Fleire ringer banken: – Folk vil ta mindre risiko

1 month ago 37



Dei siste vekene har dei største bankane i landet merka auka pågang.

– Fleire tek kontakt. Særleg i samband med det som skjer på tollsatsar, men også svingande aksjar og anna usikkerheit internasjonalt, seier Aleksander Ramløff Dahl i Nordea.

Mange er meir usikre og lurer på om sparepengane er trygge.

– Folk søker informasjon om kva dei bør gjere med investeringane sine, seier Behnaz Ganji i DNB.

Halvparten av alle nordmenn har pengar i aksjefond. Det er særleg den gruppa som tek kontakt.

Behnaz Ganji
Spareekspert DNB

Behnaz Ganji jobbar som spareekspert i den største banken i landet, DNB.

Foto: Stig B. Fiksdal

– Ein del kontaktar oss fordi dei vil fordele pengane på andre måtar. Kanskje vil dei ha mindre eksponering mot USA og store teknologiselskap. Det er den mest konkrete endringa vi kan sjå, seier Ganji.

Til saman hadde norske privatpersonar 461 milliardar kroner plassert i aksjefond ved nyttår. Det viser tal frå Verdipapirfondenes foreining.

– Folk vil ta mindre risiko

Rundt 480.000 nordmenn brukar Nordnet. Dei har sett ein tydeleg trend dei siste vekene.

– Ein stor del av dei norske spararane flyttar pengar frå aksjefond til høgrentefond, seier Mads Johannesen.

Mads Johannesen i Nordnet

Mads Johannesen er investeringsøkonom i Nordnet. Det er ein marknadsplass som folk brukar i tillegg til bank.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Tradisjonelt har rentefond svinga mindre enn aksjefond.

– Trenden tyder på at folk vil ta mindre risiko, seier han

Vurder når du treng pengane

Kva du bør gjere med dine pengar kjem an på når du skal bruke dei.

Det er både bankfolk og Nordnet er einige i.

– Har du eit langsiktig perspektiv og sparar månadleg, så ville eg ikkje vore så veldig bekymra. Er du meir kortsiktig og treng pengane innan eitt til tre år, så trur eg det er mykje smartare å gå over i litt sikrare papir. For vi har litt urolege tider framfor oss, seier Johannessen i Nordnet.

– Det viktigaste er langsiktigheit. Har du lagt ein plan om å spare over tid, så er vårt råd å ha is i magen og halde seg til planen. Om det derimot har skjedd endringar som gjer at du kanskje treng pengane snart, så kan dette vere rett tidspunkt for å redusere risiko, seier Ganji i DNB.

– Det kjem an på tidshorisonten til kundane, samt evne-, vilje- og haldning til risiko. Historisk har det lønna seg å sitte med pengar i aksjefond, men det er alltid ei individuell vurdering. Nokre gjer endringar og går over i mindre risikable fond no, men det store fleirtalet vel å bli sittande stille i båten, seier Dahl i Nordea.

Publisert 05.03.2025, kl. 08.17

Read Entire Article