Straumprisane i Nord-Noreg har i det siste vore høge. For nokre veker sidan var den nesten oppe i fire kroner per kilowattime (kWh).
Det er den høgaste spotprisen i Nord-Noreg sidan desember 2022, ifølge Europower.
Og januar 2026 skreiv seg inn i historiebøkene som ein av dei dyraste månadene i nordleg kraftoverføring nokon gong. Med ein snittpris på rundt 83 øre/kWh (før mva og nettleige), er kontrasten til fjoråret brutal.
I første halvår av 2025 låg snittprisen i nord på beskjedne 7 øre/kWh. Dette tyder at ein vanleg hushaldning i Tromsø eller Bodø no opplever ein prisvekst som er over ti gonger så høg som i fjor.
Det har fått konsekvensar.
Dyr straum er ein av grunnane til at Elkem i Salten og Rana har måtta stenge omnane sine, og permittere tilsette.
På same tid som straumen er skyhøg, er tre av Statkrafts vasskraftverk i Nordland stengde for vedlikehald.
- Svartisen kraftverk
- Kobbelv kraftverk
- Rana kraftverk
– Vi må dessverre halde kraftverka ved like innimellom. Av og til så skjer det havari òg. Eg skulle gjerne unngått å ha Rana og Kobbelv ute, men vi er i den situasjonen vi er i.
Det seier direktør for region nord hos Statkraft, Maren Sisilie Joné.
– Nå køyrer vi så hardt vi kan på dei andre kraftverka og maskinene våre.
900 MW som ikkje blir tilboden marknaden
Joné seier det er fleire grunnar til at straumprisen har vore høg i det siste.
Det er kaldt, etterspørselen på straum er stor, og det blåser lite i Nord-Sverige, men stengde vasskraftverk speler også ei rolle, ifølge direktøren.
– Det er nok ein kombinasjon. Det er 900 MW som ikkje blir tilboden den nordnorske marknaden på vasskraft.
Direktør for region nord hos Statkraft
Ifølge Joné er det vanskeleg å seie om denne situasjonen kunne vore unngått.
– Vi skal sjølvsagt ta lærdom av det vi ser nå, og ta det med oss inn i vidare vedlikehald. Det er sånn at kraftverka nærmar seg ei levetid der dei treng større vedlikehald, og da må vi planlegge godt sånn at vi framleis kan tilby kraft til marknaden.
Ho skulle gjerne tilbode alt dei har av kraftproduksjon til marknaden, men seier dei er nøydde til å halde kraftverka ved like.
Må gjere vedlikehald om vinteren
Svartisen kraftverk i Meløy som produserer normalt 600 MW, har vore stengt sidan 1. desember for planlagt, lovpålagt vedlikehald av vassvegane som skjer i periodar over fleire år. Vedlikehaldet er planlagt ferdig i mai.
Ifølge Joné er dette vasskraftverket litt spesielt. For der må ein gjere vedlikehaldet på vinterstid.
– Svartisen kraftverk er planlagt ut på denne tida. Sånn som det tunnelsystemet er bygd opp, så er vi avhengige av at det ikkje kjem vatn inn når vi jobbar der inne. Derfor er det planlagt på denne tida der det er lite truleg at det kjem flytande nedbør inn i systemet.
Kraftverket i Svartisen må ha vedlikehald om vinteren, ifølge Statkraft.
Foto: Per-Magne SteenVed Kobbelv kraftverk er to maskiner ute av drift på grunn av eit havari på generatoren som oppstod i desember.
– Der er vi i gang med reparasjonar, men det vil nok vare ut juli.
I Rana kraftverk er ein av fire maskiner ute for rehabilitering av turbin.
– Det skulle i utgangspunktet vere ferdig i løpet av hausten og inn mot årsslutt. Men dessverre har både vi og leverandørar hatt utfordringar. Nå trur vi at den fjerde maskina kjem tilbake i starten av mars.
To maskiner er ute av drift ved Kobbelv kraftstasjon.
Joné understrekar kor viktig det er å ha ei stabil og fleksibel vasskraft, ikkje berre i det nordnorske, men også i det nordiske kraftsystemet.
– Om vi ikkje held dei ved like, så går det til havari. Da er dei ute lenger, og da har dei enda større innverknad på kraftleveransane.
Publisert 19.02.2026, kl. 10.28












English (US)