Ny trend:
Nordmenn tatoverer seg mindre. Det er det fleire grunnar til.

Publisert 20.06.2025 16:36 Sist oppdatert 21 minutter siden
Etter fleire tiår med auke i tatoveringar kan det no sjå ut som at nordmenn lar vere å tatovere seg.
Både globalt og i Noreg melder fleire laserklinikkar om at fleire enn før fjernar gamle tatoveringar, og på sosiale medium delar folk ufiltrert kva dei synst.
Tattoveringsartistar merkar endringane i bransjen, og meiner det er fleire grunner til nedgangen.
Men, kulheitsforskar Ingrid Tolstad peiker også på at det rett og slett kan ha slutta å vere trendy.
Har tatoveringar blitt ukult?
Tolstad er sosialantropolog, og har forska på «kulheit». Ho foreslår at det kan vere fleire grunner til at folk droppar blekket.

– Min fyrste tanke er at det går ein konservativ bølge i den vestlege verda. Man blir meir opptatt av tradisjonelle verdiar, i staden for opprør.
Ho peiker og på at det er eit større fokus på helse og sjølvoptimalisering i media. På sosiale medium blir perfeksjonisme og reinleik dyrka, noko som folk kanskje ikkje assosierer med tatoveringar.
Ifølgje ein studie frå 2017 har om lag éin million nordmenn ein eller fleire tatoveringar. Det er, med anna ord, ikkje noko unikt lenger.

– Kulheit handlar om stå skilje seg ut, og gå føre. Når tatoveringar er «mainstream» vil dei som er utatoverte stå ut av mengda.
Til slutt peikar ho at det kan vere generasjonsbetinga.
– Dei som har tatoveringar har blitt eldre, og om foreldra dine har vore motstraums så vil ein opprørsk motreaksjon vere å gå motsett veg, seier ho.
– Luksusvare
Aleksander Stubberud Aas er dagleg leiar hos Attitude Tattoo, Noregs største tatoveringsstudio. Han bekreftar at færre tatoverer seg for tida, og trur det har ein samanheng med økonomi.
– Når rentehevinga kom for fyste gong opplevde vi at fleire utsette og avbestilte timane sine.

Han fortel at tatoveringar er ein luksusvare, som ikkje alle kan ta seg råd til lenger. Men han har merka ei gruppe som framleis kjem innom.
– Vi tatoverer mykje «basic tatoveringar» for tida. Dei som har pengar no er gjerne 18-åringar som bur heime, og ikkje har så store utgifter.
Aas fortel at han har sett fleire studio stenge ned, men at hans studio ikkje har blitt særleg påverka av nedgangen.
Priskrig
Tina Grønkvist, leiar i Norsk Tattoo Union, har lagt merke til det same. Det er stor konkurranse for tida.
– Det er ein priskrig mellom tatovørar. Nokre slit med å få kundar, kuttar prisane drastisk, og då må resten følgje med, seiar ho.

Ho trur fleire vil tatovere seg igjen når dyrtida er over.
– Folk går frå studio til studio for å spørje om pris. Det er avgjerande for folk.
Grønkvist fortel og at fleire legg ned studioa sine for å nedgradere storleiken, eller for å starte opp heime. Men ho understrekar at ho ikkje veit om det er på grunn av økonomi, eller noko anna.
Folk tatoverer seg heime
Både Aas og Grønkvist fortel også at fleire slutta å tatovere seg etter covid. Aas mistenker at mange byrja å tatovere seg sjølv heime då.
– Vi har ikkje tal på det, men vi mistenker at litt av minskinga skuldast at fleire kjøpte eigen tatoveringsmaskin rundt pandemien, seiar Aas.
Det har vore fleire endringar i tatoveringsmarknaden den siste tida.
Før var marknaden dominert av meir «old school»-artistar i tatoveringsbuler. Men no er det artistane som er flinke med sosiale medium som dominerer. Og dei er gjerne yngre, og sjølvlærde.
– Tatovør er ikkje ein beskytta yrkestittel. Før måtte du vere læring på golvet i fleire år før du fikk røre ein maskin, mens no er marknaden overfloda av tilbydarar, avslutt han.