjer at det vert mykje gnistar, som igjen skapar gnistregn. Det er alvorleg når det er mykje vind, seier Lahooti.

Fem personar huslause etter brann på Frekhaug i natt. Kraftig vind skapte problem for brannmannskap.

Det var utfordrande forhold for brannmannskapa på staden. Kraftig vind skapte stor fare for spreiing.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Driv med ettersløkking

Brannen vart meldt av politiet 01.55. Klokka 03.23 var situasjonen under kontroll, men ettersløkking går framleis føre seg.

– Dei fleste av brannmannskapa er no returnert, men ein mannskapsbil og åtte personar frå brannvesenet er framleis på staden, seier Lahooti.

Bebuarane i den brannråka bustaden vart innlosjert på hotell.

Brannårsaka er ukjent, men saka vert etterforska vidare av politiet i Nordhordland.

Frekhaug ligg i Alver kommune i Vestland.

Publisert 22.01.2026, kl. 06.39 Oppdatert 22.01.2026, kl. 06.54

Read Entire Article